Om å bry seg.

ETIKK: Gjennom ein intelligent monolog, tidvis heilt asynkron dans, og med hjelp av ein ghetto blaster presenterer Nicola Gunn oss for store etiske val. FOTO: GREGORY LORENZUTTI

ETIKK: Gjennom ein intelligent monolog, tidvis heilt asynkron dans, og med hjelp av ein ghetto blaster presenterer Nicola Gunn oss for store etiske val. FOTO: GREGORY LORENZUTTI

TEATER/DANS

«Piece for Person and Ghetto Blaster»
Teaterhuset Avant Garden, Olavshallen, lille sal
Av og med: Nicola Gunn
Koreografi: Jo Lloyd
Musikk og lyddesign: Kelly Ryall
AV-design: Martyn Coutts
Lysdesign: Niklas Pajanti

Intelligent, ekspressivt og overraskande om i kor stor grad ein skal bry seg.

Ei kvinne frå eit anna land er ute og joggar i byen Gent i Belgia. Så får ho auge på ein familiefar som morar seg med å kaste stein ut i ein kanal medan dei to mindreårige barna hans ser på. Etter nærare ettersyn ser ho at han kastar på ei and som ligg og rugar. Ho tek til motmæle, og mannen skjeller henne ut, det heile blir ampert og aggressivt før ho dreg heim og skriv om det på Facebook. Dette, som er sjølvopplevd, er utgangspunktet for den australske dansaren og teaterkunstnaren Nicola Gunn si framsyning «Piece for Person and Ghetto Blaster».
Produksjonen hennar har hausta fagnad over heile verda, og i helga var det norgespremiere i samband med Bastardfestivalen i Trondheim.

Sjølv kom eg til framsyninga rett frå premiere på «Vildanden» av Henrik Ibsen på Trøndelag Teater, og det var vanskeleg å ikkje sjå likskapen mellom dei to produksjonane. Eitt er at det dreier seg om ei and, men det viktige spørsmålet er i kor stor grad det er rett å intervenere i andre folks liv. Skal du bry deg? Det siste kan bli eksistensielt, og i Nicola Gunns framsyning, er det akkurat det det blir.

Åleine på scena med berre ein ghetto blaster som rekvisitt fortel ho historia på eit omstendeleg vis fylt av digresjonar og ulike assosiasjonar slik mange forteljingar har ein tendens til å bli. Samstundes kommenterer og utfyller ho historia med dans og koreografert rørsle som både kan vere illustrerande, men like ofte heilt kontrært til det ho fortel. Historia hennar er omstendeleg, intelligent og humoristisk, og dansen likeins, sjølv om han langt frå er synkron med det ho fortel. Ei historie om å stå opp for det som er moralsk rett, blir etter mye om og men, populærkulturelle digresjonar, lange utgreiingar, og mye humor, dissekert og på eit uventa vis plukka frå kvarandre. På vegen dit utfordrar ho publikum, kjem stadig med overraskande vendingar og reflekterer over kvardagsfilosofi og større eksistensielle problem. Gjennom ein dryg time med ein intelligent monolog og ein stort sett asynkron, men likevel intens og levande dans, held ho oss trollbundne før finalen som både er ei visuell oppleving og ganske uventa.

Framsyninga skal visast på Black Box i Oslo 4. og 5. oktober, og på Teatergarasjen BIT i Bergen 7. og 8. oktober. Denne produksjonen er ei gåve til publikum.

Leave a Reply