Krigens idioti

TEATER

ABSURD: Soldatens foreldre let seg ikkje affisere av litt krig når dei inviterer på piknik. FOTO: SIT

ABSURD: Soldatens foreldre let seg ikkje affisere av litt krig når dei inviterer på piknik. FOTO: SIT

«Frokost i det grønne»
Studentersamfundet i Trondhjem, Knaus
Av Fernando Arrabal
Produsert og framført av Studentersamfundets Interne Teater
Regi: Iven Celin Ålråk og Oda Frigg Endregaard
Scenografi: Simon Dai
Kostyme: Marte Sophie Johannessen
Lyddesign: Are August Flannagan Furubotn
Lysdesign: Jenny Bogen Griffiths, Marianne Horne og Henrik Kristiansen
Med: Tord Stavrum, Ine-Susanne Methlie, Lars Martin Singstad, Viel Carlsen, Kathrine Wisth og Øyvind Løkke Vie

Ein absurd og humoristisk tragedie om krigens meiningslause idioti, men framføringa hadde stått seg på ei meir lågmælt tilnærming

 

Den spansk-franske forfattaren og dramatikaren Fernando Arrabal (f. 1932) er saman med mellom andre Breton og Ionesco blant 1900-talets store surrealistar. Født i Spania var han berre fire år gamal då faren forsvann som soldat, og krigens meiningslause idioti var også temaet i det første dramaet hans «Frokost i det grønne» frå 1952, eit stykke som truleg er blant hans mest spela. I Norge blei det første gong vist i fjernsynsteateret i 1962, og så seint som for eitt år sia blei det oppført i ein litt omarbeidd versjon på Det Norske Teatret. Nå har Studentersamfundets Interne Teater (SIT) sett opp den vesle einaktaren på Knaus, og sjølv om dei ikkje fortel kven som har omsett og bearbeidd teksten, er det ting som kan tyde på at det er versjonen frå Det Norske Teatret dei byggjer på.

Vi er i ein skyttargrav slik vi kjenner dei frå første verdskrigen, flott illudert av ein effektfull og god scenografi. Kor og når dette er, er ikkje så viktig, for det er krigen generelt Arrabal vil til livs, men vi er openbert i litt nyare tid. Dagane i skyttargrava er keisame, lite skjer, og det er ingen progresjon. Soldaten Zapo nyttar tida mellom skotvekslingane til å strikke. Så med eitt dukkar foreldra hans opp med piknik-korg og byr på frukt, vin og kanapear. Dei let seg ikkje affisere av kva som skjer rundt dei og ser det heile nærast som eit fornøyeleg teater. Det fullstendig absurde og dermed også humoristiske ligg i kontrastane mellom den kvardagslege og trivielle haldninga til det brutale som skjer rundt dei. Etter ei stund dukkar ein fiendtleg soldat, Zepo, opp og blir tatt til fange. Men det er jo så hyggeleg med piknik at også fangen blir invitert med. Absurde og surrealistiske scener utspelar seg og blir toppa av eit par sanitetssoldatar som kjem innom og leitar etter lik, og blir skuffa av di dei ikkje finn nokon og slik ikkje får høve til å gjere jobben sin. Mot slutten kjem det vesle selskapet på den geniale ideen at krigen er meiningslaus og kan stoppast om båe soldatane fortel sine overordna at fienden er greie folk, før komedien faktisk endar i tragedie og sanitetssoldatane får fylt opp kvota si.

Oppføringa til SIT blir framført i ein effektfull og god scenografi på den vesle og litt vanskelege intimscena Knaus, og lyd- og lysdesignarane har gjort ein framifrå jobb med strobelys og mitraljøseeld for å skape ein realistisk situasjon. Verre er det diverre med regi og spel. Framføringa er særs teksttru, men ikkje i same grad tru mot innhaldet i han. Arrabals tekst er absurd fordi han tar med seg dagleglivets referansar til ein ekstremsituasjon. Med det skapar han surrealistisk humor samstundes som dette likevel i røynda er djupt alvorleg. Teksten er triviell, kvardagsleg og enkel, og nettopp kontrasten mellom den og krigens ekstreme natur er det som gir dette stykket slik sprengkraft. Det kan verke som om SIT ikkje heilt har tillit til styrken i teksten, for dei har vald ein regi der det i alt for stor grad er høgrøysta overspel som i ein situasjonskomedie. Men dette er Arrabal og ikkje Holberg. Viel Carlsen som fiendesoldaten Zepo er den einaste som snakkar med innestemme. Då blir innhaldet i det ho formidlar også desto sterkare, og slik syner ho kva dette kunne ha blitt.

 

Leave a Reply