Naturens eigen moral

FATTIGFOLK: Ei gripande historie om at hjarterommet kan vere størst der velstanden er minst. FOTO: ARILD MOEN

TEATER

Århundrenes legende
Teatret Vårt, Molde
Av Victor Hugo
Omsett og gjendikta av Bjørnstjerne Bjørnson
Regi og bearbeiding: Tormod Carlsen
Scenografi og kostyme: Karin Gille
Med: Bjørnar Lisether Teigen, Vivi Sunde, Nasrin Khusrawi, Hugo Mikal Skår og Lars Melsæter Rydjord.

Kanskje den gode latteren også kan redde verda?

«De gode gjerninger redder verden» skreiv Bjørnstjerne Bjørnson på dødsleiet i 1910, og meir rakk han ikkje skrive. Denne programmatiske, og ikkje minst optimistiske utsegna, står som eit bakteppe for framsyninga «Århundrenes legende» som hadde premiere på Teatret Vårt i Molde laurdag, og som skal vere opningsframsyning under Bjørnsonfestivalen som tar til om ei veke. Stykket er ein diktsyklus av Victor Hugo, ei rekkje små forteljingar som alle har det sams at gode gjerningar, og ofte uventa hjelp, er det som gir håp for verda. I dei små fabelliknande historiene er naturen eit særs viktig element, og har på mange vis sin eigen moral, ein grøn determinisme, om du vil. Bjørnstjerne Bjørnson omsette og gjendikta Hugos diktsyklus, og nå har Teatret Vårt dikta vidare.

For den framsyninga vi fekk sjå, var ei ganske fri tolking av Hugo og Bjørnson. Tormod Carlsen, som har ansvar for regien, har tatt oss med til eit samfunnshus der ein entusiastisk liten gjeng med amatørar, ambisiøse så det held, men med alle amatørars begrensningar, har sett seg føre å dramatisere dei elleve forteljingane. Det er blitt ei tidvis humoristisk og velspela blanding av det meste, litt regissert forteljarteater, parodi på amatørisme, masse humor, og gripande og intense scener, men slett ikkje utan problem.

Å lage god parodi på formidling av djupt alvorlege tema samstundes som du skal ta vare på nettopp det seriøse, er inga lett oppgåve, og her ligg framsyningas største utfordring og problem. Dei fem på scena herjar med amatøranes pompøsitet, overspel, sceneskrekk, mangel på timing og scenografiske og tekniske fadesar, og alt dette er gjort humoristisk og utan vondskap. Latteren sit laust. Men det tar tid å etablere situasjonen, og i mellomtida skal dei presentere historier som er langt frå humoristiske. Slik druknar fleire av dei i overspel, gags og velregissert «ufriviljug humor». For publikum blir det på eine sida vanskeleg å få med seg innhaldet i historiene, og samstundes blir vi usikre på kva regissøren vil med dette metateatret med to så ulike lag.

Men glimtvis roar det seg, og i tre av forteljingane blir amatørane så fortrulege med teksten at dei greier å formidle dei vakre og universelle historiene som ligg bak. Det gjeld Lars Melsæter Rydjords naivistiske og inderlege presentasjon av forteljinga om Lille Pål og behovet for omsorg og varme, den velkjende fabelen om eselet som reddar ei padde, godt fortald av Vivi Sunde, og endeleg historia om fattigfolk og solidaritet, vârt og gripande formidla av Nasrin Khusrawi. Og så er finalen, der Lars Melsæter Rydjord som satyr går heilt amok, eit hysterisk morosamt døme på korleis det kan gå når ensemblet verkeleg maktar å kombinere historieforteljing og parodi.

«Århundrenes legende» er ei leiken, underhaldande og velspela metaframsyning. Det er ikkje grenser for kva det vesle og ambisiøse ensemblet finn på for å lukkast, frå utlodding til Michael Jacksons «Heal the World», for ikkje å snakke om alle dei scenografiske effektane. Her ligg også framsyningas store problem ved at historiene bak tidvis berre blir undertekst og knapt nok det. Men kanskje er det slik at den gode latteren også kan vere med på å redde verda?

 (Meldinga stod i Klassekampn måndag den 24. august 2015.)

Leave a Reply