Ikkje Guds son likevel

TEATER

FEIL: Gud er faren, men barnet er likevel ikkje Guds son! FOTO: MARCO VILLABRILLE

FEIL: Gud er faren, men barnet er likevel ikkje Guds son! FOTO: MARCO VILLABRILLE

«Juleevangeliet –
The Smash Hit Musical»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist og musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Regi: Mads Bones Scenografi og kostyme: Olve Løseth
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Henriette Marø, Gunnar Eiriksson, Karl-Vidar Lende, Ingrid Bergstrøm, Ida Göranson, Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Jonas Fugevik Orstad, Jan Frostad og Ida Cecilie Klem

Mange hemningslause tilløp til humoristisk og absurd vri på juleevangeliet, men omfanget er også diverre alt for hemningslaust.

For tre år sia laga skodespelarane Mads Bones og Olve Løseth, komponisten Kyrre Havdal og dramaturgen Matilde Holdhus ein ekstremt surrealistisk parafrase over E.T.A. Hoffmanns kjende juleforteljing «Nøtteknekkeren». Året etter sette Bones, Løseth og Havdal opp «Slaget på Testiklestad» på Sverresborg Folkemuseum, eit absurd skråblikk på ferietidas spelfenomen, så dyktig og artig laga at alle spel etter dette står i fare for å bli bleike parodiar på seg sjølv. I haust har dei tre kreative bakmennene kasta skråblikket sitt på juleevangeliet. Berre fire evangelistar har fått plass i Bibelen, men historia veit å fortelje om fleire. Nå er det funne nok eit ukjend evangelium som i litt større grad enn Lukas, problematiserer spørsmålet om jomfrufødsel

Josef (Gunnar Eiriksson) og Maria (Henriette Marø) har nettopp forlova seg, samstundes med at Maria blir gjort gravid av Gud. Stykket opnar som ein forviklingskomedie av beste sort når Maria skal freiste å forklåre Josef kva som har skjedd. Og når ho endeleg har fått sagt det, står ho gråtande fram og fortel at ho ikkje hadde noka skuld og skal stå rakrygga i dette, nesten ordrett som Therese Johaugs pressekonferanse frå tidlegare i haust. Seansen var så dyktig laga, og så velspela at denne ouverturen ga oss von om ei fortsetjing som framsyninga diverre ikkje greidde å leve opp til

Med mye treffsikker humor, ei blanding av gamle populærmusikalske referansar og god nyskriven musikk, med store velkoreograferte songopptrinn, masse sjølvironisk metateater der inspisienten fekk ei uvanleg stor rolle, og med besøk av alt frå Märthas engleskole via «byrdene på marken» til eit utal andre, er for så vidt underhaldninga sikra. Og forviklingane held fram når Maria etter fødselen også får eit enormt forklaringsproblem for Gud. Med bakgrunn i originalhistoria, men med ei mengd nye vriar, er det duka for ei rekkje absurde situasjonar. Særleg er det dramaturgiske grepet med å nytte Märtha som både heste-, engle- og kongespesialist genialt. Men sjølv om kreativiteten er nesten grenselaus, er problemet at forfattarane har så alt for mye på hjarta og ikkje greier å avgrense seg. Der første akt stort sett er stram og god, renn andre akta ut i ei vareoppteljing meir enn god dramaturgi og blir i stor grad eit antiklimaks

Det er synd, for med ei kraftig innstramming, samt kanskje også eit eksternt regiblikk, har denne produksjonen i seg dei fleste elementa som skal til for å lage god religiøs satire.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 21. november 2016.)

 

Leave a Reply