Det uendeleg havet

TEATER

KONSERTRIGG: Blått hav og fine videoprojeksjonar, men lite rom for spel. FOTO: MARIUS FISKUM

KONSERTRIGG: Blått hav og fine videoprojeksjonar, men lite rom for spel. FOTO: MARIUS FISKUM

«Havboka»
Hålogaland Teater, Scene vest
Av: Morten Strøksnes
Dramatisering, regi, scenografi og kostyme: Anders T. Andersen
Lysdesign: Øystein Heitmann
Lyddesign: Jim-Oddvar Hansen
Videodesign: Kim S. Falck-Jørgensen
Komponist: Adrien Munden
Musikalsk ansvarleg: Espen Elverum Jakobsen
Med: Kristian Fr. Figenschow, Trond Peter Stamsø Munch, Torstein Bjørklund, Trude Øines, Marius Lien, Thea Borring Lande, Espen Elverum Jakobsen og Inge Kolsvik.

Eit forrykande forteljarteater der det blir lite rom for refleksjon og ettertanke.

 

Med «Havboka eller Kunsten å fange en kjempehai fra en gummibåt på et stort hav gjennom fire årstider» greidde Morten A. Strøksnes i 2015 å skrive ei sakprosabok som ein spenningsroman, spekka med informativ og underhaldande kunnskap, og samstundes med ein klår politisk bodskap. Boka blei ein prisvinnande kjempesuksess. Berre dryge året etter tek Hålogaland Teater på seg den tilsynelatande umogelege oppgåva å dramatisere dette innhaldsrike dramaet frå Vestfjorden.

I «Havboka» fortel Morten Strøksnes om korleis han og kameraten Hugo Aasjord frå Steigen set seg føre å fange eit eksemplar av den myteomspunne håkjerringa, ein kjempehai som lever i nordlege havområde. Fire forsøk gjer dei gjennom fire ulike årstider før dei ein maidag omsider får napp og vel så det. Resultatet blir etter kvart uviktig. Det er vegen fram, alle opplevingane undervegs, og ikkje minst all den kunnskapen om havet Strøksnes gir oss som er den verkelege forteljinga.

Anders T. Andersen har ansvar for både dramatisering, regi og scenografi. Ettersom dette er spektakulære saker som er vanskelege å skape att på ei scene, har han vald forteljarteateret som form. Scena er rigga som til rockekonsert, og dei einaste havrelaterte kulissene er to skjermar med ulike videoprojeksjonar. Seks skodespelarar fortel i ei blanding av doku- og forteljarteater, og løyser det heile opp med heftige, og godt framførte musikalske avbrot. Alle seks spelar instrument og syng, saman med to musikarar på tangent og gitar.

Det opnar særs lovande og ganske forrykande der du verkeleg kjenner suget mot havet. Men etter kvart får framsyninga openberre problem. Dei mange fine og beskrivande videoprojeksjonane druknar litt i konsertriggen som kjem i vegen for historia. Regigrepet er heller ikkje uproblematisk. Andersen har nok stroke mye, men ikkje nok. Å lese slike mengder fakta i ei bok med høve til fordøyande avbrot, er noko anna enn å få det presentert utan særleg dramatisering, i høgt tempo og med ein entusiasme som i liten grad gir rom for pause og refleksjon. Kristian Fr. Figenschows stille underfundige humor og litt metateater, var ein god kontrast vi fekk for lite av. Og Thea Borring Lande synte korleis dette kunne ha vore framført. Ho var forrykande som felespelar og songar, medan ho samstundes greidde å vere lågmælt og inderleg der det var påkravd. «Havboka» er, som romanen, eit oppkomme av kunnskap og forteljarglede. På scena blei det både framsyningas styrke og problem.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 11. februar 2017.)

Leave a Reply