Vegen til Utopia

TEATER

EKSPERTPANEL: Romkadettar i kommunikasjon med datamaskina Fremtirion på romskipet X27-40. FOTO: ARILD MOEN

EKSPERTPANEL: Romkadettar i kommunikasjon med datamaskina Fremtirion på romskipet X27-40. FOTO: ARILD MOEN

«Romkadettene»
Barneteatret Vårt, Ålesund
Av: none zero one
Omsett og tilrettelagt av ensemblet
Regi: Sarah Butcher og John Hunter
Med: Hedda Sandvig og Tobias Heiberg

Kva skjer når åtte- til tolvåringar skal lage premissane for eit heilt nytt samfunn? Det blir faktisk godt teater av slikt.

Teatret Vårt i Molde har ein liten og ambisiøs satellitt i Ålesund som heiter Barneteatret Vårt. I fjor sette dei opp Shakespeares «Othello», ein overraskande og særs god produksjon. I år går dei heilt andre, men minst like spennande vegar

I 1974 blei det sendt ut eit romfartøy med to modige astronautar som blei lagt i hypersvevn. Ombord var også datamaskina «Fremtirion» som på vegen blant galaksane skannar alt som er for å finne ein planet der det er mogeleg å busette seg for menneska. Etter 42 år er han funne, og dei to astronautane skal snart vekkjast frå svevnen. Men før det, må dei vite kva dei skal kalle planeten, kva for reglar som skal gjelde der, og kva for verdiar som er viktige. Til det har maskina kontakt med eit ekspertpanel på jorda. Det består av ungar i alderen åtte til tolv år, eller publikum som vi også kallar dei

Stykket blei først produsert av det britiske kompaniet «non zero one», og Barneteatret Vårt har fått hjelp frå dette kompaniet til å stå for regi av den norske versjonen. Framsyninga er forboden for vaksne, for her skal ungane få skape sin eigen klode uakta av kva føresette måtte meine. Denne meldaren fekk lurt seg inn som fluge på veggen i eit hjørne for å sjå korleis ungane prioriterte når dei skulle starte eit nytt samfunn. Dei sit på nummererte felt, er inndelt i fire lag, og kommuniserer med datamaskina via ein stor skjerm. Dei to aktørane er usynlege og skiftar på å vere datamaskinrøysta og å styre informasjonsflyten, for dette er i høgste grad interaktivt teater. Maskina får hjelp av ungane til å setje namn på planeten, lage våpenskjold og motto, enkle lover samt avgjere kva som skal med og ikkje frå jorda. Spørsmåla er sjølvsagt lagt opp som multiple choice med avgrensa utval, men det var likevel spennande å sjå kva ungane svara og korleis dei kom fram til vala. Etter ganske spontane svar, kunne dei ofte tenke seg om og falle ned på det motsette. Her var av og til bjøllesauar som drog i ei retning, men som kunne få motbør etter kvart, og ikkje minst var svara sjølvsagt prega av kor gamle ekspertane var. Som med William Goldings roman «Lord of the Flies» er eg ikkje viss på at samfunnet ville bli eit paradis, men det er prosessen for ungane i denne produksjonen som er det viktige, og ikkje det ferdige samfunnet.

Godt var det at dei to bak datamaskina aldri la verdimessige føringar, og når nokre tok merkelege val og grunngav det kanskje like dårleg, var svaret frå datamaskina alltid stadfestande og positivt. Slik fekk ungane høve til å reflektere over etiske og andre spørsmål utan moralske føringar frå foreldre eller føresette.

(Ein litt endra versjon av meldinga stod i Klassekampen onsdag den 26. oktober 2016.)

 

Leave a Reply