Meløya rundt på 80 minutt

TEATER

FOTTUR: Til tonefølgje av Trygve Brøske tar Marianne Meløy oss Meløya rundt og vel så det på åtti minutt. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

FOTTUR: Til tonefølgje av Trygve Brøske tar Marianne Meløy oss Meløya rundt og vel så det på åtti minutt. FOTO: BERRE V/JENS WESTBYE

«Bunnlinja»
Trøndelag Teater, Gamle scene
Av: Marianne Meløy og Trygve Brøske
Regi: Ivar Tindberg
Lysdesign: Tommy Geving
Med: Marianne Meløy og Trygve Brøske

Ein spasertur Meløya rundt handlar eigentleg om refleksjonar rundt livet og trivielle mellommenneskelege forhold.

I samband med røysterettsjubileet for tre år sia, sette Marianne Meløy og Trygve Brøske opp ein fleirstemt monolog dei kalla «Stemt» der Meløy drog til heimplassen sin i Vesterålen og presenterte eit kakofonisk kor av mange ulike røyster der alle song med sitt nebb.

Nå er Brøske og Meløy attende med ein ny kabaret/monolog som dei kallar «Bunnlinja». Nok ein gong blir vi tatt med til Meløya, eit lite øysamfunn med rundt førti menneske som, skal vi tru Marianne Meløy rett, alle er ganske særprega. Bakgrunnen er ein augustdag for eit par år sida då faren til Meløy inviterte henne på ein spasertur øya rundt dagen før han skulle til Tromsø for å ta ein bypass-operasjon. Eller som han på meløysk vis først kalla playoff-operasjon, før han retta det til playboy-operasjon. Det blir ei humoristisk og lettare nostalgisk reiseskildring der assosiasjonane og digresjonane er uendeleg mange, og der dei møter nesten heile persongalleriet på Meløya og nokre til før dei har unnagjort runden.

For alle som kjenner Marianne Meløy frå scena eller som kåsør i «Norgesglasset» på NRK, veit dei at hjå henne er figurane fargerike, komikken stor og forteljingane tidvis ganske burleske. På denne litt kontemplative vandringa dagen før det som kunne bli farens endelikt, fabulerer dei over gamalt og nytt, om verdssituasjonen, krig og miljø, om ærfugl eller mink, om kunnskap og innovasjon, og om alt det nye eigentleg er til det beste. Og i tråd med tittelen kjem det også inn ein samfunnsøkonom som finn Marianne Meløy lite berekraftig og særs ulønnsam. Alt dette framfører ho sjølv i eit stort tempo medan ho hoppar ut og inn av roller, kjønn og dialektar. Mye blir sunge, og Trygve Brøske akkompagnerer det heile, og syng tidvis med.

I løpet av ein dryg time er vi innom det meste og vel så det, og der Meløya nok er ein metafor for den store verda. Det er humor så det held, god underhaldning, og folk i salen ser ut til å more seg. Men i staden for å gå øya rundt over stokk og stein, kunne Meløy kanskje ha freista i større grad å følgje ein sti og ikkje ha riktig så mange sidesprang. Ein time og tjue minutt med presentasjon av komiske figurar, tankespinn og ein god porsjon overspel, kan bli i meste laget.

(Meldinga i litt endra form stod i Klassekampen tysdag den 12. april 2016.)

Leave a Reply