Horungen (eller: Alle spels uekte dotter)

TIDSREISE: Kong Sverre og Maria von Trapp på same scene. Kva gjer vel 750 års skilnad? FOTO: AMUND GRIMSTAD

TEATER

Slaget på Testiklestad
Trøndelag Folkemuseum, Sverresborg
Av Mads Bones, Ole Christian Gullvåg, Kyrre Havdal og Olve Løseth.
Regi: Mads Bones og Olve Løseth
Komponist/musikalsk ansvarleg: Kyrre Havdal
Koreografi: Martha Standal
Med: Olve Løseth, Mads Bones, Kristine Welde Tranås, Karl Vidar Lende, Mira Dyrnes Askelund, Ole Christian Gullvåg, Silje Lundblad, Per-Theodor Paulsen, Martha Standal, Ida Göransson m. fl.

Ein oppfølgjar som er minst like respektlaus og humoristisk som fjorårets store spelparodi, men som i tillegg fornyar seg både i komikk, repertoarutval og alvoret i skråblikka.

For eitt år sia såg og melde eg «Slaget på Testiklestad», ein intelligent, ellevill og heilt respektlaus parodi på spelfenomenet. Så vellukka var denne framsyninga at ho er sett opp att i år med stort sett same ensemble, på same stad og til same tid. Eg plar ikkje melde slike årvisse spel, – det gjekk til dømes tjue år frå eg melde «Spelet om Heilag Olav» første gong til den neste. Men etter at eg i går såg «toaren» på Sverresborg, har eg bestemt meg for å gjere eit unnatak. Det gjer eg fordi oppsettinga har nokre viktige endringar, men først og fremst fordi eg berre må. Denne hysterisk morosame respektløysa er for god til ikkje å bli meld.

Sjølv om årets oppsetting har mye nytt i seg, står meldinga mi frå i fjor seg godt som grunnlag, og i staden for å seie det same oppatt, eller å prøve å verke flink ved å seie det med andre ord, lenker eg rett og slett til bloggteksten http://amund.info/2014/08/slaget-pa-testiklestad/   slik at dei som vil, kan lese han, og så kan eg i staden konsentrere meg om endringane.

Komponist og forfattarar har laga ein tekst som er så meta, meta, meta at det er uråd å sjå kor mange ulike lag han har. I fjor var det Kjersti Tveterås i rolla som suffløren som stod for hovudtyngda av dette, og det gjorde ho så dysfunksjonelt og overtydande at ein skulle tru det var vanskeleg å erstatte ho. Men det greier faktisk Karl Vidar Lende til fulle. Saman med skalden, Olve Løseth, eller kanskje meir korrekt; i øydeleggjande motspel med Løseth, set dei tonen for både humoren, sjangerblandinga og ikkje minst dei mange ganske intelligente skråblikka på spelfenomen, sponsing, Hagadynastiet, moral, ein visesongar i eksil og mye, mye meir.

Historia er, som i dei fleste spela, framleis den same, tunne suppa. Vi er i kong Sverres tid der mannen som blei lyst i bann av paven kontrafaktisk har bestemt seg for å hemne seg ved å avkristne landet. Det skal han gjere med eit avgjerande slag på historisk grunn, og difor er han på veg «te Stiklestad» når han nå overnattar på garden Ful. Der ventar det han ei fantastisk blanding av dei fleste spela i Midt-Norge, uavhengig om dei handlar om vikingtid, mellomalder, store nordiske krig eller ein britisk lady på 1800-talet. Tid og rom spelar inga rolle, og i denne tidsreisa har dei i år gjort oppsettinga endå meir aktuell ved å utvide spelparodien til også å omfatta annan scenekunst. Kva er meir naturleg enn at Silje Lundblad (som spela Maria von Trapp i Sound of Music på Trøndelag Teater i vinter) dukkar opp som nonne frå Tautra og skal undervise ungane. Og som forfattarane alt gir tilkjenne i programmet, har dei lagt lista lægre og ikkje høgare i år, faktisk langt under beltestaden, – men samstundes godt over streken! Eg er ingen stor fan av underbuksekomikk og pubertal humor, men her måtte eg berre gi meg over. Den kjende musikalsongen «Do-re-mi» der ungane lærar skalaen, blir her framført, av nonna, som «Då-sa-mi». Eg skal ikkje røpe meir, men Silje Lundblad bringer endå ein ny dimensjon inn i denne oppsettinga. Sjølv var eg skeptisk til at teamet skulle lage ein «toar», og meinte dei burde ha gitt seg på topp i fjor, men når ein ser korleis dei forsyner seg både av spel og annan scenekunst, kan dette faktisk bli ein spennande føljetong i åra som kjem. Kven blir den neste dei herjar med?

I fjor fekk reklameavbrot av kultur- og idrett på TV eit betimeleg og særs humoristisk skråblikk. I år fekk vi også ein cliffhanger med bråstopp og reklamepause, men denne gongen var det dei usmakelege utsegnene til ein visesongar i spansk eksil som fekk gjennomgå i ein vassing i fordommar og stereotypiar som fort kunne ha blitt ganske plumpe og rasistiske, men som blei ei både særs humoristisk og alvorleg påminning om at det er heilt andre spel som går føre seg i Middelhavet.

«Toaren», som dei sjølve kallar årets oppsetting, har framleis dei same dramaturgiske problema, ensemblet leitar fortsatt etter moralen i stykket, og det er sikkert ikkje berre bodbringarar, men også darlings dei med fordel kunne ha tatt livet av. Men dette er så sjølvironisk, så sjarmerande, så velspela og intelligent, at det gjer ingen ting. Og det er vel også godt å ha eit forbetringspotensial til «trearen»?

2 Responses to “Horungen (eller: Alle spels uekte dotter)”

  1. […] historiske lenkene for dei uinnvigde (om dei finst): Den første oppsetjinga i 2014, den andre i  2015, den tredje i 2016 og den fjerde i 2017 […]

Leave a Reply