Robin som rollespel

TEATER

FREDLAUS: Robin er fredlaus men langt frå humørlaus. FOTO: GISLE BJØRNEBY

FREDLAUS: Robin er fredlaus men langt frå humørlaus. FOTO: GISLE BJØRNEBY

«Jeg er Robin Hood»
Teater Innlandet, Kirsten Flagstadsalen, Hamar Kulturhus
Av: Morten Joachim og Line Hofoss Holm
Regi: Morten Joachim
Musikk: Torbjørn Dyrud
Scenografi og kostyme: Kristin Bengtson
Lysdesign: Kåre Nordseth
Koreografi: Eugenio «Keno» Morales
Med: Henrik Hoff Vaagen, Ane Ulimoen Øverli, Marit Synnøve Berg, Yngve Berven og Knut Erik Engemoen, Tom Styve, Jacob Vigeland og Ghopi Prabaharan.

Ein modernisert, overraskande og uvanleg realistisk versjon av Robin Hood der rollespel blir brukt nærast terapeutisk og som overlevingsstrategi.

 

Robin (Henrik Hoff Vaagen) er tolv år, ein leiken og oppvakt gut med stor sans for rettvise og namnebroren, Robin Hood. Faren, som Robin har svore truskap til, er i fengsel, og Robin bur saman med mora (Marit Synnøve Berg) som ikkje alltid er like god, og som han har gitt rolla som Sheriffen av Nottingham. Så tar mora inn ein sambuar/leigebuar, Johan (Yngve Berven), og dei to barna hans, Marion (Ane Ulimoen Øverli og Fred (Knut Erik Engemoen). Johan syner seg å vere herskesjuk og valdeleg, ein hustyrann, og verda blir plutseleg snudd opp ned for den unge Robin. Dei fleste vil nok allereie ha sett parallellane til myten om Robin Hood og dei fredlause i Sherwoodskogen, og vår Robin flyktar også ut i eit slags rollespel som fredlaus der mantraet er «heller fredlaus enn pingle», og framsyninga utspelar seg på to parallelle plan som det blir veksla relativt saumlaust mellom

Morten Joachim og Line Hofoss Holm har skrive ein heilt annleis og djupt realistisk historie om Robin Hood, ei opprørsk og etter måten ganske politisk forteljing om at mot urettvise er det rett, ja nærast ein plikt, å gjere opprør. Dette er kledd inn i den tradisjonelle barnehistoria om dei flinke ungane som ordnar opp mot slemme vaksne, men med eit heilt anna realistisk, og derfor tidvis vondt, tilsnitt. Slik tar forfattarane barneteatret som sjanger til nye nivå, og det er symptomatisk at jamvel ein lukkeleg slutt også får ein vond bismak.

Scenografien er enkel og effektiv, for dette skal på turné. Eit bord og ei seng er heimen, og eit flott tre er skogen. Saman med nokre draperi og framifrå lyssetting gir det akkurat dei assosiasjonane vi treng. Dei ni på scena spelar eit tjuetals ulike roller, men med synkrone sceneskift og flotte kostyme skulle ein tru ensemblet var tre gongar så stort. Historia og parallellane mellom realisme og fiksjon er ikkje alltid like truverdige, og spelet kan nokon gongar vere litt omstendeleg, men dette blir kompensert med mange godt koreograferte kampscener og mye spennande action. Oppsetjinga har ei rekkje songinnslag, kanskje meir som sungne replikkar enn som melodiøse songar, men songane mjukar opp framsyninga

Eg må vedgå at eg brukte litt tid på å kome inn i dei to ulike universa, og frykta at dette også kunne bli eit problem for barna i salen ettersom evne til abstraksjon ikkje er fullt utvikla hjå dei yngste, men det såg ut til at eg tok feil, for hjå publikum var det full konsentrasjon, og i det endelege dramatiske oppgjeret mellom Robin og Johan var det ikkje ein lyd i salen.

(Ein forkorta og redigert versjon av denne meldinga stod i Klassekampen laurdag den 15. oktober 2016.)

Leave a Reply