Øydeleggjande overspel

GRAVFERD: Ein litt aparte familie tar avskil med pater familias. FOTO: AMUND GRIMSTAD

GRAVFERD: Ein litt aparte familie tar avskil med pater familias. FOTO: AMUND GRIMSTAD

TEATER

«Alt var dritt, så ble det verre»
Tambateatret, UKA-17, Studentersamfundet i Trondhjem
Av: Forfattarkollegiet
Instruktør: Birgitte Røhnebæk
Scenografi: Sander Eide
Kostyme: Beate Strøm
Komponist: Lars Ole Okstad
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Glitrande robotspel er diverre langt frå nok til å berge denne framsyninga.

Sia «Laugalaga» i 1977 har det vore spela barneteater under UKA, og sjølv om kvaliteten har vore vekslande, har SIT også gitt oss mange overraskande gode produksjonar. Nokre av dei faktisk temmeleg nyskapande. Og for ungane, som ikkje akkurat vassar i gode teatertilbod, har dette vore eit kjærkome kulturtilskot. Under «Glasur» i 2003 var SIT eller UKE-styret eller kven veit eg, frekke nok til å fjerne barneteateret og i staden innføre bussteater. Det var i seg sjølv eit spennande prosjekt, men kvifor la det gå i staden for teater for dei yngste? Det blei da også protestar og folkekrav, og hadde Facebook eksistert den gongen, hadde UKA fått så hatten (eller duskelua) passa. I 2005 våga ein ikkje anna enn å lage barneteater att, og slik har det vore sia. Fram til nokre historielause i år har funne på den søkte ideen at ein skal heidre førtiårsjubileet for barneteateret ved å kutte det ut, og å produsere barneteater for vaksne i staden. (!) Smak på resonnementet. Her er det språksminke og Orwellsk «newspeak» så det held. Eg er ikkje i mot andre konsept, – bussteateret var absolutt spennande, og tambateateret var i utgangspunktet ingen dårleg idé. Men skal du erstatte noko som fungerer godt, må du kome opp med ei forbetring. Det har ikkje skjedd denne gongen.

Etter denne særs omstendelege innleiinga, som i utgangspunktet er eit forsvar av barneteateret, og ikkje eit åtak på andre teaterformer, skal eg seie litt om «Tambateateret», som dei altså kallar nykomlingen. I følgje dei sjølve skal «tamba» tyde leik, uvisst på kva for språk, og framsyninga startar faktisk ganske leikent og spennande. Vi er i bodegaen i botn av Samfundet, og blir vitne til ei gravferd om hundre år. Den 120 år gamle realitystjerna William har omsider døydd, og enka på hundre med si litle familie følgjer han til grava. Ettersom vi er i framtida, er seremonimeisteren ein robot ved namn Roberta, glitrande framført av Marte Guldvog.

Vi er altså i 2117. Den vesle familien Kaspersen består av bestemor Maja på 100, dottera Eli på 60 pluss, mannen hennar Bjørn, og sonen Bjørn jr. samt Veronica, den nye kona til Bjørn. I 2117 er det nemleg tillate med bigami, så Bjørn har to koner. (?) Og så er det Roberta, huslydens sekstiårige robot som kan hende har fått bytta prosessor nokre gongar for det er ikkje så mye å seie på kompilleringa hennar berre ho får seg ein kakk i ny og ne. Familien kunne også ha trengt ein kakk, for han er openbert ganske dysfunksjonell. Det vil seie; bestemora, mora og sonen er eigentleg temmeleg normale, og blir også nøkternt og relativt godt portretterte av dei tre aktørane Mora har rett nok fått det for seg at sonen er homofil utan at han er det. Det gjer ho for det første fordi ho ønsker ein homofil son (slik er det i framtida, må vite), og dinest fordi han blei genmodifisert før fødselen. Slik vil forfattarane ha oss til å forstå at det på eine sida kan vere ein del som er annleis om hundre år, men også at det framleis vil vere fordommar, om enn kanskje med motsett forteikn. Det er dei to inngifta som først og fremst gjer familien dysfunksjonell, men dei er på si side også ekstremt outrerte, teatralske og særs lite truverdige. Dei fleste konfliktane, som alle går på kryss og tvers, dreier seg på eitt eller anna vis alltid om desse to, og det er for så vidt greitt og lett å forstå. Men av frykt for at vi ikkje skal skjøne det, blir det frå forfattarar og regissør gnidd inn i enormt store bokstavar, med stadig gjentaking og kraftig overspel. Når oppsetjinga i tillegg har mange songnummer med relativt god nykomponert musikk, men aktørane er ganske ujamne songarar, for å seie det mildt, gjer det ikkje totalinntrykket av produksjonen så mye betre. Tvert om.

Under framsyninga blir vi vitne til eit arveoppgjer der den avlidne på mange vis har regissert si eiga gravferd, og gjort det med video og skjult kamera i ei fin scenografisk løysing. Oppgjeret er kanskje ikkje så utypisk, og kunne ha vore både artig og interessant, men også det er så teatralsk og karikert at det blir nesten pinleg. Finalen var derimot ganske fiffig, og syner at sjølv i døden kan folk ta med seg spesialitetane sine.

Kva det er med denne framsyninga som skulle gjere henne til barneteater for vaksne, er for meg ein gåte, og med unnatak av opninga og finalen, var ho heller ikkje spesielt leiken. Ei av scenekunstens viktigaste deviser er «show ‘em, don’t tell ‘em». Det såg vi minimalt av i denne produksjonen der det var lite om inkje att til fantasien. Eit meir enn heiderleg unnatak var roboten Roberta der Marte Guldvog briljerte med finstemt mimikk, god innstudering, og overtydande spel, men hennar prestasjon var diverre langt frå nok til å berge denne framsyninga.

Leave a Reply