Den gode saka

BØKER: Ikkje eit bibliotek, men ein framtidig dokumentasjon for den gode, - og store, saka. Eller? FOTO: FOTOGJENGEN I STUDENTERSAMUNDET

TEATER

Badet i solskinn
Nattforestillinga, UKA 15, Intimen, Elgesetergate 21
Av: Studentersamfundets Interne Teater – Thor Mikkel Nordahl, Erlend Thorin Kirkevold, Marte Sophie Johannessen
Regi: Kaja Waagen
Komponist: Bård Linga
Scenografi: Kristian Ormhaug
Kostyme: Anne Marit Rørholt Vigerust
Med: Dina Riis Kallman, Thea Harnes André, Marlene Nøvik Stavrum, Rune Halsen Sagvolden, Karete Jacobsen Meland og Kristian Aarvåg Kvam

Eit politisk og psykologisk drama om seks menneske som kjempar for ei god sak.

Trondheimsstudentane har spela revy sia 1913, det vil seie frå før UKA tok til, og barneteater sia UKA-77. Men det var i 1995, under UKA «Skjer-mer-@» at den verkelege kunstnarlege nyvinninga såg dagens lys. Under kyndig leiing og framført av folk som i dag er veletablerte i norsk scenekunst, fekk vi presentert noko som blei kalla «nattforestillinga», både fordi ho blei spela seint på kvelden, men også fordi ho var ganske mørk i uttykket. Framsyninga blei ein slik formidabel suksess at ho umiddelbart blei tradisjon, og i år feirar Studentersamfundets Interne Teater (SIT) 20-årsjubileum med produksjonen «Badet i solskinn».

Den første nattframsyninga skapte sin eigen sjanger, ein slags théâtre noir» om vi skulle låne terminologi frå filmverda. Opp gjennom åra har det vore presentert kammerspel, krim og mye forskjellig, men sams er det innovative, at studentane vågar å tenke nytt og utforskande. Fallhøgda blir då også tilsvarande, og med det ganske ulike resultat. Slik må det vere. For å lage noko godt, må du få lov å floppe innimellom.

Årets framsyning har ein tittel som tyder på at SIT har forlate det mørke, men eg vil nok tru namnet er meint ironisk, for tematisk og på alle vis føyer denne produksjonen seg godt inn i arven frå dei tidlegare. Scena er for lengst flytta ut frå det alt for tronge biblioteket i Samfundet, men er likevel på mange vis kome heimatt. I ein nedlagd bilverkstad i Elgesetergate er det rigga ei scene der scenografien er umiskjenneleg som eit bibliotek med nærare femti hyllemeter bøker. Men dette syner seg å vere alt anna enn ein utlånsplass for ålmenta. Vi møter seks eidsvorne menneske som i løynd samlar bøker, truleg i stor fare for å bli oppdaga av «dei» eller «systemet» som er ulike omskrivingar av styresmaktene. SIT har vald ein dramaturgi der dei verkeleg skrellar lauken lag for lag, og det tar lang tid før vi forstår så mye, om vi i det heile nokon sinne gjer det.

Vi er openbert i eit samfunn i slekt med både Orwells og Bradburys dystopiske og ikoniske romanar. Dei seks i biblioteket er menneske som trur på ei stor og god sak, og som har sett seg føre å kjempe for denne saka uavhengig av kva det måtte koste dei personleg. Men i alle slike grupper er det sterkare og svakare ledd, det er tvil og det er underliggjande konfliktar og skjulte agendaer. Alt dette får vi sakte, men sikkert avdekt i eit tidvis ganske intenst kammerspel. Eg skal ikkje røpe korleis det går, også fordi ei av dei viktigaste innvendingane mine mot framsyninga, er at ho nok blir for kryptisk, det tar litt for lang tid å kome inn i plottet, og vi skjønar det nok ikkje heilt når alt er over, heller.

Forfattarkollegiet har tatt tak i både det politiske i å kjempe for ei god sak, i sivil ulydnad, men også i dei underliggjande psykologiske forholda som oppstår i alle grupper. Skal den gode saka trumfe alt? Også heilt personlege og eksistensielle forhold? Kva slags maktkonstellasjonar er det som utviklar seg i slike subgrupper, og korleis kan det nyttast maktpolitisk at det meste må vere hemmeleg? For å skape godt drama, må det i tillegg sjølvsagt også vere med ein porsjon av både kjærleik og svik. Innhaldsmessig og dramaturgisk er det gjort mye godt arbeid, men for oss i salen blir det altså tidvis litt lite fattbart. Spel og personinstruksjon er gjennomgåande ganske bra, men er av og til skjemma av unødvendig overspel. Det gjeld ikkje for Dina Riis Kallman som hadde eit imponerande naturleg nærvær grensande mot det nesten underspelande. Og så må eg få nemne at Bård Linga har skrive musikk som både er ei særs god og stemningsskapande lydkulisse og på same tid effektfullt byggjer opp under dramaturgien.

«Badet i solskinn» føyer seg godt inn i tradisjonen som er skapt gjennom tjue år med nattframsyningar. Eg har nok sett betre, og kanskje først og fremst tydelegare oppsetjingar tidlegare, men SIT skal framleis ha honnør for å våge å eksperimentere og gå nye vegar både formalt og innhaldsmessig.

(Nattframsyninga blir spela på Intimen i Elgesetergate 21 (inngang frå Klæbuveien) nesten kvar kveld fram til 25. oktober.) 

Leave a Reply