Familiar på randa

ROM: Ein scenografi som gir rom for det meste. FOTO: GISLE BJØRNEBY

TEATER

2 x Ibsen
Fruen fra havet møter Lille Eyolf
Hålogaland Teater, Scene vest
Av Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Anders T. Andersen
Omsett til nordnorsk av Ragnar Olsen
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Musikk: Fläskkvartetten
Med: Silje Storstein, Ketil Høegh, Trond Peter Stamsø Munch, Marius Lien, Marte Germaine Christensen, Rebekka Nystabakk m.fl.

To familiar med eksistensielle problem, og båe martra av saknet av eit barn.

Det er ei i dobbelt tyding breitt tilrettelagt framsyning Hålogaland Teater opnar haustsesongen med. To av Ibsens nåtidsdrama, «Fruen fra havet» (1888) og «Lille Eyolf» (1894) blir spela ut parallelt i eit scenerom der Dagny Drage Kleivas scenografi verkeleg utnyttar breiddeformatet på teatrets hovudscene. Scena er som eit enormt veggmåleri, eller som ein oppblåst versjon av barndomens dokkehus der du ser inn i heile seksten ulike rom. Her tar regissør Anders T. Andersen oss med inn i to parallelle univers der vi saumlaust blir leidd fram og attende mellom dei to familiane Wangel og Allmers. Alle rollene er med, og teatret er relativt tru mot teksten i dei båe. Lenge er det difor litt vanskeleg å henge med i kva for familiedrama vi er med i, men gradvis møtest historiene, rett nok berre ein gong fysisk og faktisk, men heile tida i tematikk og innhald.

Ekteskapet til Elida (Silje Storstein) og Wangel (Ketil Høegh) har skranta etter at sonen deira døydde som spedbarn, og Elidas tidlegare kjærleikshistorie til ein mystisk sjømann (Trond Peter Stamsø Munch) heimsøkjer dei når mannen plutseleg dukkar opp etter ti år. Alfred (Marius Lien) og Rita Allmers (Marte Germaine Christensen) opplever først at sonen Eyolf, som blei ufør då han ramla ned frå stellebordet medan dei hadde ein hyrdestund, kjem mellom dei. Når han så druknar, blir krisa verkeleg eksistensiell. Og betre blir det ikkje av at Alfreds tette forhold til halvsystera, Asta (Rebekka Nystabakk), endrar karakter når det syner seg at dei to ikkje er sysken. I båe historiene er det martringa frå saknet av ein død son kombinert med utfordringa frå ein skummel ytre flamme som ligg i botn. I tillegg til mange andre Ibsen-tema som utluftinga av den falske borgarlege idyllen, fornuftsekteskap, livsløgner og sanning, ideale fordringar osb. Dette er for så vidt godt kjend for dei fleste, men Andersen har makta å kombinere dei to historiene og halde alle dei ulike treffpunkta opp for oss.

For å greie dette, har han sjølvsagt måtta kutte ein del. Både Ballested og Rottejomfruen er minimalisert til statistar, og slik mistar i alle fall «Lille Eyolf» ein vesentleg dimensjon. Men i det enorme scenerommet lar Andersen likevel det meste få plass. Det er saumlaust og imponerande synkront, det er god personinstruksjon, og relativt godt spel. Og som så ofte før,  har den språklege trollmannen Ragnar Olsen omsett det heile til eit frodig og levande nordnorsk. Der Ibsen berre indikerer, presenterer Andersen oss også for dampande erotikk og saftige kjærleiksscener. Og i Dagny Drage Kleivas storslagne scenografi og Øystein Heitmanns lekre lysdesign, er oppsetjinga først og fremst blitt særs vakker.

Anders T. Andersen har vist oss at det er forbausande mange likskapstrekk i to av Ibsens drama. Det er gjort lekkert og synkront, men så er spørsmålet om regissøren med dette greier å seie noko nytt eller gi oss ei ny forståing, og det har eg vanskeleg for å sjå at han gjer.  

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 7. september 2015.)

 

Leave a Reply