Off- eller online?

SPELEGLEDE: Mange velkoreograferte innslag i ein revy der andre akta tok heilt av. FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMFUNDET

REVY

«Lurifax »
UKA-15, Studentersamfundet i Trondhjem
Av Forfattarkollegiet
Regi: Andreas Ven Langø og Erik Bauck Bårdstu
Koreografi: Susanne Othilie Gulbrandsen
Kapellmeister: Erik André Jakobsen
Scenografi og kostyme: Kulissegjengen og Kostymegjengen
Med: Studentersamfundets Interne Teater (SIT)

Teknologikritisk og velspela revy der høgdepunkta kjem i andre akt.

 

«La’kke byen få ro, men la den få merke det er en studenterby!» syng ein så det ljomar i storsalen i Studentersamfundet i Trondhjem, og i tre veker framover er det akkurat det som skjer. Det er UKA, Norges desidert største kulturfestival med meir enn 1700 friviljuge, eit utal seminar- og kulturtilbod, to nyskrivne teaterframsyningar og rikeleg høve for studentane til å feste og feire seg sjølve. I ein hundreårig tradisjon har dette vore måten å finansiere drifta av Studentersamfundet, og motoren i det heile er UKE-revyen som hadde urpremiere i helga. Berre avbrote av krigsåra har det vore spela revy annakvart år sia 1913, og utallege er dei mange revyvisene som er blitt udøydelege for eit langt større publikum enn Trondheimsstudentane.

UKE-revyane er tradisjon, men gir også rom for nyskaping, og nokre revyar har faktisk vore trendsetjande. Ein god revy skal ha ein fin miks av alvor og skjemt, formidla med gjøglarglede og overskot, og slik føyer denne revyen seg absolutt inn i rekkja. UKE-namnet er viktig. Det skal gjerne ha tre stavingar og også tre tydingar. Årets namn, «Lurifax», fyller kriteria, men for å forstå det fullt ut, må ein sjå revyen. Namnet er blitt ein sivilisasjonskritisk raud tråd som stadig kjem attende i små innslag. Ein grøn disk overvakar scena. Det er Lurifax, ein syntese av GPS, Google, 3D-skrivar og alle andre tekniske hjelpemiddel som etter kvart har gjort menneska temmeleg dysfunksjonelle og kunnskapslause. Vi får eit lite maskinstormarsk opprør, humoristisk og hjelpelaust, før ein salomonisk finale tar teknologien attende bit for bit. Slik set studentane søkeljos på si eiga samtid. Det er relativt fikst gjort og bind revyen effektivt saman.

Ein UKE-revy skal tradisjonelt ha både ei drikkevise og ei Trondheimsvise. Drikkevisa denne gongen får neppe evig liv, men byvisa er ein vakker og litt melankolsk song om å måtte forlate ein by du er blitt så glad i. Alt i revyen er sjølvlaga og nyskrive. Melodiane er gjennomgåande gode, og nokre særs fengande. Forfattarkollegiet har ikkje vore like heldige med alt. I første akt var det nok litt for mange uforløyste sketsjar. Best er dei på tull og tøys og ellevill harselering, medan storpolitisk satire blir føreseieleg og overspela. Men etter pause tek det heilt av då det eine høgdepunktet avløysar det andre. Eit spesielt fenomen i Trondheim der handelsstanden stadig vekk arrangerer «toilldag» med tulleprisar på einskilde varer, fekk passet påskrive med eit fengande, artig og særs godt framført danse- og songnummer. Og då vi alle trudde at her var kveldens høgdepunkt, tok neste nummer oss fullstendig ned på jorda med ei migrasjonsvise som gjorde at tårene sat laust og som sette flyktningsituasjonen i eit historisk perspektiv. Ein særs god tekst, ein uvanleg vakker melodi og framført sårt, inderleg og ekte.

«Lurifax» er ein velregissert revy, framført i høgt tempo og med presise sceneskift. Teknisk er det briljant og kan måle seg med det meste. Skodespelarane er samspela og stort sett trygge i rollene, og fleire av danseinnslaga er imponerande. Men første akt har eit forbetringspotensial.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 5. oktober 2015.)

 

One Response to “Off- eller online?”

  1. Truls sier:

    Jeg har tillatt meg å klippe inn din anmeldelse av Lurifax på SIT sine web-sider:www.skrift.no/sit

Leave a Reply