Hundre år med dugnad

TULL OG TØYS: Når moskusane ytrar seg, bør ein låne dei øyre. FOTO: FOTO.SAMFUNDET.NO

TULL OG TØYS: Når moskusane ytrar seg, bør ein låne dei øyre. FOTO.SAMFUNDET.NO

REVY

«Ta-de-du!»
UKA-17, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet
Regi: Ingunn Granli
Kapellmeister: Martin Widding
Koreografi: Oda Frigg Endregaard, Marianne Bøvor, Margareth Fidje Malterud
Scenografi og kostyme: Kulissegjengen og Kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Ein hundreårig tradisjon blir feira med ein uvanleg heilskapleg revy.

I hundre år har Trondheimsstudentane latt gjøglargleda finansiere drifta av Studentersamfundet. Frå den første UKA i 1917 har det vore spela revy annakvar haust berre avbrote av krigsåra, og med eit nivå som har vore både nyskapande og trendsetjande. Årets revy feirar seg sjølv med humor og brodd i beste UKE-tradisjon.

Ein god UKE-revy skal ha ei blanding av alvor og skjemt, helst ei drikkevise og ei Trondheimsvise, skråblikk på både studentlivet, byen og verda rundt, gjerne ein raud tråd, og samstundes må Studentersamfundets mange tekniske gjengar få vise kor flinke dei er. Av dei drygt tjue revyane eg har meld, er det knapt nokon som i større grad har fått med seg alle desse ingrediensane utan å bli vareoppteljing i ubalanse.

Revyen er i år ein hyllest til UKA. Nøkkelordet er «dugnad», og at meir enn 1700 studentar jobbar friviljug i vekevis for å dra prosjektet i hamn. Men ein dugnad krev at alle yter og ikkje veltar oppgåver over på andre. I dette ligg UKE-namnet «Ta-De-Du!». Det kan tolkast ulikt, men du skal ha ein dårleg politisk nase om du ikkje ser at her er det også spark til norsk deltaking i verdsdugnaden, særleg med tanke på flyktningkrisa.

Omdreiingspunktet er Studentersamfundet, og det speglar seg i scenografien som er like komplisert som han er god. Det raude, runde huset er utgangspunkt for eit utal halsbrekkande scenografiske løysingar, uvanleg effektiv bruk av dreiescena og mange sceneskift som kunne ha blitt lovleg lange, men der det solide bandet gir oss musikalsk trøkk så det held.

Eg kan knapt hugse ein revy med fleire gode idear. Forfattarkollegiet har nok ikkje greidd å forløyse dei alle, men mange nok. Fylkessamanslåinga i Trøndelag er blitt ein ellevill, absurd og velkoreografert Bollywoodopera om familiane Noor og Sihr. Elles er det innslag frå det skikkeleg burleske med ei nydeleg scenografisk finale, via gode poeng om kroppsfiksing og -fiksering, vakre songar om Trondheim og Samfundet, ein overraskande hyllest til ein hundreårsjubilant på tre bokstavar, og fram til ein liten politisk-satirisk genistrek om endeleg fred i Midt-Austen, toppa av ein Stoltenbergparodi av dei heilt store. Men høgdepunktet viser at aller størst humor oftast berre er godt framførd tull og tøys. To moskusar filosoferer over verdssituasjonen. Tilsynelatande innhaldslaust, men så dyktig gjort. At dei undra seg over berekraftige vitskaplege miljø, og oppdaga at rektor på NTNU sat på første rad, ga premieren ein ekstra interaktiv dimensjon og synte at skodespelarane også meistrar improvisasjonens vanskelege kunst.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 10. oktober 2017)

Leave a Reply