Det er aldri for seint

VITAL: Å vere 61 år er inga hindring når du vil ta livet ditt attende. FOTO: MAGNUS R. FURSET

VITAL: Å vere 61 år er inga hindring når du vil ta livet ditt attende. FOTO: MAGNUS R. FURSET

TEATER

«Lilly Valentin»

Teatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Av: Willy Russell
Omsett av: Morten Krogstad
Dialektbearbeiding: Astrid Overaa
Regi og visuelt uttrykk: Philipp Stengele
Lys: Jonas P A Fuglseth
Med: Astrid Overaa

Ei varm og inderleg forteljing som syner at det aldri, aldri er for seint å ta livet attende.

Willy Russells monolog frå 1986 om den middelaldrande arbeidarklassehusmora Shirley Valentine frå Liverpool som stikk av frå mann og heim til ein fjorten dagars tur til Hellas der ho finn att seg sjølv og sitt eige liv og deretter bestemmer seg for å bli, er for lengst blitt allemannseige. Filmatiseringa frå 1989 med Pauline Collins i hovudrolla vann ei rekkje priser og blei ein megasuksess, og her heime vil dei fleste hugse Anne Marit Jacobsens versjon på Nationaltheatret frå same år, ei oppsetjing som blei så populær at ho måtte flyttast frå amfiscena til teaterets hovudscene. Mindre kjend er det at Astrid Overaa framførte monologen på Teatret Vårt i Møre og Romsdal for femten år sia i regi av Erik Ulfsby. Også det ein produksjon som gjekk for fulle hus og vel så det.

Mye vatn er runne i havet sia den gongen, og det er eit ope spørsmål om historia har same sprengkraft i dag, tretti år etter at ho blei skriven. Lilly Pedersen med jentenamnet Valentin er ei husmor som må snakke til veggen for å få til ein fornuftig samtale i eit ekteskap som for lengst har gått i stå. Stikk i strid med all pliktkjensle, vågar ho likevel å takke ja til venninnas invitasjon om å bli med til Hellas. Og med opne auge let ho seg der forføre av ein grekar, før ho til slutt nektar å reise heimatt. For tretti år sidan var dette relativt grensesprengjande og ganske uhøyrd. Men kvinner på 40 – 50 er ikkje lenger middelaldrande, og sjølv om mange framleis lever i innestengde ekteskap, er det ikkje noko spesielt sensasjonelt med ei dame som bryt ut og finn att livet sitt.

Då Teatret Vårt sette opp Lilly Valentin i 2003 var Astrid Overaa femten år yngre og om lag like gamal som Lilly i originalmanuset. Det nye når teateret nå set opp att monologen, er at Overaa spelar ei 61 år gamal dame der alderen er langt meir openberr og det kroppslege forfallet har kome lenger. Det er ein adapsjon som gjer at historia med eitt blir mye heftigare, og ikkje minst utfordrande for fordommane våre.

I eit heilt nake scenerom med berre ei handlevogn, og etter kvart ein koffert som rekvisitt framfører Overaa monologen. Regien er denne gongen ved Philipp Stengele. For to år sia fekk han to Heddanominasjonar for oppsetjinga av William Shakespeares «Othello» for ungdom, også det for Teatret Vårt. Tekstbearbeidinga som han gjorde der, var framifrå, og dette har han tatt med seg og vidareført i «Lilly Valentin». Saman med Astrid Overaa har han laga ei oppsetjing der det er autentisiteten og dei mange gjenkjenningsmomenta i teksten og små detaljar i framføringa hennar som skapar det heile. Morten Krogstads omsetjing er bearbeidd vidare til eit levande og munnleg sunnmørsk. I tillegg er handlinga lagt til Ålesund i dag, og det er gjort mye godt arbeid med den lokale tilpassinga av innhaldet. Willy Russells originaltekst er svært god, reflekterande og full av kvardagsfilosofi til å kjenne seg att i. Og den bearbeidinga og tilpassinga som Stengele og Overaa har gjort, yter teksten stor rettferd samstundes som dei vidareutviklar han og gir han langt meir autentisitet. Overaa er inderleg, varm, klok, reflekterande og overtydande på scena, ho er trygg i spelet, eig publikum og i den særs teksttunge rolla er det lett å bære over med at det blei litt suffli på premieren.

Både med tanke på #metoo i haust, og på at denne vel tretti år gamle historia ikkje lenger er like oppsiktsvekkjande, må eg vedgå at eg var litt skeptisk før premieren laurdag. Men Stengele og Overaa feide all tvil til sides, og eg laut meg både sjarmere og forføre. Eitt er at det er ein framifrå tekst og ei god historie, men den nytolkinga Stengele og Overaa har gjort, bringa med seg mange nye og spennande dimensjonar, som til dømes oppgjeret med  tabuførestillingane vi har knytt til alderdom og kroppsleg forfall. Alder er først og fremst eit tal, og det er aldri for seint å leve.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 29. januar 2018.)

Leave a Reply