Tretten år i tukthus

MUSIKKTEATER

FRI: Ei stolt kvinne forlèt Tugthuset på Kalvskinnet etter tretten lange år. FOTO: ÅGE HOJEM

FRI: Ei stolt kvinne forlèt Tugthuset på Kalvskinnet etter tretten lange år. FOTO: ÅGE HOJEM

«Fra Kautokeino til Kalvskinnet»
Gamle lagrettssal, Kalvskinnet, Trondheim
Av: Marit Selfjord
Komponist: Terje Bjørklund
Regi: Marit Selfjord
Scenografi og kostyme: Toril Skipnes
Musikarar: Trio Luna; Annika Nordström, Jan Petter Hilstad og Ruth Potter
Med: Anna Sundström Otervik og Per Vollestad
Produsert av: NTNU Vitenskapsmuseet

Eit kammerspel om ein lite påakta del av historia.

 

I samband med samefolkets hundreårsjubileum er det samisk kulturveke i Trondheim. Sundag var det urpremiere på «Fra Kautokeino til Kalvskinnet», ein miniopera om ein viktig del av norsk og samisk historie. Kautokeino-opprøret i 1852, der både kjøpmannen og lensmannen blei drepne, resulterte i eit omfattande rettsoppgjer. To av opprørarane, Mons Somby og Aslak Hætta, blei halshogde hausten 1854, medan 22 andre fekk lange  fengselsstraffer. Dette er godt kjend, men kva skjedde etterpå? Nå har Marit Selfjord laga eit lite kammerspel om historia til Elen Aslaksdatter Skum som også blei dømd til døden,.

Minioperaen dreier seg om tretten lange år i Tugthuset på Kalvskinnet i datidas Trondhjem. Men historia tar til lenge før det. Rundt 1850 var det stor sosial uro blant samane i Finnmark. Grensestenging og uhemma brennevinssal var to viktige årsaker. Samstundes førte forkynninga til den karismatiske presten Lars Levi Laestadius til ei religiøs og politisk oppreist. Elen Skum, 24 år gamal, men alt mor til fem der berre yngstesonen var i live, og med ein alkoholisert mann, var ein av følgjarane. Under konfirmasjonen i Skjervøy kyrkje i juli 1851 kalla ho presten for Satan og saman med 21 andre samar blei ho tiltalt, men greidde å rømme. I eit års tid levde ho og sonen i skjul som fredlause, og det gav henne oppnamnet «Jomfru Marja». Enorme ressursar blei sette inn for å fange henne, og etter Kautokeino-opprøret, der ho også var med, blei ho tatt. Høgsterett dømde ho til døden, men dommen blei omgjort til livsvarig straffarbeid, og berre få dagar før halshogginga av Mons Somby og Aslak Hætta (svogeren hennar), kom ho til Tugthuset på Kalvskinnet. Der møtte ho presten Frederik Storm som blei hennar sjelesørgjar og fortrulege. Gjennom Storms kortfatta notat og hans mange søknadar om nåde har Marit Selfjord freista å rekonstruere møta mellom dei to.

Det er blitt eit lite kammerspel i fem tablå. Form og omfang gjer sjølvsagt at det må bli fragmentarisk, men det er likevel blitt ei truverdig og gripande historie om ein stolt, men angrande opprørar, om ei mor som lengtar etter sonen, og om tretten års utvikling frå ei inneslutta, depressiv Elen full av kvalar, til ei rakrygga kvinne som omsider får reise heimatt til sine eigne. At dette er blitt så vellukka skuldast sjølvsagt at Selfjord har skrive ei gripande historie som kjem tett på både Elen og presten, men også at ho har henta utøvarar på øvste hylle. Terje Bjørklund har skrive musikk som står godt til innhaldet, og som er delvis kommenterande. Musikken blir framført av Trio Luna (Annika Nordström, Jan Petter Hilstad og Ruth Potter) der alle er røynde medlemmar av Trondheim Symfoniorkester. Mezzosopranen Anna Sundström Otervik spelar Elen med stor autoritet. I tillegg til songen får ho også godt fram dei ulike kjenslemessige sidene hennar. Barytonen Per Vollestad er like overtydande som den milde, men likevel myndige presten som gradvis får hol på Elen og som til slutt greier å få henne fri.

«Fra Kautokeino til Kalvskinnet» er eit relativt upretensiøst lite kammerspel som fortel ei viktig historie, på same tid lågmælt og særs gripande.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 7. februar 2017.)

 

Leave a Reply