Britisk eleganteri

TEATER

MASKEFALL: Etter kvart som politioverbetjentens elegante demaskering finn stad, og sanninga når fram, blir det lite att av borgarskapets diskré sjarm. FOTO: TOM EIKREM

MASKEFALL: Etter kvart som politioverbetjentens elegante demaskering finn stad, og sanninga når fram, blir det lite att av borgarskapets diskré sjarm. FOTO: TOM EIKREM

«Det er frå politiet»
Teaterlaget i BUL, Nidaros
Av: J. B. Priestley
Omsett av Nicolai Haugen
Regi: Marit Sofie Todal
Scenografi og kostyme: Marit Sofie Todal og gruppa
Med: Rickard Skjong, Inga Elise Bruteig, Anne Nelly Gilsåmo, Runar Christoffersen Walsø, Tom Eikrem, Magnus Lie Hetland og Julie Valen

Ei elegant demaskering av ein overklassefamilie slik berre britane greier det. Og Teaterlaget i BUL spelar salongdramaet ut med tilnærma fingerspisskjensle.

Det er høg stemning hjå fabrikkeigar Arthur Birling (Rickard Skjong) og fru Sybil (Inga Elise Bruteig) som feirar at dottera Sheila (Anne Nelly Gilsåmo) har forlova seg med den endå rikare og mektige Gerhard Croft (Tom Eikrem), eit framtidig ekteskap mellom to konkurrentar som nå kan heve prisane og hygge seg med marknaden åleine. Idyllen er nesten upåklageleg, berre Eric (Runar Christoffersen Walsø), den unge og litt venstreorienterte sonen i huset heller ein dråpe malurt i festbegeret av og til. Det er britisk eleganse, vi er i 1938 og medan verda bur seg på krig, gir familien blaffen. Der er dei meir bekymra for Sovjetunionen og arbeidarklassens aukande lønskrav enn Hitler og annekteringa av Austerrike. Så med eitt ringer det på døra, tenestejenta (Julie Valen) opnar og annonserer at overbetjent Goole (Magnus Lie Hetland) frå politiet vil stille nokre spørsmål. Ei ung kvinne er funne død av forgifting, truleg sjølvmord, og ingen forstår at dette kan ha noko med dei å gjere, men danna og høflege som dei er, let dei mannen få stille spørsmåla sine. Det gjer han, og på eit særs elegant vis, og lag for lag, avdekkjer han at familiemedlemmane kanskje ikkje er så uskuldige som det kan sjå ut. Det blir ein fornøyeleg og litt annleis krimhistorie som eg ikkje skal røpe korkje gongen i eller utgongen av, men her er flust av uventa vendingar, og ikkje minst ein skarp politisk brodd, samstundes som det er britisk eleganse på sitt beste.

«Det er frå politiet» (An Inspector Calls) er skrive i 1945 av den britiske dramatikaren J. B. Priestley (1894 – 1984), og jamvel om stykket ikkje er spela mye her i landet, er det likevel det mest kjende av dramaa hans. Teaterlaget i BUL nyttar ei omsetjing av Nicolai Haugen som har eit godt munnleg språk og som tillèt bruk av dialekt. Det gjer at skodespelarane fort blir meir naturlege enn med eit normert teaterspråk. Naturleg er i det heile også eit godt stikkord for spelet. Eg har sett ein del oppsetjingar av vaksengruppa i Teaterlaget, og ofte har det blitt litt pompøst, teatralsk og overspela. Ikkje sia den segnomsuste jubileumsoppsetjinga av «Peer Gynt» hausten 2004 har eg sett dei like gode som dette. Marit Sofie Todal har hatt ei særs heldig og, eg vil tru, stram hand med personinstruksjon og regi. Det er fine dramaturgiske vendingar, det skjer noko fleire stader på scena til same tid, skodespelarane er heilt naturleg til stades og replikkane fell akkurat slik vi ville venta å høyre dei. Rickard Skjong har ei stor og tekstrik rolle som pater familias, og har mange vendingar i styrke og stemning, men turnerer dei med stort truverd utan nokon gong å overspele. Og Magnus Lie Hetland er lågmælt og sikker i rolla som politimannen som greier å dupere desse stive overleppene på elegant og overtydande vis. Det er godt ensemblespel og særs truverdige rolletolkingar over heile fjøla. Nokre små problem med diksjon kunne det nok vere, men det blir uvesentlege bagatellar.

«Det er frå politiet» er blitt ei særs underhaldande, fornøyeleg og velspela oppsetjing som Teaterlaget i BUL kan vere meir enn stolt av. Framsyninga blir vist alle dagar til og med fredag 28. april, og fortener eit stort publikum.

 

Leave a Reply