Teatervitskap på NTNU

I slutten av november fekk vi vite at det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Bergen hadde bestemt seg for å kutte ei av tre stillingar på teatervitskap, og det ville føre til at det ikkje lenger var mogeleg å ta ein master i teatervitskap i Bergen. Spesielt ille var dette ettersom faget tidlegare hadde blitt lagt ned på Universitetet i Oslo, og at det no berre var Bergen som underviste i teatervitskap. Med andre ord ville kongeriket bli fritt for utdanning av teatervitarar på høgt nivå. Og det i Henrik Ibsens og Jon Fosses heimland! Fekk vi vite. Det var sjølvsagt mange som heiv seg rundt og mana fakultetsstyret i Bergen om å gjere om vedtaket, og etter ein intens kampanje i starten av denne månaden, blei masterutdanninga i Bergen redda. Og det var flott.

Men vi var mange som stussa litt då denne saka dukka opp. For driv ikkje Institutt for Kunst- og medievitenskap, Drama og teater på NTNU Dragvoll med utdanning av teatervitarar? Det er berre eitt år sia eg sjølv gjesta dei og held ei førelesing, rett nok for bachelorstudentar, men eg meinte då å kjenne mange som hadde ein mastergrad i teatervitskap frå NTNU. Vi var som sagt mange som stussa, men dei fleste av oss valde å sitje stille i båten medan kampen i Bergen gjekk som hardast. Men nå når faget er berga, må det vere lov å påpeike at universitetsmiljøa i både Oslo og Bergen har tedd seg ganske provinsielt i denne saka. Det blir utdanna teatervitarar også på NTNU i Trondheim. Så er det sagt.

Og for å få syn for segn, og for å sjå kva for nivå utdanninga i Trondheim held, har eg like godt gjesta to eksamensframsyningar på NTNU denne veka. Tre masterstudentar og to framsyningar, og alle tre fekk framifrå karakterar. Eg er ingen teatervitar sjølv, og skal ikkje seie noko om det teatervitskaplege arbeidet som ligg bak desse to framsyningane, men som teatermeldar er det ei sann glede å fortelje lesarane at dette var to framsyningar som båe fortener å få eit liv etter dette, til dømes med Den kulturelle skolesekken. Framsyningane var tematisk særs like ettersom båe handla om sosiale media, og ein litt for påkopla kvardag, men i uttrykk heilt ulike. Her kjem mi vurdering:

Leiken og observant

OPPVAKNING?: Vi følgjer tre ungdomar frå dei vaknar til dei legg seg, men dei har førebels ikkje vakna opp frå mobiltyranniet. FOTO: HERMAN PEDERSEN LERSVEEN

OPPVAKNING?: Vi følgjer tre ungdomar frå dei vaknar til dei legg seg, men dei har førebels ikkje vakna opp frå mobiltyranniet. FOTO: HERMAN PEDERSEN LERSVEEN

TEATER
«Er det virkelig, virkelig?»
Aulaen på Rosenborg Skole
Av: Trine Elise Gjermstad og Christina Rørvik Søhol
Regi: Christina Rørvik Søhol
Lyd: Eirik Fagerslett
Lys: Daniel Takle Piel
Med: Trine Elise Gjermstad, Thea Louise Mohagen og Eirik Fagerslett

Ei vakker, velspela og humoristisk framsyning om kva for røyndom som er den verkelege.

Gjennom grundig research og fleire workshops med ungdom i målgruppa har masterstudentane Trine Elise Gjermstad og Christina Rørvik Søhol tatt for seg dei to universa som ungdomen lever i, den verkelege og den meir virtuelle. Målgruppa er 13 til 16-åringar, og vi følgjer tre av dei frå dei vaknar om morgonen og gjennom eit døgn fram til dei legg seg att. Det første og siste dei gjer er sjølvsagt å sjekke stoda og alle elektroniske statusar der mobilen er det nye kosedyret. Ulike fasettar av sosiale media, blanda med vanleg tenåringsinteraksjon er observant og humoristisk skildra i ei rekkje tablå som glir saumlaust over i kvarandre, visualisert også gjennom godt koreograferte danseopptrinn. Det er ungdomens brutale kvardag med ønsket om å bli sett, om å henge med dei rette folka, dei første kleine kjærleiksforsøka, merkevarepress, kroppsfiksering, mobbing, utfrysing, vennskap og alt dei som har vore ung ein gong, har vore gjennom. Det nye er at denne røyndomen stadig blir avbroten av den virtuelle verda der bildedeling, chatting og sms’ing gjer det heile meir brutalt. Og det er det underliggjande ønsket om å vere fråkopla, eit ønske som syner seg like vanskeleg å realisere som å bli nykter for ein junkie.

Alt dette er glitrande og leikent skildra, men framsyninga blir kanskje i litt for stor grad berre ein underhaldande spegling av kvardagen. Ho hadde vunne på å freiste å indikere vegar ut av nett- og mobiltyranniet, eller provosere til debatt. Men som ein godt observert situasjonsrapport frå fjortisverda, var dette heilt eminent.

Ambisiøst og insisterande

edf

TEATER
«Mandag, tirsdag, onsdag, dommedag»
Black Box, NTNU Dragvoll
Av: Remi André Slotterøy
Regi og lyddesign: Remi André Slotterøy
Med: Johannes Engen Granås, Michael Ingeberg og Trond J. Stavås

Ei særs ambisiøs framsyning med utgangspunkt i lydeksperimentering og fysisk spel.

 

Masterstudenten  Remi André Slotterøy har med bakgrunn i musikk, lydeksperimentering og særs fysisk teater ønska å utforske og seie noko om kor avhengige vi er av sosiale media, og kva det gjer med oss. Her er målgruppa unge vaksne ettersom framsyninga er laga på grunnlag av intervju med folk i alderen 20 til 30 år, ein alder studentane skulle kjenne godt.

Det er blitt ei særs ambisiøs framsyning der fallhøgda sjølvsagt er tilsvarande. Spesielt er eksperimenteringa med lyd og musikk eit viktig, men også vanskeleg element, og for meg ikkje alltid like vellukka når nokre av innslaga blir meir kontrasterande brot enn integrert del av heilskapen.

I ein scenografisk heilt strippa black box opptrer dei tre aktørane nesten som regissørens marionettar der dei i robotaktige og ganske stiliserte og repeterande rørsler formidlar og visualiserer den påkopla og fragmenterte kvardagen vår der vi på mange vis er blitt nettopp marionettar. Gjennom mange ulike tablå tek dei opp kva dette gjer med oss som menneske, og det er, som dommedagstittelen også tyder på, ein ganske dystopisk røyndom dei viser oss. Jamvel om formidlinga er insisterande og relativt påståeleg, er det heile likevel temmeleg føreseieleg. Framsyninga speglar kvardagen, men freistar i liten grad å seie noko utover det. Men nokre gongar peikar ho utover seg sjølv, og dette er scener Slotterøy gjerne kunne ha utvikla vidare. Ei nydeleg formidling av ønsket om og samstundes frykta for kontakt vist gjennom to som gjennom tautrekkjing nærmar seg kvarandre i eit intenst og nesten erotisk spel, var for meg framsyningas høgdepunkt. I tillegg til ei scene der den eine aktøren stoppar opp, tar seg enormt god tid, og tek opp att «nærmare, – og nærmare, – og nærmare» i eit stadig meir langsamt tempo der han med stor grad av intensitet held oss på pinebenken til han med eitt berre går ut av det heile og let det henge i lufta som ein cliffhanger. I ei elles ganske føreseieleg framsyning, sette det tankane i gong, og det gjorde godt.

Leave a Reply