Paranoia og kald krig

TEATER

DISKRÉ: Overvaking på sitt mest subtile. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

DISKRÉ: Overvaking på sitt mest subtile. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«1950 – Spionen»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av: Yngve Sundvor og Statsteatret
Co-produsert av Rogaland Teater, Teatret Vårt og Oslo Nye Teater
Regi: Yngve Sundvor
Lyddesign: Morten Kjerstad
Med: Karoline Krüger, Kim Sørensen, Gard B. Eidsvold og Per Kjerstad

Relativt lettvint om 50-talet, men likevel absolutt på kornet.

På ti år har Statsteatret sett seg føre å lage ti produksjonar som nyskriv den norske historia frå 1066 til 2066 og der dei i kvart stykke tar for seg ein viktige periode i historia vår. Måndag var det premiere på den sjuande produksjonen. Den handlar om det sorglause femtitalet, men som var både gjenoppbygging etter krigen, planleggingsoptimisme og velstandsauke, – og samstundes kald krig og kommunistjakt. Med humoristisk skråblikk og sjarmerande forakt for korrekte detaljar har Yngve Sundvor, Morten Kjerstad og dei fire på scena laga ei fornøyeleg og uhøgtidleg framsyning som i røynda nok kan vere like god kritikk av dette tiåret som grundige og meir alvorlege utgreiingar.

Vi tar til med Arbeidarpartiets landsmøte i 1949 der juristen Frank Øye (Per Kjerstad) blir klubba før han får framført sin skepsis til norsk NATO-medlemskap. Så møter vi han att litt seinare som støvsugarseljar på døra til pianolærar Astrid Høyer (Karoline Krüger). Ho er pasient hos Carl Jakobsen (Kim Sørensen), psykiater med spesiell interesse for psykofarmaka og lobotomi. Og i ein bunker under Ruseløkka skule sit Ronald Olsen (Gard B. Eidsvold) og følgjer med som del av både det norske overvakingspolitiet og Arbeidarpartiet. Dei er alle solide AP-folk, men i dette lett paranoide tiåret var berre eit litt avvikande NATO-syn nok til å bli overvaka av dei andre.

Historia er tunn, nesten fråverande, men gjennom framifrå spel, komiske situasjonar, populærkulturelle og spesielt musikalske referansar, tidsriktige reklameinnslag og at dei har fanga tidsånda med fingerspisskjensle, greier dei å lage underhaldande teater med politisk brodd. Det er synkront og godt ensemblespel der Karoline Krüger syner at ho kan langt meir enn å synge og traktere tangentar, og der Gard B. Eidsvold var høgt og lågt som spion, men også med eit imponerande komisk underspel. «1950 – Spionen» er ei upretensiøs og velspela lita framsyning. Stykket blir spela i Stavanger denne veka, på Oslo Nye (Trikkestallen) og på Teatret Vårt i Molde etter påske før det skal ut på turné.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 7. april 2017.)

 

Leave a Reply