Am I your man?

TEATERKONSERT

Lookalike: Hallbjørn Rønning syng cover medan Åshild Mundal og Martha Standal fortolkar. FOTO: GT NERGAARD

LOOKALIKE: Hallbjørn Rønning syng cover medan Åshild Mundal og Martha Standal fortolkar. FOTO: GT NERGAARD

«Cohen ganger ti»
Trøndelag Teater, Theatercafeen
Av og med Hallbjørn Rønning
Musikalsk leiing: Ivar Gafseth
Musikk: Ivar Gafseth, Ove Bjørken og Erling Mylius
Vokal: Åshild Mundal, Martha Standal og Erling Mylius

Ein underhaldande og velspela teaterkonsert som ikkje heilt greier å bestemme seg for om han skal vere tolking eller berre covring.

Samstundes med at den 82-årige Leonard Cohen nettopp har gitt ut eit nytt album, presenterer Trøndelag Teater ein liten teaterkonsert til ære for denne mannen som med sine ekstremt gode tekstar og djupare og djupare røyst, har fengsla publikum i eit par mannsaldrar. Det er Hallbjørn Rønning, skodespelar på teateret i meir enn førti år, og med ein god baryton, som har gått svanger med ideen i lang tid. Saman med tre særs dyktige musikarar og to like dyktige songarar, har han nå laga ein liten teaterkonsert med ti av Cohens låtar bundne saman av uhøgtidelege og anekdotiske historier frå mannens mangslungne liv.

Det er sjølvsagt blitt ei underhaldande og triveleg framsyning der attkjenningsverdien er stor, og kanskje ein av dei viktigaste for alle oss som er glade i lyrikken og songane til Cohen. Men hovudårsaka til at framsyninga blir så vidt underhaldande er nok først og fremst dei uvanleg dyktige folka Hallbjørn Rønning har med seg. Ivar Gafseth er ansvarleg for arrangement og musikalsk leiing og handterer sjølv tangentar, munnspel og gitar. Erling Mylius syng eit par av songane i tillegg til å spele bass og gitar, og Ove Bjørken handterer alt frå fiolin og mandolin, via trommer til sugande el-gitar. Særleg fiolinen hans gjorde underverk. Lydbildet er framifrå, og den litt slepande valsetakta som er typisk for Cohen, og som slett ikkje er vals, men 6/8-takt, er nydeleg tatt vare på i dei mange gode arrangementa.

I tillegg til desse dyktige musikarane har også Rønning med seg Åshild Mundal og Martha Standal som «Glitter girls». Men dei to er langt meir enn eit tanketomt kor. Enkel men effektfull og synkron koreografi (Martha Standal) set stemninga, men det er den vakre og særs innlevande vokalen som vi først og fremst legg merke til.

Når Hallbjørn Rønning tek på seg den vesle Cohen-hatten, er han stundom farleg lik originalen. Med ein djup og varm baryton, blir framføringa også nokså nær originalen. Gode coverlåtar, men heller ikkje meir. Det kunne kanskje ha vore godt nok, om det ikkje var for at Åshild Mundal og Martha Standal også framfører nokre av songane, og her er det så avgjort ikkje cover, men tolking. Og nydeleg og kjenslevar tolking med masse innleving. Åshild Mundals framføring av «Famous Blue Raincoat» var det absolutte høgdepunktet der ho la nytt innhald til ei av dei Cohen-songane eg personleg likar best. Så får vi berre godta at ho måtte endre litt på siste lina.

Utvalet av songar er ei blanding av dei mest kjende, dei beste og dei litt mindre kjende visene, og når berre ti skal med, var det etter mitt syn gode val. Det er skrive fleire biografiar om Leonard Cohen, og livet hans er ganske myteomspunne. Rønning lenar seg tungt på Sylvie Simmons «I’m Your Man: The Life of Leonard Cohen» frå 2012. Med bakgrunn i denne boka freistar han å kontekstualisere songane ved å fortelje ofte ganske pikante anekdotar som kan forklåre innhaldet eller i kva for samanheng visene blei til. Han har vald ein noko uhøgtideleg, litt respektlaus og tidvis nesten flåsete tilnærming til stoffet. Det er Rønnings val, men personleg fann eg det litt skjemmande. For jamvel om Cohen har vore rå til å dra damer, og sjølv påstår at det er einaste drivkrafta hans for å skrive og syngje, er det vel ganske mye ved lyrikken hans som gjer han langt større enn til visesongens og lyrikkens svar på Rune Rudberg?

(Meldinga er skriven på bakgrunn av generalprøva fredag 21. oktober 2016.)

 

Leave a Reply