Tru på deg sjølv

TEATER

FARGERIKT: Ein leiken keisar regjerer over eit like leikent og nøgd folk der fargerike kostyme og sukkerspinn er del av kvardagen. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

FARGERIKT: Ein leiken keisar regjerer over eit like leikent og nøgd folk der fargerike kostyme og sukkerspinn er del av kvardagen. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Keiserens splitter nye klær»
Rogaland Teater, Hovudscena
Av Nina Godtlibsen
Regi: Nina Godtlibsen
Scenografi og kostyme: Terese Arildsdatter Riis
Komponist: Arne Nøst
Med: Cato Skimten Storengen, Ingrid Rusten, Lars Funderud Johannessen, Roar Kjølv Jenssen, Marko Kanic og Mette Arnstad samt seks aktørar frå BUT

Ein sjarmerande og underhaldande parafrase over H C Andersens kjende eventyr.

I eit land som er både her og der, og som både var og er, regjerer ein keisar (Cato Skimten Storengen) som ein verkeleg må kalla ein homo ludens, ein populær sjef som er meir opptatt av at både han og folket skal ha det gøy enn å gjere budsjettarbeid, styre statsråd og drive med andre keisame trivialitetar. Som i eit land vi ikkje skal si namnet på, er dette keisardømmet rikt på naturressursar, og kan difor ta seg råd til å ha det litt gøy. Keisarens rådgjevar (Ingrid Rusten) er så avgjort med på notane, og er openbert avstandsforelska i den leikne sjefen. Den einaste som freistar å vere litt jordnær, er hoffsekretæren (Roar Kjølv Jenssen), men han pratar stort sett for døve øyre. Lars Funderud Johannessen fungerer som ein slags herold eller forteljar, og folket i det vesle landet blir spela av dyktige ungdomar frå BUT (Barne- og ungdomsteateret til Rogaland Teater). Alt er idyll i keisardømmet, her er det song, musikk, leik, fargar og sukkerspinn, og det vil det halde fram med så lenge det er naturressursar nok til å finansiere kalaset.

Men så kjem to særs sjarmerande skurkar (Marko Kanic og Mette Arnstad) på banen. Dei ser rikdomen som dei godt kunne tenke seg å overta, og ved å hacke statskringkastinga og sende falske nyhende, greier dei å få keisaren til å tru at han er upopulær og at det går rett vest med økonomien i landet. Keisaren, som elskar å kle seg i fargerike kostyme, må skifte til grå dress, og alt som er av fargar blir drapert i svart og grått. Dei to skurkane påstår deretter å vere omdømmeekspertar, og ettersom det er krise i landet, sluker keisaren råda deira med søkke og snøre, og skurkane blir etter kvart dei reelle makthavarane medan dei samstundes tømmer statskassa.

Sjølv om keisaren ser seg nøydd til å avstå frå det meste som er gøy, greier han ikkje å halde seg frå bursdagsfeiring når åremålsdagen nærmar seg. Men han vil sjølvsagt ikkje gå i grå dress. Dei to skurkane kjem då opp med ideen om det fantastiske silkemjuke og fargerike stoffet som er usynleg for alle dei som er dumme eller som ikkje gjer jobben sin. Og for dei som har lese H C Andersen, er resten historie. Ein unggut som har vald å vere annleis og vågar å lite på seg sjølv, seier det som det er. Skurkane blir avslørt, keisaren blir leiken att, kjærleiken blomstrar, og moralen er at ingen er svak eller dum, og at det er avgjerande å vere seg sjølv og stole på at det er godt nok.

Dette kunne sjølvsagt ha blitt ei moralistisk og litt klissen historie, men på grunn av den særs leikne tilnærminga teateret har valt, eit ensemble som nærast renn over av speleglede leia av ein sprudlande keisar, gode og velframførte songnummer, og der scenografi og særleg dei fargerike kostyma gir masse bonus, er dette blitt ei umåteleg sjarmerande framsyning og ein artig modernisering av ein gamal klassikar. At det ligg ei rekkje politiske parallellar til dagens situasjon både heime og andre stadar innbakt, gjer det ikkje akkurat dårlegare. Rogaland Teater er flinke til å lage teater av og for barn, og «Keiserens splitter nye klær» er ikkje noko unnatak.

 

Leave a Reply