Å skape bilde

TEATER

KVITT: Ikkje kledd i svart, for dette er vel ei feiring av døden? FOTO: KJELL RUBEN STRØM

KVITT: Ikkje kledd i svart, for dette er vel ei feiring av døden? FOTO: KJELL RUBEN STRØM

«I CLONI»
Black Box teater
Tekst, konsept og regi: Lisa Lie/PONR
Scenografi og kostyme: Maja Nilsen
Med: Ivar Furre Aam, Kenneth Homstad, Helga Kristine Edvindsen og Lisa Lie.

Styrken i denne oppsetjinga er først og fremst evna til å skape bilde.


To urpremierar med tekstar av Lisa Lie på mindre enn ei veke. Først var det Trøndelag Teater som førre helg i regi av Ole Johan Skjelbred presenterte «Det er bedre å kappe det av enn å gå gjennom livet», og torsdag hadde Black Box teater premiere på Lisa Lies eigenproduserte «I CLONI». Lie har etter kvart ein mangfaldig produksjon bak seg, og i meir eller mindre hennar eigen sjanger der ho hentar referansar og inspirasjon frå eventyra, naturen og den klassiske kulturarven i ei herleg blanding av performance, trash og ei grunnleggjande mistillit til menneska. For tre år sia sette ho og produksjonsselskapet hennar, Pony of No Return, opp «Blue Motell», eit på same tid gruvsamt og humoristisk møte med ventestaden før heisen til dødsriket. Det var ei burlesk og frodig oppsetjing som i fjor fekk Heddaprisen for særleg kunstnarleg innsats. Med «I CLONI» er Lisa Lie attende med nøyaktig same casting og scenograf, og på mange vis held ho fram der ho slapp for tre år sia.

Denne gongen spør ho retorisk om det er ein død etter livet, og i mangt og mye dreier denne produksjonen seg om døden i den grad ein kan seie at han i det heile tatt dreier seg om noko. Som i det meste hjå Lie, er det inga handling, men ei rekkje tablå utan annan samanheng enn at dei alle føyer seg inn i det spesielle universet ho har skapt, og at dei blir avbrotne av noko heilt anna slik at framsyninga heile tida skiftar retning. Det startar med at Ivar, Kenneth, Helga Kristine og Lisa (dei spelar alle seg sjølve) ligg i ein samanfiltra kroppssalat medan statisten (Sissel Lie) sit i på sida og steikar krumkaker. Den møljeliknande opningsscena slår på mange vis an tonen, for i tillegg til døden, er her mange referansar til erotikk og pornografi, og når Helga Kristine fortel med stor innleving om då ho døydde, smeltar referansane saman til det mange vil kunne oppfatte som nekrofili. Men frå dette tablået, som kan stå som ein representant for styggheitas estetikk, greier Lie med eitt å lage ein diametralt motsett situasjon ved å sprute ekte brystmjølk, ein metafor for noko av det mest livgivande vi har, i andletet på Kenneth.

Og vil du freiste å tolke dette, må du gjere det sjølv. For du skal ikkje gå på ei framsyning av Lisa Lie for å få ei forteljing eller å bli opplyst. Du må godta premissa og universet og la deg føre inn i eit assosiasjonsrike der kontrastane er fleire enn samanhengane. I programmet fortel Lie at denne staden er endå lenger inn i hjartet av landskapet enn vi var i «Blue Motell», og i den utsegna ligg både produksjonens styrke og problem. Høgdepunkta er kanskje større denne gongen, men vegen fram er lengre, og sjølv om det er meir humor enn tidlegare, går nok framsyninga tidvis litt på tomgang. Styrken ligg for meg i oppsetjingas evne til å skape bilde og med den leikne og naivistiske omgangen med sceniske konvensjonar og det teatrale. Og så er Lisa Lie ein framifrå lyrikar. Når ho lågmælt og åleine framfører sine små tekstar, er det berre å spisse øyra.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 26. april 2016.)

Leave a Reply