Skuld og lojalitet

TEATER

LATTERFNATTEN: I snøhola møter Sigurd mellom andre ei som kan hjelpe han med å sjå humoristisk på det meste. FOTO: ESPEN STORHAUG

LATTERFNATTEN: I snøhola møter Sigurd mellom andre ei som kan hjelpe han med å sjå humoristisk på det meste. FOTO: ESPEN STORHAUG

«Snøhula»
Nord-Trøndelag Teater, Namsos Kulturhus
Av: Rasmus Rohde og Ane Aass
Musikk: Rasmus Rohde
Regi: Ane Aass
Scenografi og kostyme: Gjermund Andresen
Med: Kristoffer Hjulstad, Siri Gjære, Silje Lindberg og Tore B. Granås

Kva skjer når ein sjuåring for første gong må feire jul saman med berre ein av foreldra?

Lenge har norsk barneteater vore prega av ein ide om at det skal vere god moral og lukkeleg slutt, og ei fornekting av den røyndomen mange ungar opplever. Men noko er i ferd med å endrast. Denne månaden har Teater Innlandet spela ei oppsetjing av Robin Hood som handlar om maktovergrep og mishandling. Og måndag hadde Nord-Trøndelag Teater urpremiere på «Snøhula» av Ane Aass og Rasmus Rohde, ei dramatisering av kva som skjer når mor og far går frå kvarandre og sjuåringen ikkje lenger får feire jul med dei båe. Gradvis er den verkelege verda og sosialrealismen på veg inn i barneteateret, og når det blir gjort så dyktig som i desse to produksjonane, er det berre å helse fenomenet velkomen

Halvparten av norske ekteskap går i oppløysing, og å feire jul saman med berre ein av foreldra er røyndomen for store delar av barna i Norge. Slik er det for sju år gamle Sigurd (Kristoffer Hjulstad) som saman med storesystera Selma (Silje Lindberg) er på forskotsjulefeiring hjå faren (Tore B. Granås) før dei skal attende til julekveld med mora (Siri Gjære) og hennar familie. Dette skjer etter at foreldra med ein eufemisme har fortalt ungane at dei må ha ein «pause». Barna lurer sjølvsagt på kor lang ein pause er, før dei forstår at han er permanent. Så kjem dei vanlege reaksjonane som at Sigurd får skuldkjensle for skilsmålet, og at han slit med lojaliteten til båe foreldra. Dette er skildra med stor innsikt, og er lett å kjenne seg att i for dei fleste

Det teateret byr på, er med andre ord kjend stoff for temmeleg mange ungar. Men sjølv om dette er vanskeleg, vondt og ganske sårt, gjer Aass og Rohde det så varmt og poetisk, ja nesten litt humoristisk, at det blir ei framsyning til verkeleg å bli glad i. Sigurd vil sjølvsagt feire jul med båe foreldra, og søker tilflukt i ei snøhole han har laga. Gjermund Andresen har skapt eit vakkert og enkelt vinterlandskap laga av kvite klede som ein kan skyfle til sides, kaste snøball med, og ikkje minst lage snøhole av. I denne litt magiske snøhola møter Sigurd representantar for latter, tårer og sinne, og dei hjelper han til å sortere tankane. Opphaldet i hola representerer på mange vis vendepunktet for Sigurd, og dette kunne nok teateret ha dvela litt meir med, og også gitt dei tre kjenslerepresentantane, særleg «Tårepersa», noko meir rom. Men dette er bagatellar i elles nydeleg oppsetjing

Korleis det vidare går med Sigurd og den vesle familien hans, skal eg halde meg frå å fortelje, men trass i ein vanskeleg og vond tematikk utan mange lukkelege utgangar, er dette likevel blitt ei familieframsyning som kan setje deg i julestemning. Det skuldast for det første den fine vekslinga mellom det alvorlege og det barnlege leikne. Og så er det ikkje utan grunn at Rasmus Rohde har fått to spelemannsprisar for beste barneplate. Til «Snøhula» har han skrive og komponert ei rekkje vakre songar som ensemblet framfører med uvanleg god harmonisering, og slikt blir det stemning av

«Snøhula» skal nå turnere i båe Trøndelagsfylka, og blir vist i Trondheim rett før og etter jul.

(Meldinga stod i Klassekampen fredag den 25. november 2016.)

 

Leave a Reply