Stilisert og tydeleg

 

 

STILISERT: Like stilisert som scenografien er denne oppsetjinga av "Hamlet". FOTO: BENGT WANSELIUS

TEATER

Hamlet
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av William Shakespeare
Omsett av André Bjerke
Regi: Runar Hodne
Scenografi og kostyme: Serge von Arx
Komponist: Lars Petter Hagen
Med: Espen Klouman Høiner, Trond-Ove Skrødal, Janne Kokkin, Renate Reinsve, Mads Bones, Christian Ruud Kallum, Øyvind Brandtzæg, Kenneth Homstad, Hallbjørn Rønning m. fl.

Ei minimalistisk oppsetjing der all staffasje er skore bort og ordet får rå.

Allereie den særs stiliserte, vakre og reinskorne scenografien til Serge von Arx, tidlause søyler som ålmenngjer dramaet på Kronborg slott, syner at her vil regissør Runar Hodne vise oss ein tydeleg «Hamlet» der ordet står i sentrum og all unødig staffasje er skore bort.

Prins Hamlet (Espen Klouman Høiner) har kome heim for å delta i gravferda til far sin, kongen, berre for å finne seg sjølv i bryllaupet til onkelen Claudius (Trond-Ove Skrødal) og mora (Janne Kokkin). Når den avdøde faren (Hallbjørn Rønning) syner seg i ei openberring og fortel at han blei myrda av Claudius, legg Hamlet planar for å avsløre onkelen og etterkvart drapet. Og så er vi i gang med verdsdramatikkens mest spela drama der fortolkingane framleis er uendeleg mange og ulike.

Den politiske situasjonen er eit Danmark truga av ytre fiendar, medan kongen er mest opptatt av intrigar og intern makt. Og stykket handlar om eksistensiell krise med ødipale undertonar, håplaus kjærleik, tvil og sanningssøking, og ikkje minst trongen til hemn. I tillegg til mye anna. I Runar Hodnes relativt minimalistiske oppsetjing, blir mye av dette i beste fall utydelege bakteppe, medan det eksistensielle, Hamlets galskap og hemnmotivet er det vesentlege. Det gjer alt så mye tydelegare, men faren er at viktige element blir ofra. Rollelista er skore ned til ni (pluss dei tre i teatertruppen), Gyldenstern er borte, men på meisterleg vis kompensert gjennom ein velopplagt Rosenkrantz (Kenneth Homstad) som tar framifrå vare på den burleske humoren som ofte er underliggjande i Shakespeares drama. Vanskelegare å fatte er at gravescena med den ikoniske hovudskallen er skore bort. Men det største problemet i ei slik minimalisering er at ein del av rollene får for lite å spele på, og det gjeld spesielt syskenparet Ophelia (Renate Reinsve) og Laertes (Mads Bones). Ophelia blir på mange vis ei umælande Ibsensk Solveig, medan det er vanskeleg å forstå kva som skjer med Laertes med tanke på hemn og forsoning ettersom endringane skjer så raskt.

Det som likevel står att etter desse innvendingane, er ein særs tydeleg og forståeleg «Hamlet» ei oppsetjing som først og fremst handlar nettopp om han, og der Espen Klouman Høiner får bruke heile registeret sitt, og nesten vel så det. Særleg overtydande er den galskapen han går inn i etter at det gradvis går opp for han at faren er myrda, ein galskap som tilsynelatande er rasjonell og planlagt, men der han stadig gjer oss usikre på om han berre trur han spelar gal, eller om han i røynda er det. Det er meisterleg gjort. Og så har Hodne og Høiner herja litt med den berømte monologen «Å vere eller ikkje vere», og det var både fikst, frigjerande og ga faktisk også rom for ny tolking.

Runar Hodnes «Hamlet» er, trass mine innvendingar mot at kanskje litt vel mye er skore bort, likevel blitt ei særs god oppsetjing der Hamlets eksistensielle krise og galskap står i sentrum, og der dette både blir lett forståeleg og ikkje minst framifrå formidla.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. september 2015.)

 

Leave a Reply