Alt er tilfeldig

LESE FRÅ MANUS: Bildet lyg, for det var atskillig meir staffasje enn som så under framføringa. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

Rosenkrantz og Gyldenstern er døde
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Tom Stoppard
Omsett av André Bjerke
Regi og ilesesetjing: Espen Klouman Høiner
Scenografi og kostyme: Serge von Arx
Med: Kenneth Homstad, Kristian Seltun, Espen Klouman Høiner, Hallbjørn Rønning, Trond-Ove Skrødal, Renate Reinsve, Christian Ruud Kallum, John Yngvar Fearnley m.fl.

Ein leiken parafrase over ein parafrase.


Trøndelag Teater held fram med sitt eige prosjekt, «ilesesetjing», som er ei form for dogmeteater der åtte reglar eller dogme skal følgjast, som at ein nyttar manus, er tru mot teksten, kommenterer han, det meste skal finnast og skapast der og då osb. Tidlegare har dei sett opp «Andevariasjoner», «Geografi og Kiærlighed» og «Kiærlighed uden Strømper» med særs vekslande resultat, og der «Andevariasjoner» nok er den beste.

Med bakgrunn i at «Hamlet» for tida blir spela på hovudscena, har teatret nå sett opp Tom Stoppards «Rosenkrantz og Gyldenstern er døde», ein leiken parafrase over Shakespeare der Stoppard held fram to av bipersonane i «Hamlet», prinsens gamle venner Rosenkrantz og Gyldestern som blir aktørar i eit større spel dei ikkje anar konsekvensane av, og som etter kvart set i scene sin eigen undergang. Det er ein absurd og kvasifilosofisk tekst, glitrande omsett av André Bjerke. Eg har aldri sett det oppsett som vanleg teater, og må difor ta nokre atterhald ettersom det er openbert at dette er ein parafrase over parafrasen, og ikkje Stoppard rett fram.

Espen Klouman Høiner, som sjølv spelar Hamlet, har instruert det heile, og det er blitt ein fornøyeleg seanse, velspela, absurd, artig og leikent, og også litt sjølvironisk. Dei ulike rollene blir spela av dei same som i «Hamlet», og i Serge von Arx’ flotte scenografi og kostyme. Berre Rosenkrantz (Kenneth Homstad) er i sivil. Med brokkar frå handlinga i «Hamlet» som bakteppe, møter vi Rosenkrantz og Gyldenstern i surrealistisk samtale om dei store spørsmåla, samt forholdet til Hamlet. Men alt her møter teateret sitt første problem. I Runar Hodnes særs stramme regi av «Hamlet» er det gjort mange strykingar. Mellom anna er Gyldenstern borte, og Rosenkrantz spelar dermed på eit vis båe rollene. Kva gjer ein då? Ein ropar sjølvsagt på teatersjefen som trår til og les rolla til Gyldenstern, openbert som teatersjef og ikkje som nokon freistnad på å framstå som noko anna. Det gir nye artige metapoeng, som når han fortel at han i samband med vitjinga av teatertruppen har ein «viss innflytelse». Når Seltun ikkje har høve til å vere Gyldenstern, hentar dei berre ut andre frå «Hamlet», gir dei ein tekstperm, og så er Gyldenstern skapt på ny.

Gjennom absurde samtalar og stadige referansar til det som går føre seg bak på scena, får vi innblikk i kor tilfeldig alt er, og korleis folk ikkje berre er bipersonar i det verkelege livet, men også i sitt eige. Det er gjort humoristisk og intelligent, og det er eit særs opplagt ensemble som openbert kosar seg i situasjonen. Espen Klouman Høiner syner med denne produksjonen at han ikkje berre er ein framifrå skodespelar, men også ein dyktig instruktør. Av dei fire ilesetjingane teatret har presentert, er nok denne den mest ambisiøse og omfattande, og på nokre av felta gjekk han vel også litt på akkord med dei åtte reglane for ilesesetjing. Det toler vi særs godt. Men det er synd det berre blei med denne eine framsyninga for dette stuntet hadde fortent eit større publikum. 

Leave a Reply