Marionetten Alberte

TEATER

FRIDOM: Alberte er gitt eit liv som ei tvangstrøye, men var livet særleg friare for Sara og Cora? FOTO: ØYSTEIN EUGENE HERMSTAD

FRIDOM: Alberte er gitt eit liv som ei tvangstrøye, men var livet særleg friare for Sara og Cora? FOTO: ØYSTEIN EUGENE HERMSTAD

«Cora og friheten»
Nord-Trøndelag Teater, Festiviteten, Levanger
Av: Jorun Thørring
Regi: Rita Abrahamsen
Scenografi og kostyme: Åse Hegrenes
Med: Liv Hege Nylund, Wenche Strømdahl og Janne Kokkin

I kor stor grad er vi fri til å skape våre eigne liv?

Sara Fabricius med forfattarpseudonymet Cora Sandel skreiv seg i mellomkrigstida inn i den norske litterære kanon med trilogien om Alberte. Bøkene handlar om ein kvinneleg kunstnars liv frå oppvekst i Tromsø til mange år i Paris og etter kvart heime att i Norge, og er nok sterkt sjølvbiografiske. Nå har Jorun Thørring tatt tak i Alberte-trilogien og skrive inn eit møte mellom dei tre kvinnene Sara, Cora og Alberte der dei konfronterer kvarandre med val og levd liv. Og i Rita Abrahamsens regi var det urpremiere på Nord-Trøndelag Teater i Levanger laurdag.

Jorun Thørring er lege, men har dei siste ti åra også hatt stor suksess som kriminalforfattar der ei av bøkene hennar (Glassdukkene) alt er filmatisert. Men dette er første gong ho skriv for scena. Ho har laga ei historie der vi parallelt følgjer alle dei tre kvinnene frå Tromsø til Paris og vidare gjennom livet. Men først og fremst med vekt på tida i Paris, og dermed den andre boka i trilogien, «Alberte og friheten». Sara (Wenche Strømdahl), Cora (Liv Hege Nylund) og Alberte (Janne Kokkin) går om kvarandre på scena, kommenterer, utdjupar, stiller spørsmål og konfronterer i eit handlingsforløp som går relativt saumlaust fram og attende i tid.

Det blir eit interessant metateater når Alberte alt frå starten gjer opprør mot forfattaren som har latt henne gå femten år og vansmekte i Paris. Det er eit godt grep, og ei lovande opning. Samtalane og møta mellom dei tre kvinnene, som kanskje er sine eigne alter ego meir enn tre ulike personar, dreier seg i stor grad om fridomsomgrepet, og i denne samanhengen blir Alberte den mest interessante fordi ho i motsetnad til dei to andre ikkje har fått nokon fri vilje. Stykket utforskar nok også i kor stor grad omstenda ga Cora og Sara særleg fridom, men dette blir meir uforløyst.

Dei tre på scena er trygge i rollene, men innimellom er det litt uklårt kva som er skilnaden mellom Sara og Cora. Alberte er den tydelegaste, og også den som har fått mest å spele på, men dette blir likevel ikkje nok til å fylle ei forteljing som med fordel kunne ha vore stramma opp dramaturgisk. Thørring har skrive inn mye god dialog, men både den og dei mange viktige omdreiningspunkta blir diverre etter kvart meir repeterande enn klårgjerande.

«Cora og friheten» er  ein samproduksjon med Trøndelag Teater, og skal turnere i Nord-Trøndelag ut april før han blir sett opp i Trondheim til hausten.

 (Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 19. april 2016.)

Leave a Reply