Kjønn vs. klasse

TEATER

MAKT: Som ein lydig hund må Jean kysse frøken Julies støvel. FOTO: MARIUS FISKUM

MAKT: Som ein lydig hund må Jean kysse frøken Julies støvel. FOTO: MARIUS FISKUM

«Frøken Julie»
Hålogaland Teater, Scene øst
Av: August Strindberg
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Terje Skonseng Naudeer
Scenografi og kostyme: Kari Gravklev
Lysdesign: Øystein Heitmann
Med: Ketil Høegh, Marte M. Solem, Ida Løken Valkeapää

Ein maktkamp der kjønn får trumfe klasse utan tilstrekkeleg motstand.

I ei tid då alle konfliktar blir forklart ut frå religion, etnisitet eller kjønn, vel teatersjef Nina Wester ved Hålogaland Teater å ha som programfråsegn at i hennar siste år som sjef skal den raude tråden gjennom repertoaret vere klasseperspektivet. Og ho opnar sesongen med Strindbergs intense kammerdrama «Frøken Julie» frå 1888. Stykket var så kontroversielt i si samtid at Strindberg måtte flytte uroppføringa til København, og det gjekk heile 18 år før nokon våga å setje det opp i Sverige. For her var det uhøyrde konstellasjonar med omsyn til både kjønn og klasse.

Vi er hjå den svenske adelen på slutten av 1800-talet. Det er midtsommaraftan, og i grevens kjøkken gjer tenaren Jean (Ketil Høegh) og kokkejenta Kristin (Ida Løken Valkeapää) seg ferdige med dagens arbeid før dei skal til med dans og feiring. Dei er forlova og pratar forarga om frøken Julie (Marte M. Solem), grevens dotter, som ikkje held seg til dei fastspikra klassenormene, og som openbert leikar seg med tenarskapet. I dette mikrokosmoset er det strenge reglar for både kjønn og klasse, og alle må kjenne sin plass. Det gjer ikkje Julie. Etter kvart kjem ho inn til dei to i kjøkkenet, og ganske skamlaust og direkte legg ho an på Jean. I løpet av natta, og medan Kristin søv, utviklar det seg eit heftig kjenslemessig og erotisk forhold mellom Jean og Kristin. Meir enn eit kjærleiksforhold, er det ein intens kamp mellom klasser og kjønn, ein kamp som til slutt får ei fatal ending.

«Frøken Julie» er eit særs tett og intenst kammerspel der Strindberg rullar ut både kampen mellom mann og kvinne, og mellom herre og tenar. I opninga er det utvilsamt herren som har makta, men etter kvart endrar forholda seg dramatisk. Makt kan vere både subtil og strukturell, og vi anar også religionens kontroll over Kristin, samt den fråverande grevens makt over dei alle. Her er mange tema, og i «Frøken Julie» kan vi sjå like mye av Strindbergs eigen dobbelmoral som oppgjeret med kjønnsroller og borgarleg hykleri.

I Terje Skonseng Naudeers regi, og med Kari Gravklevs særs nøkterne scenografi, er det freista å legge mest vekt på teksten og kva desse menneska gjer med kvarandre. Det er ganske nake og avkledd, men vi kjem diverre likevel ikkje skikkeleg under huda på dei tre aktørane. Det som skulle vere eit intenst makt- og kjærleiksforhold, blir i for stor grad spela teater og ikkje heilt til å tru på. Paradoksalt nok er det Kristin i den minste rolla som blir mest truverdig. Julie manglar den tunge, aristokratiske klassa som gjer at dette kunne bli ein nesten likeverdig kamp. I staden for den mektige, adelege intriganten, blir ho ei ung rikjente som berre leikar seg med elden. Då blir det lett match for Jean, og for lite att av Strindbergs litt meir jambyrdige maktkamp.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 16. januar 2016.)

Leave a Reply