Ei kjærleikserklæring

SØT MUSIKK: Korpslivet kan også by på romantikk. FOTO: GISLE BJØRNEBY

SØT MUSIKK: Korpslivet kan også by på romantikk. FOTO: GISLE BJØRNEBY

TEATER

«Korps»
Teater Innlandet, Hamar kulturhus
Av: Knut Nærum
Regi: Janne Langaas
Scenografi og kostyme: Kristin Bengtson
Komponist av Teater Innlandets marsj: Øivind Roos
Med: Ida Holten Worsøe, Tom Styve, Tangen Skolekorps og Stange Skoles Musikkorps

Ei humoristisk og sjarmerande kjærleikserklæring til ei av landets største masserørsler.

Korpsrørsla er ei av dei største masserørslene i dette landet, og tallause er dei som har fått si musikalske grunnutdanning i eit skolekorps. Julegrantenning og høgtider som 17. og 1. mai  hadde ikkje vore det same utan korpsmusikken jamvel om ikkje alt er like reint og vakkert.

Teatersjef Janne Langaas ved Teater Innlandet har sjølv ti års fartstid i eit skolekorps, og veit kva denne rørsla har hatt å seie for kulturlivet i landet. Dette ville ho løfte fram, og bad Knut Nærum skrive eit teaterstykke om fenomenet. Han sa ja sjølv om dette var ein kvit flekk på hans eige kart. «Korps» er i stor grad blitt ei kjærleikserklæring til noko Nærum ikkje visste at han var glad i. Fredag var det urpremiere i Hamar med to skodespelarar og to skolekorps. Gjennom turné med 26 framsyningar vil det bli nytta 46 ulike korps og heile 1000 musikantar. Øivind Roos har skrive ein opningsmarsj, men elles stiller korpsa med sju nummer frå eigne repertoar. Slik greier teateret å inkludere og å løfte fram det lokale musikklivet på ein framifrå og samstundes utfordrande måte.

Knut Nærum let oss følgje dei to femtenåringane Silje (Ida Holten Worsøe) og Emil (Tom Styve) i retrospekt gjennom eit år med opp- og nedturar både musikalsk og personleg. I botnen ligg ei historie om fjortiskjærleik som er heilt avhengig av korpset dei båe er med i. Knut Nærum har gjort grundig research, og har fått med seg det meste i dette humoristiske tilbakeblikket. Det opnar med foreldra til Silje som når ho er åtte år, fortel at ho skal få moped når ho blir seksten om ho lovar å ikkje bli med i korps! For her er mye foreldreinnsats, dugnad, og loppemarknad. Det er øving som kan gå ein nabo på nervane, ambisiøse dirigentar utan bakkekontakt, store korpsstemne og konkurransar, forelskingar og mye meir. Det er eit slit og ei glede, og det er lett å falle frå.

Alt dette har Nærum fanga opp, og her ligg også framsyningas største problem. Ho skal innom alt, og dei to på scena spelar heile sju roller i tillegg til Silje og Emil. Dei hoppar ut og inn av rollene i eit enormt tempo, det blir ikkje tid til å utvikle karaktertrekk, og dei må i staden ty til overspel. Silje og Emil er varmt og innsiktsfullt portrettert, men det er blitt for mange av dei andre. Ei innstramming og litt færre tablå kunne ha gjort seg.

Men «Korps» er først og fremst ei lett attkjenneleg, humoristisk og varm hyllest til kvardagskulturen og ei av landets største masserørsler. Og stykket er blitt litt slik vi opplever eit vanleg skolekorps – noko ureint, men du verda kor varmande og sjarmerande.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 23. oktober 2017.)

Leave a Reply