Menneska undervegs

TEATER

HOPP: Når ein ikkje veit betre, kan ein hoppe dit ein vil. FOTO: GISLE BJØRNEBY

HOPP: Når ein ikkje veit betre, kan ein hoppe dit ein vil. FOTO: GISLE BJØRNEBY

«Apene i Himalaya»
Hålogaland Teater, Scene Øst
Av: Kim Davies, Sombel Gaffarova, Mike van Graan, Liv Heløe, Gu Lei, Letizia Russo, Zhu Yi og Hanne Ørstavik
Omsett av Ragnar Olsen
Bearbeiding: Yngvar Julin, Vilma Štritof og Jon Tombre
Regi: Jon Tombre
Scenografi og kostyme: Yngvar Julin
Lysdesign: Jon H. Paulsen
Lyddesign: Kolbjørn Lyslo
Med: Guri Johnson, Huy Le Vo, Maria Grazia Di Meo, Jørn-Bjørn Fuller-Gee, Ma Zhuojun, Li Jialong, Wang Yao og Karl Flyman

Poetisk og ekspressivt, men ikkje alltid like forståeleg.

Menneskas historie er ei einaste lang forteljing om folkevandringar. Årsakene har vore ulike, men uår, relativ overbefolkning, dårlege levekår, klimaendringar og krigar er nokre av dei. Det siste hundreåret har krigane i hovudsak fått skulda, men det er viktig å hugse at då folketalet i Norge berre var litt over to millionar, utvandra meir enn 800 000 til USA. Og det var ikkje på grunn av krig. Migrasjon er samleomgrepet for folk på vandring, og det omfattar mykje meir enn flyktningar. I dag står vi midt oppe i ei av dei største folkevandringane i historia, og dette har Hålogaland Teater nå tatt tak i.

Inger Buresund er nytilsett sjef ved teateret. Før det var ho mellom anna leiar for Ibsen International i Kina, og for to år sia starta ho der eit prosjekt for å utvikle tekstar om migrasjonstemaet. Etter kvart forstod ho at dette kunne bli ei framsyning. På bakgrunn av workshops i Kina med åtte dramatikarar frå så ulike land som Kina, Russland, Norge, Sør-Afrika, Italia og USA er dette blitt vidareutvikla og tatt med til Tromsø. I regi av Jon Tombre, og med skodespelarar frå Norge og Kina, var det onsdag urpremiere på «Apene i Himalaya».

Framsyninga opnar leikent med ein parafrase over stykkets tittel frå ein gamal fabel om to apeflokkar som budde nær Himalaya. Den eine var i stand til hoppe. Men utan evne til å kjenne si eiga avgrensing, trudde apane at dei kunne hoppe over heile fjellkjeda, noko som sjølvsagt er umogeleg. Men då dei ikkje visste betre, gjorde dei det berre likevel. Med denne fabelen om ein umogeleg migrasjon som bakteppe, tar Hålogaland Teater oss med til åtte ulike historier som gradvis grip over i og inn i kvarandre. Her forstår vi raskt at migrasjon ikkje er eit eintydig omgrep, og at også flukt kan vere så mangt. Alt frå ønsket om å kome seg frå terror og krig til flukt frå konvensjonar og foreldre.

Framføringa er på norsk, engelsk og kinesisk, og noko av teksten blir projisert på vegg som del av scenografien. Yngvar Julin har laga ei enkel og stilisert sceneløysing med effektfull bruk av tre svingbare skjermar og diskret bruk av dreiescene. Eit nærast suggererande lydbilde følgjer heile framsyninga, og lyssettinga, kombinert med forsiktige videoprojeksjonar, gir fine effektar.

Jon Tombre er særs god til å lage fysisk og poetisk teater. Ettersom framsyninga ikkje er så tekstrik, nyttar han i staden eit stilisert fysisk språk med koreografert rørsle. Og så gir han det heile ei poetisk innpakking som gjer framsyninga til også ei sanseleg oppleving. Men for den som vil forstå innhaldet i dei åtte forteljingane, er det langt verre. Det er ei vesentleg innvending at tematikken, det å seie noko viktig om migrasjon, ikkje blir tydeleg nok, men forsvinn litt i ei lyrisk og ekspressiv framsyning.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 21. januar 2017.)

 

Leave a Reply