Leik med klisjear

MUSIKAL

SHERWOODSTOCK: Ein forrykande bistandskonsert skal erstatte stelinga frå dei rike. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

SHERWOODSTOCK: Ein forrykande bistandskonsert skal erstatte stelinga frå dei rike. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

«Robin Hood – Rai Rai i Sherwoodskogen»
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av: Mads Bones og Olve Løseth
Regi: Mads Bones
Scenografi: Olav Myrtvedt
Kostyme: Christina Lovery
Lysdesign: Eivind Myren
Musikalsk leiar: Åsmund Flaten
Orkester: Åsmund Flaten/Kyrre Havdal, Skjalg M. Raaen/Hans Petter Vik Sæther, Morten Skaget/Kjetil Sandnes, Stian Lundberg/Magnus Forsberg, Kåre Kolve/Erlend Jentoft og Øyvind F. Smidt
Koreografi: Martha Standal
Med: Gunnar Eiriksson, Mari Hauge Einbu, Olve Løseth, Hans Petter Nilsen, Anne Krigsvoll, Frode Rasmussen, Ingrid Bergstrøm, Klaus Sonstad, Karl-Vidar Lende, Jon Lockert Rohde, Ole Christian Gullvåg, Josefine Frida Pettersen, Jan Frostad, Mari Haugen Smistad. Malin Skjolde, Amalie Eggen, Knut Erik Engemoen, Per-Theodor Paulsen og Jonas Fuglevik Urstad.

Ein hemningslaus og underhaldande leik med melodramatiske klisjear.

I staden for å hente råstoff til årets vårmusikal frå London eller New York, har Trøndelag Teater latt det særs kreative radarparet Mads Bones og Olve Løseth hauste frå den lokale populærmusikken. Med utgangspunkt i segna om Robin Hood har dei laga ei historie som meir og meir tar form av ein parafrase over Romeo og Julie med happy ending, ausa av den uendelege songskatten frå dei siste femti års populærmusikk frå Midt-Norge, og laga ein musikal som er sin eigen sjanger og som difor legg ein del premiss du berre må akseptere. Gjer du det, får du til gjengjeld strålande underhaldning i høgt tempo, mye lys og varme og ei rekkje overraskingar.

Rickard Løvehjerte (Frode Rasmussen) er på Lesbos på vegner av «Kongar utan grenser», og Lady Marion (Mari Hauge Einbu) tar utdanning hjå Paul McCartney i Liverpool. I mellomtida styrer den infame og pedofile sheriffen av Nottingham (Hans Petter Nilsen) på den affekterte fjollen prins Johans (Olve Løseth) nåde. I Sherwoodskogen har «løvetennene» forskansa seg med peace & love og si særeigne form for bistandsarbeid under leiing av Robin Hood (Gunnar Eiriksson). Forteljinga gir rom for konfliktar, fredsmekling, bistandskonserten «Sherwoodstock», action og mye romantikk, og trass i ei tullete handling, mye ganske klein humor og ein god del dårleg smak, er det likevel ei fornøyeleg historie med god dramaturgisk stigning.

Løseth og Bones har gjort djupdykk i midtnorsk populærmusikk frå 60-talets Difference via  trønder-rocken, og til Gåte og Ary, og lånt heile 37 låtar frå eit nærare tjuetals artistar. Sjølv om songane er kjent stoff, verkar det likevel innhaldsmessig som om alt er skrive for denne musikalen. Det skuldast i stor grad Åsmund Flatens eminente arrangement og solide musikalske leiing der mange av songane får nytt liv og overgår originalen. Dyktige songarar i dei fleste ledd gjer også sitt.

Olav Myrtvedts scenografi er kreativ og stemningsskapande og gir gode rom for fine skift, og dei fantasifulle kostyma til Christina Lovery var eit maskeradeball i seg sjølv. Ensemblet spelar i høgt tempo med ein enorm speleglede, velkoreografert, og solid leia av Gunnar Eiriksson og Mari Hauge Einbu der dei boltrar seg i overspel, klisjear, gags, bannskap, bad taste og framifrå songnummer. Ein ekstra sviske var det å få sjå Anne Krigsvoll heime att på Trøndelag Teater der ho som amme (Amme Krigsvoll, ha ha) synte kor dyktig ei birolle kan gjerast.

Årets vårmusikal er eit velregissert oppkomme av gjøglarglede, eit publikumsfrieri av dei sjeldne, og eit overtydande prov på kor rik den midtnorske songskatten er.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 13. februar 2017.)

 

Leave a Reply