Tid er eit relativt omgrep

VATN: Reint vatn kan vere ei lise for både kropp og sjel. FOTO: KETIL BORN

TEATER

Vannposten
Nordland Teater, Mo i Rana
Av Ota Shogo
Omsett av Mari Boyd
Regi: Phillip Zarrilli
Scenografi: Serge von Arx
Kostyme: Nina von Arx
Med: Jeungsook Yoo, Jing Hong Okorn-Kuo, Navtej Johar, Florencia Cordeu, Leammuid Biret Rávndná, Bjørn Ole Ødegård, Ivar Furre Aam, Hilde Stensland, Stein Hiller Elvestad og Rune S. Løding.

Fysisk og detaljrikt teater formidla i eit tempo som gir rikeleg høve til ettertanke.

 

«Vannposten» av den japanske dramatikaren Ota Shogo (1939-2006) er ei teateroppsetjing langt frå det vi er vande med. Shogo var ein av Japans viktigaste dramatikarar og utvikla eit scenespråk der alt unødvendig blei fjerna, og der ein samstundes skrudde ned både volum og tempo. «Vannposten» frå 1981 er eit godt døme på det. Stykket kviler på to viktige premiss. I framsyninga blir det ikkje sagt eit einaste ord, og alt går føre seg i eit uvanleg sakte tempo. Shogo tek oss attende til ein postapokalyptisk situasjon rundt ein utandørs vasskran der vi møter mange ulike menneske, særs sårbare og avkledd det meste. I den saktegåande tagnaden blir alt nådelaust synleg.

Teatersjefen ved Nordland Teater, Birgitte Strid, såg denne oppsetjinga i Singapore i 2004, og freista etterpå å selje ho inn til norske teater, men utan hell. Då ho sjølv blei teatersjef, og kunne gjere litt meir som ho ville, fekk ho like godt den amerikanske dramatikaren og instruktøren Phillip Zarrilli, som sjølv hadde regi på framsyninga i Singapore, til å setje henne opp på Nordland Teater. Med seg har han tre skodespelarar frå Korea, Singapore og India som kjenner det særeigne teaterspråket, og saman med eit særs internasjonalt lag, og tre frå Nordland Teaters eige ensemble, var det duka for skandinaviapremiere torsdag. Resultatet blei ei framsyning som overgår det meste av det eg har sett.

Vi er ein plass i ingenmannsland der menneske kjem og går, møtast og stoppar opp ved ein vasspost. Ingen seier noko, men vi forstår likevel kven dei er, kva dei gjer og kvifor dei er der. Serge von Arx har laga ein velfungerande scenografi som også skal eigne seg for turné. Ei gangbru av tre fører til og forbi ein vasspost. Lyden av det rennande vatnet er lenge det einaste vi høyrer før musikk av mellom andre Albinoni og Satie bryt stilla. Bak vassposten er det nærast som eit søppelberg av gjenstandar folk har sett att. Det er det heile.

I denne litt mørke og dystre scenografien, kontrastert av det livgjevande vatnet, får vi presentert ni tablå med heilt saumlause overgangar. Femten roller formidla av ti skodespelarar der det opnar og avsluttar med same scene. Sakte, særs sakte, skritt for skritt kjem Hilde Stensland inn mot vassposten, ei ung jente som held krampaktig fast i dokka si. I denne opningsscena etablerer ho ein slags kontrakt med publikum om tempo og dramaturgi og set gjennom framifrå og uttrykksfullt spel samstundes standarden for heile oppsetjinga med tagnad, men likevel eit særs tydeleg og leseleg språk der ei ørlita rørsle med ei hand eller eit svakt drag over andletet seier meir enn lange monologar. Vi aksepterer settinga, lener oss attende og lar tida gå inn i ein annan modus. For også tida er relativ, og når det heile er over etter snaue to timar, kjennest det som det berre har gått ein times tid.

Manuset til denne oppsetjinga er berre 20 sider med enkle scenetilvisingar, musikkval osb. Og likevel er det blitt ei framsyning så full av innhald og høve til tolkingar. Då stykket blei uroppført i Japan i 1981, var det nok nærliggjande å sjå det i samanheng med situasjonen etter atombombene for 70 år sia då ord blei innhaldslause. I framføringa på Nordland Teater er dette meir ålmenngjort til å dreie seg om det språklause og nesten apatiske som oppstår etter alle katastrofar. Men i tillegg er det mange andre tolkingar. I ei oppsetjing der detaljane blir så viktige, sit vi og leitar etter metaforar, og finn dei stadig, også der dei kanskje ikkje finst. Men det er nettopp det dei gjer. Ved ein utsøkt personinstruksjon med merksemd på dei minste detaljar, har Zarrilli greidd å gjere dette til ei opplevingsreise av dei heilt sjeldne. Og sjølv om folk må få tolke som dei vil, er det for meg to openberre og særs aktuelle forståingar. Dette handlar om migrasjon, om folk på flukt, om folk som dreg med seg heile historia si, men som etter kvart må frigjere seg frå meir og meir, derav søppelberget bak vassposten. Den presserande flyktningsituasjonen i Europa, og lagnadane bak blir særs synleg. Og så er det miljøperspektivet med kontrasten mellom den katastrofen vi berre anar og det livgjevande rennande vatnet, samlingspunktet og håpet,  der dei drikk, vaskar seg og endåtil badar.

«Vannposten» er blitt ei særs sanseleg, vakker, velspela og opplevingsrik framsyning. All ære til Nordland Teater som vågar å satse så dristig, som har så høge kunstnarlege ambisjonar, – og som i tillegg får det til.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 28. september 2015.) 

 

Leave a Reply