Ikkje om viktige ting

TEATER

SYMBOLTUNG: Scenografien er heilt avgjerande i denne oppsetjinga. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

SYMBOLTUNG: Scenografien er heilt avgjerande i denne oppsetjinga. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

«Larmen og vreden»
Trøndelag Teater, Studioscena
Av: Kristofer Blindheim Grønskag
Fritt etter ein roman av William Faulkner
Regi: Kjersti Haugen
Scenografi og kostyme: Maret Tamme
Musikk: Gunnar Eiriksson
Lysdesign: Steffen Telstad
Med: Mira Dyrnes Askelund, Ida Cecilie Klem og Gunnar Eiriksson

Ei leiken, humoristisk og velspela forteljing om livet utan mål og meining

«Larmen og vreden» er ein produksjon med ei ganske uvanleg tilbliing. Den estiske scenografistudenten Maret Tamme ønska som si diplomoppgåve å lage scenografi og ei framsyning med bakgrunn i William Faulkners ikoniske roman frå 1929. På Trøndelag Teater fekk ho scene og blei kopla opp mot regissør, Kjersti Haugen. Først etter at dei to hadde arbeidd ei tid, blei Kristofer Blindheim Grønskag engasjert for å utvikle manus inspirert både av scenografien og av Faulkners roman. Ei rekkjefølgje som kunne ha enda i totalt sprik, er i staden blitt ei ganske annleis, men likevel særs einskapleg og spennande framsyning om korleis vi freistar å få fornuft ut av meiningsløysa i liva våre.

Scenografien er symboltung, men korkje påtrengande eller spektakulær. Eit stort brunsvidd tregolv, og veggar av glisne bord som gir ei kjensle av innanfor og utanfor. I golvet er det tre hol som skodespelarane kjem opp av og forsvinn ned i. Skråglimt ned i denne kjellaren syner at det er eit fullverdig univers der nede med tapet og bilde på veggane. Når dei tre på scena forsvinn ned, er det som dei går ned i undermedvitet sitt for så å dukke opp att i den meir synlege røyndomen.

Det handlar om tre sysken der den yngste (Mira Dyrnes Askelund) er utviklingshemma og har slutta å prate. Likevel har ho ei forteljarrolle der vi høyrer tankane hennar. Dei to andre (Ida Cecilie Klem og Gunnar Eiriksson) er litt meir normale, men berre litt, og det er ein ganske dysfunksjonell familie vi blir kjend med. I tillegg spelar dei tre eit utal andre roller for å gi liv til dei mange ulike tablåa. – Ein går ikkje rundt og snakkar om viktige ting, seier ein av aktørane, og her finn eg omdreiingspunktet for framsyninga. For det er gjennom den meiningslause og tidvis absurde praten om det uviktige at vi i sum likevel seier det viktige om livet og tilværet.

Faulkners roman tek utgangspunkt i ein monolog frå Shakespeares «Macbeth». Grønskags nye tekst er ei ganske fri tolking av Faulkner med mange moderne referansar, og er kanskje vel så mye i slekt med Shakespeare. Det handlar om det tunge og dysfunksjonelle, men med mye svart og tidvis morbid humor blei det faktisk ei ganske underhaldande framsyning. Det er eit velregissert og samspela ensemble med god synkronisering i dei mange sceneskifta. Eit ufriviljug luksusproblem er det at regien ikkje har lagt opp til at publikum må få le frå seg før neste replikk, men det er eit spørsmål om timing som det er lett å justere.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 10. oktober 2016.)

 

Leave a Reply