Magisk om nåde og tvil

TEATER

KALDT: Göingeskogen er kald, men det er utanpå. FOTO: TOR ERIK H. MATHIESEN

KALDT: Göingeskogen er kald, men det er utanpå. FOTO: TOR ERIK H. MATHIESEN

«Julerosene»
Hordaland Teater, Stend
Fritt etter Selma Lagerlöfs «Legenden om julrosorna»
Dramatisert av Jane Rasch
Regi og scenografisk idé: Trond Birkedal
Scenografi og lysdesign: Masi Kulturkompetanse
Kostyme: Amalie Rosenquist
Musikalsk leiar: Elin Hestenes
Kor: Kristine Bjånes, Elin Hestenes, Mari Lyssand, Irene Adolfsen Wenæs, Henning Sudmann og Stian Kalvenes Bosdal
Med: Reny Marie Gaassand Folgerø

Ei umåteleg vakker og sanseleg teateroppleving.

I ein blackbox fylt med halvtanna tonn Fretex-klede i ulike grå- og kvitsjatteringar har Hordaland Teater gjenskapt Selma Lagerlöfs Göingeskog, eit særs opplevingsrikt og etter kvart umåteleg vakkert landskap. Som publikum blir vi kledd i ponchoar i same fargevalørar, og går slik i eitt med skogen. Det er skikkeleg førjul på Stend når dette vesle regionteatret presenterer ei av dei vakraste og mest komplette teaterframsyningane eg har sett på lenge.

Vi er nokre hundre år attende i tid, og i ei røvarhole i Göingeskogen lever den fredlause røvaren med familien sin. Røvardottera (Reny Marie Gaassand Folgerø) er forteljaren. Saman med vokalgruppa «Taus» som er forsterka med to mannlege songarar, presenterer ho Lagerlöfs julelegende om den fredlause røvarfamilien som brødfør seg med overfall og tigging. Ein dag kjem røvarmor på tiggarferda si til eit kloster med ein vakker urtehage, men røvarmor kunne fortelje abbeden at i Göingeskogen openberrar det seg ein endå vakrare hage kvar julenatt. Dette hadde abbeden høyrt om, og han bad om å få sjå underet som skulle vere Guds gåve for å feire Jesu fødsel. Det fekk han under tvil, og saman med ein ekstremt skeptisk klosterbror blir han leidd ut i skogen julenatta. På førehand hadde biskopen lova røvarfamilien amnesti om han kunne få ei av blomane frå skogen. Det går diverre ikkje akkurat som vi håpar, i alle fall ikkje i første omgang, men det skal eg ikkje røpe meir om her.

Det er ikkje ofte at ei teaterframsyning, og kanskje spesielt relativt enkelt forteljarteater, blir ei så komplett og mangefasettert sanseoppleving. Etter seks år som teatersjef, takkar Trond Birkedal av med ei førjulsgåve som vil røre dei fleste. Det er han som har både regi og scenografisk idé, og saman med korsong, lyssetting og framifrå spel blir dette ein snau times vandring i eit i dobbel tyding vakkert landskap der tolkingshøva er uendelege, men samstundes heilt opp til den einskilde. Her er sjølvsagt sterke religiøse overtonar, men det handlar like mye om kjærleik, tvil, nåde, menneskeverd, og sjølvsagt dagens situasjon med migrasjon, utstøyting og framandfrykt.

Bak denne urpremieren ligg eit skikkeleg skandinavisk samarbeid. Lagerlöfs julelegende er godt kjend i Sverige, men ikkje her. Nå er ho dramatisert av danske Jane Rasch og framført på nynorsk i Norge. Ved sia av stram regi, intenst og levande spel av Reny Marie Gaassand Folgerø, er det kombinasjonen av lyssettinga, koringa og den fantastiske scenografien der vi som publikum går i eitt med skogen og der overraskande opplevingar formeleg står i kø, som gjer framsyninga så vellukka. Saman med Elin Hestenes har Birkedal leita fram gamal mellomaldermusikk, og den dyktige vokalgruppa framfører songane a cappella som ei vandrande og kommenterande lydkulisse fullstendig integrert i handlinga.

I denne umåteleg vakre familieframsyninga, som passar for alle frå fire til hundre, er det berre å lene seg attende og late seg forføre.

 (Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 24. november 2015.)

Leave a Reply