Hamlet for dei yngste

TEATER

SPEL: Gjennom leik og rollespel, som ikkje er alvor, er det mogeleg å tulle med det meste. FOTO: ARILD MOEN

SPEL: Gjennom leik og rollespel, som ikkje er alvor, er det mogeleg å tulle med det meste. FOTO: ARILD MOEN

«Hamlets pappa er et spøkelse»
Barneteatret vårt, Arbeideren, Ålesund
Basert på «Hamlet» av William Shakespeare
Konsept, regi og musikk: Martin Rosengardten
Scenografi og kostyme: Marika Åkerblom
Lysdesign: Jonas P A Fuglseth
Med: Jonas Delerud og Elisabet Topp

«Hamlet» for seksåringar, presentert forståeleg, leikent og forbausande tru mot originalen.

Vi sit i eit venterom i Arbeideren i Ålesund, og inn kjem Ofelia. Ho skal til Hamlet for å trøyste han etter at faren hans nettopp døydde, og om vi lovar å ikkje prate så høgt om død og slikt, kan vi få bli med. Slik opnar den svenske skodespelaren og regissøren Martin Rosengardtens særs leikne, lett absurde og ganske underhaldande parafrase over «Hamlet», ei framsyning for alle frå 6 år og oppover, og som greier det kunststykket det er å ta vare på dei viktigaste kvalitetane i Shakespeares drama.

Hamlet er sjølvsagt lei seg etter tapet av den han er mest glad i, men alvorlegare er løyndomen han let Ofelia få del i. Pappa har synt seg for han som eit spøkelse, og endå verre; han har fortald Hamlet at han blei drepen av bror sin, onkel Claudius. Ofelia trur sjølvsagt ikkje på slikt tull, men så skjer skumle ting, og vi er i gong. På ein times tid greier dei to å sveipe innom det meste i originalen utan at dette på nokon måte blir ei vareoppteljing, men tvert om si eiga historie med god utvikling og stram dramaturgi.

Framsyninga tar etter kvart form av eit rollespel, slik ungar leikar, og dei andre aktørane er  dokker dei to har for handa, som Kaptein Sabeltann, ET, Kermit og ei rekkje andre. Det er leikent, oppfinnsamt, tidvis ganske absurd, og underhaldande så det held. Her er det gift (nøtteallergi), folk døyr i hopetal, og ein skulle tru at det både kunne vere i skumlaste laget for dei minste, og ikkje minst ein vanskeleg intrige å henge med i. Men gjennom dokkespelet, dei barnlege innfalla og den varme humoren, forstår alle at dette berre er eit rollespel som eigentleg ikkje er så farleg. Og det største kunststykket til Rosengardten er at han har gjort forteljinga logisk og forståeleg. Intrigen i «Hamlet» er temmeleg komplisert, men aldri har eg opplevd han tydelegare og lettare å forstå. Nokre strykingar er det sjølvsagt blitt, men det meste er på plass. Til og med gravescena er med som eit lite, humoristisk tablå.

Scenografien er enkel, men fungerande, vi er på guterommet til Hamlet med alt det som vanlegvis finst i eit slikt rom. Jonas Delerud og Elisabet Topp spelar truverdig og energisk, og nyttar seg av publikum der det kan passe. Dei serverer oss lun humor, absurde vendingar, litt metateater og ein passe porsjon alvor. For «Hamlet», og ikkje minst døden, er alvorlege saker. Hovudtemaet i denne oppsetjinga er kva som skjer når ein mistar den som er aller nærast, og teateret syner oss at heller ikkje døden er meir alvorleg enn at det går an å tulle litt med han.

Rosengardten har laga ein leiken parafrase over «Hamlet» der finalen nok er blitt litt uforløyst, men der vegen fram var både underhaldande, overraskande og tankevekkjande.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. februar 2017.)

 

Leave a Reply