Om å bli sett

TEATER

STALKER: Er du realitystjerne kan du fort få ein stalker i bakgrunnen. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

STALKER: Er du realitystjerne kan du fort få ein stalker i bakgrunnen. FOTO: STIG HÅVARD DIRDAL

«Å telle til null»
Rogaland Teater, barne- og ungdomsteatret, Kjellarteatret
Av: Kristofer Blindheim Grønskag
Regi, scenografi og musikk: Arne Nøst
Med: Aktørar frå barne- og ungdomsteatret ved Rogaland Teater, Andrea Viland Ask, Erlend Øyvindssønn Ravnanger, Ane Birgitte Johansson, Andrea Johnsen, Sondre Trodahl, Yasmin Ullestad og Helene Åsnes.

Ein tekst som verkeleg fangar samtida og kva ungdomen er opptatt av.

 

Eg skriv vanlegvis ikkje om amatørframsyningar, men dette er eit litt spesielt unnatak som omhandlar både ny norsk dramatikk og to viktige teaterinstitusjonar. «Den Unge Scene» er eit prosjekt som blei starta i 2004, og som har som føremål å heve nivået på ungdomsteateret i landet. I alt 64 skule- eller ungdomsteater frå 11 regionar kan velje mellom seks tekstar skrivne spesielt for dei. Med kyndig hjelp blir dette produsert og sett opp over heile landet. Det spesielle i år er at ein av dei seks tekstane, «Å telle til null» av Kristofer Blindheim Grønskag, er vald av heile 29 deltakarar. Det gjer Grønskag til den desidert mest spela dramatikaren i Norge denne våren, og ikkje utan grunn, for dette er ein eksepsjonelt god tekst.

Kristofer Blindheim Grønskag er eit namn du snarast bør merke deg. Han er 32 år, dramatikar og universitetslektor, er førebels omsett til åtte språk, og har alt ein rikhaldig produksjon bak seg. Sjølv har eg meld to urpremierar og ein premiere av han i løpet av berre dei siste fire månadane, «Larmen og vreden» på Trøndelag Teater i oktober, «Korrigeringer» med Konstellasjonen på Teaterhuset Avant Garden i januar, og nå «Å telle til null» på Rogaland Teater. At eg valde å reise til Stavanger for å sjå ein produksjon som på same tid blir sett opp 29 forskjellige stadar i landet, er ikkje tilfeldig. Rogaland Teater har eit eige barne- og ungdomsteater (BUT) som har vore banebrytande i sitt felt. I år feirar BUT 60-årsjubileum, og i desse åra har heile 30 000 ungdomar fått grunnleggjande teaterutdanning i BUT, og meir enn 1,3 millionar menneske har sett produksjonane deira. Dei sju BUT-aktørane denne gongen framførte Grønskags tekst med truverd, autoritet og stor innleving.

«Å telle til null» er ein tekstbombe der vi gjennom ti ulike scener tel ned frå ti til sjølve avfyringa. Dei ulike tablåa er i starten tilsynelatande heilt frittståande inntil vi etter kvart forstår at dei alle grip inn i kvarandre og heng saman. Det startar særs dramatisk med nokre ungdomar som filmar seg sjølve på ei togline rett før toget kjem, og som hoppar av i siste liten. Alt gjort for å få likes og views. Så er vi innom realitykjendisen som blir utsett for ein stalker, for mobbeofferet som går litt over streken, om det uheldige drapet på ei ku, og om eit fyrverkeri av ei anna verd. Mange av tablåa endar i ein skikkeleg cliffhanger som gjer dramaturgien intens. Og alt handlar til sjuande og sist om det desperate ønsket om å bli sett. Det er intelligent, det er humoristisk, og det er godt observert. Kristofer Blindheim Grønskag har skrive ein tekst som grip rett inn i ungdomens kvardag, og som nå blir spela heile 29 ulike stadar i landet.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 20. februar 2017.)

 

One Response to “Om å bli sett”

  1. Gunnar Foss sier:

    Gratulerer, Kristofer!

Leave a Reply