På havets botn

BERGA: Havfrua reddar prinsen frå å drukne. FOTO: ARILD MOEN

BERGA: Havfrua reddar prinsen frå å drukne. FOTO: ARILD MOEN

TEATER

«Den lille havfruen»
Barneteatret Vårt, Arbeideren, Ålesund
Etter eit eventyr av H.C. Andersen
Dramatisert av: Mike Kenny
Omsett av: Morten W. Krogstad
Regi: Linn Meyer Kongshavn
Scenografi og kostyme: Marianne Stranger
Komponist: Thomas Kongshavn
Lysdesign: Jonas PA Fuglseth
Med: Sofia Knudsen Estifanos og Dagfinn Tutturen

Vakkert, varmt og visuelt om kjærleik og dårskap.

Barneteatret Vårt i Ålesund går stadig nye vegar for å lage nyskapande teater for barn og ungdom. H.C. Andersens «Den lille havfruen» er rett nok eit kjent eventyr, og slik sett eit trygt val. Men presentasjonen i ei slags metaform er dristig ettersom målgruppa er frå fire år og oppover, og ein veit at evna til abstrakt tenking ikkje er så utvikla for dei minste. Men det fungerte til fulle.

To venner, Rukkel (Sofia Knudsen Estifanos) og Ballast (Dagfinn Tutturen), skal lage teater og startar med å fortelje oss kven dei er og kva dei skal gjere. Det er Rukkel som er sjefen, medan Ballast i starten er sjarmerande overivrig etter å spele teater og tidvis overtek heile scena. Slik set dei ein humoristisk forteljarstandard. I store trekk følgjer oppsetjinga eventyret der havfrua reddar ein prins frå å drukne, forelskar seg i han, men må gi opp den vakre røysta si for å få føter og bli som menneska. Prinsen hugsar berre stemma hennar, men ikkje resten og finn ei anna kvinne å gifte seg med. Og så blir den ulukkelege havfrua til havskum. Ei trist historie om draumar og dårskap, men også ei vakker kjærleikshistorie, og det er dette Barneteatret Vårt har lagt mest vekt på.

Framføringa er i tre lag. Delvis er det eit episk forteljarteater der dei to fortel kva som skjer. Deretter går dei inn i rollene og spelar ut ulike tablå, for så stadig å bryte av det heile der dei igjen blir Rukkel og Ballast som kranglar om form og framføring. Vekslinga er saumlaus og synkron. Det verkar heller ikkje som ungane i salen hadde noko problem med å følgje dei mange skifta. Det skuldast i stor grad Estifanos og Tutturen som er særs inderlege og ekte i alle dei rollene dei spelar, og som er flinke til å lytte og vende seg til det unge publikummet. I ei så saktegåande og lyrisk framsyning, er det vanskeleg å fange merksemda til salen heile tida, men i hovudsak gjekk det veldig bra.

Scena er omskapt til ein opplevingsrik tareskog på havets botn, men det spesielle er at scenografien, og alle rekvisittar og kostyme er lagde av plast. Med tanke på kvalen som dreiv i land på Sotra tidlegare i år, blir dette ein ekstra dimensjon om nettopp menneskeleg dårskap.
Og det særleg fordi plasten er så nærverande utan å bli nemnt med eitt ord i framsyninga. Ingen moralsk peikefinger, du får tenke sjølv.

Med dei velfungerande lydkulissene til Thomas Kongshavn, den effektfulle lysdesignen til Jonas PA Fuglseth og det sjarmerande spelet til Estifanos og Tutturen er «Den lille havfruen» blitt ei poetisk, varm og vakker framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 18. september 2017.)

Leave a Reply