Fiskepudding i sjokoladesaus

TEATERKONSERT

BURSDAG: Med desse tre musikalske skøyarane blir det eit selskap det verkeleg svingar av på Gamle scene. FOTO: ERIK BØRSETH, SYNLIG DESIGN

BURSDAG: Med desse tre musikalske skøyarane blir det eit selskap det verkeleg svingar av på Gamle scene. FOTO: ERIK BØRSETH, SYNLIG DESIGN

Rasmus og verdens beste bursdag
Trøndelag Teater, Gamle scene
Opplegg og regi: Ane Aass og Rasmus Rohde
Scenografi: Monica Nestvold
Med: Rasmus Rohde, Erlend Smalås, Kriss Stemland og Sissel Vera Pettersen saman med elevar frå Trondheim kommunale kulturskole.

Ein teaterkonsert til å bli i verkeleg godt humør av, og aldri har eg opplevd at det har svinga meir på Gamle scene.

Eg har vore i barneselskap og feira tiårsdag. Det skjedde på Gamle scene på Trøndelag Teater, og jubilanten var «Rasmus og Verdens Beste Band» som nå inviterte til «verdens beste bursdag», med teaterkonsert, plateslepp og salen stappfull av forventingsfulle og oppspilte ungar. Medan vaksne i finare åremålslag får kanapear og fancy forrettar, fekk vi, medan vi venta på å kome inn i salen, servert ein ganske uvanleg appetittvekkjar; – fiskepudding i sjokoladesaus. Det smakte litt annleis, og var kanskje typisk for Rasmus og det han står for, for her hadde han sett saman to heilt vanlege ting som vi ikkje er like fortrulege med å få på same asjett.

Rasmus Rohde, og verdas beste band, saman med Aass & Rohde Produksjoner har gjennom ti år, fire plater, to spelemannsprisar og mye meir gjort det til sitt varemerke å ta opp kvardagen til ungane, men ikkje alltid det vi snakkar mest om, lage ein varm og kanskje humoristisk vri, og gjere at også det vanskelege kan bli overkommeleg eller ufarleg. På slutten av fjoråret sette Rohde & Aass Produksjoner opp «Snøhula», ei juleframsyning som tok opp korleis det er å feire første jula som skilsmissebarn med berre ein av foreldra, ein produksjon som blir sett opp att under Heddadagane i Oslo i juni, og som her har mi varmaste tilråding.

Men fram til 9. juni inviterer Rasmus og bandet altså til bursdagsfeiring på Gamle scene, og til promotering av den nye plata deira; «Banjo på badet». Det er blitt ein triveleg, humoristisk og relativt upretensiøs teaterkonsert, men i tekstane til Rohde ligg alvoret aldri langt unna det skøyaraktige.  Her opnar han med ein nydeleg song om då mor og far møtte kvarandre første gong, før han går vidare og syng om gamle folk, om kyr og klegg, kva som skjer når cowboyar får baby, ein undrande song om kor ballongane blir av når dei flyg til værs og den elleville tittellåta om i kor godt humør folk blir av å høyre banjo. Og i salen blir vi alle i særs godt humør av å bli underhalde av desse musikalske speloppmakarane som trakterer eit utal instrument, og nokre av dei nokså aparte, og som gjer det med ei smittande speleglede. Med seg har dei også dyktige ungdomar frå Trondheim kommunale kulturskole på alt frå rytme- til strengeinstrument.

Men bursdagskonserten er ikkje berre feiring og skjemt, for bak dei fornøyelege tekstane og den fengande musikken, bak humoren og det lausslopne, ligg alvoret. I ein vakker, roleg ballade syng dei om den vesle guten  som ligg på stranda og som aldri kom dit han ønska seg. Utan noka form for moralisering eller freistnad på å vere korrekt eller pedagogisk, hentar  Rasmus Rohde tips og tilbakemeldingar frå ungane i salen, og pratar avslappa om likt og ulikt medan han greier å flette det saman med dei forskjellige songane. Og i salen kokar det etter kvart. Når Rasmus og bandet mot slutten dreg opp superhiten «Puppan te pappa», er heile salen med. For dette er openbert ein song dei er fortrulege med og kan på rams. Det er nesten surrealistisk når fullt av ungar står, dansar og veivar med armane medan dei syng så høgt dei kan om puppan te pappa. Eg har gjennom mange år sett meir enn hundre produksjonar på Gamle scene, men aldri noko som det har svinga meir av enn dette.

 

Leave a Reply