Humoristisk om store spørsmål

TEATER

EKSISTENSIELT: Barn, eller ikkje barn? Det er spørsmålet. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

EKSISTENSIELT: Barn, eller ikkje barn? Det er spørsmålet. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Pust»
Rogaland Teater, Intimscena
Av: Duncan Macmillan
Omsett av Michael Evans
Regi: Simon Lay
Scenografi: Arne Nøst
Med: Espen Hana og Mareike Wang

Er det berekraftig å setje barn til verda når ungens CO₂-avtrykk vil ha ei vekt større enn Eiffeltårnet?

På ein handletur på Ikea kjem med eitt, og heilt utilsikta, det store spørsmålet opp. Han og Ho, dei har ikkje namn, og slik kan dei vere kven som helst av oss, står i kassakø, og i samtalens løp kjem Han openbert inn på om dei skal ha barn. Det usagte er sagt, og Han forstår alt for seint konsekvensane av det han har sett i gang.

Han (Espen Hana) og Ho (Mareike Wang) er eit relativt vanleg sambuarpar i etableringsfasen, kanskje med noko ulik kulturell og intellektuell bagasje, men politisk korrekte, opptatt av at kloden vår er i ferd med å forgå, og overtydde om at dei er gode menneske, noko dei stadig minner seg sjølve om. Men bak det rasjonelle ytre er det sjølvsagt hormon og irrasjonelle kjensler. Som dei fleste andre i same situasjon, har dei forelska seg og flytta saman utan å gruble så mye over det. Men så kjem det store spørsmålet opp, og det heile blir eksistensielt. I ei verd med fare for overbefolkning og matmangel, og ikkje minst med aukande klimaproblem, er det ikkje berre berre  for reflekterte menneske å setje barn til verda. Er det best å forbli barnlause? Skulle dei kanskje adoptere? Eller, – sjølv om det er heilt nazi å tenke slik, – er det best at ikkje berre dei ureflekterte, men også dei intelligente og oppegåande får barn, for at ikkje evolusjonen skal gå i gal retning? Han og Ho diskuterer og grublar, og seier høgt det dei fleste er innom i tankerekkjene sine, men som ikkje alltid er like korrekt og difor som oftast blir tenkt, men ikkje sagt. Dei freistar den umogelege øvinga å vere rasjonelle om det irrasjonelle, og får det sjølvsagt aldri heilt til. Heilt ubetaleleg er scena der dei bestemmer seg for å produsere og Han blir gripen av ekstasen medan Ho vil det skal vere vakkert. Slike kvardagstablå er denne oppsetjinga full av.

«Lungs» frå 2011 av den britiske dramatikaren Duncan Macmillan har gjort stor suksess og hausta prisar i både England og USA. Macmillan set fingeren på eit tema som opptek unge over heile verda, og han seier mye som mange berre vågar å tenkje, men ikkje å ytre. Med stor innsikt og minst like mye humor held han opp for oss eit speil der du skal ha ganske dårleg sjølvinnsikt for ikkje å kjenne deg att. Stykket hadde norgespremiere på Teatret Vårt i Molde våren 2015 med tittelen «Pusterom», blei for ei veke sia vist på Vinterlysfestivalen i Mo i Rana, og vil sikkert før eller seinare nå ei scene nær deg. Men nå er det altså Rogaland Teater. Dei har vald å la Michael Evans lage ei ny omsetjing, og resultatet er blitt eit levande, munnleg og særs truverdig språk som også unngår problemet vi fekk i Molde. I teksten ligg det rom for kjønnsstereotypiar der kvinna er hysterisk og mannen stoisk reflektert. I Evans’ omsetjing er dei to kjønnsrollene meir personlegdommar og knytt til klassebakgrunn enn til kjønn der Ho er verbal og spontan medan Han er meir språkleg utilpass og fåmælt.

På intimscena i Stavanger der Arne Nøst har laga ein ekstremt minimalistisk scenografi, får vi oppleve Han og Ho frå ein temmeleg klein og vanskeleg diskusjon i kassakøen på Ikea til kvardagslege diskusjonar om det store barnespørsmålet og mye anna. I eit uvanleg tett kammerspel utan pausar følgjer vi dei i ei mengd tablå som utan stopp går over i kvarandre, og der spranga kan vere frå nokre timar eller dagar til både månadar og år. Faktisk heile livet. Og etter kvart som diskusjonar, krangel, problem og humoristiske overflatetrivialitetar blir presentert i eit høgt tempo og med imponerande innleving, ser vi gradvis at i botn av det heile ligg ei umåteleg vakker kjærleikshistorie, vakker nettopp fordi ho er så sann og ekte.

I Simon Lays regi er det tett spel og inga daudpunkt samstundes som han har tatt godt vare på dramaturgien i dei etter kvart overraskande vendingane historia tar. Dei to på scena leverer formidable og overtydande truverdige rolleprestasjonar utan eit einaste kvileskjær i ei særs tekstrik oppsetjing. «Pust» er blitt ei tankevekkjande, underhaldande og særs velspela framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. februar 2017.)

 

Leave a Reply