Skremmande aktuelt

HELD FORTET: Line Heie Hallem syner oss intenst og gripande at kvinnfolka heime kunne ha det minst like tøft som dei som var ute som grenselosar. FOTO: ESPEN STORHAUG

TEATER

Flyktningelosen
Eit historisk musikkteater
Scene Midt, Borggarden Stiklestad
Av Marte Hallem

Regi og dramaturgi: Espen Løvås
Scenografi: Bård Lie Thorbjørnsen
Med: Line Heie Hallem, Lavrans Haga, Ole Christian Gullvåg, Arnstein Langåssve, Gjermund Haga, Trine Elise Gjermstad, Espen Hovdal m. fl.

Eit lite og nystarta produksjonsselskap som presenterer eit velspela og skremmande aktuelt musikkdrama.

Det vesle produksjonsselskapet Scene Midt debuterer med eit historisk musikkspel om grenselosane og flyktningtrafikken i Verdalsfjella under krigen, og gjer det med eit intenst, aktuelt og særs velspela drama om vår ganske nære fortid. Marte Hallem har tatt tak i lokalhistoria i Verdal, gjort mye research og henta fram ein viktig del av den meir gløymde krigshistoria. Verdal ligg nær Sverige og var eit naturleg utgangspunkt for losing av folk som måtte kome seg i tryggleik i grannelandet. Dei fleste aktive er nå borte, og få av dei prata mye om det dei gjorde. Det blei ikkje så mye heider etterpå heller. Og medan mange av mennene i Verdal tok stor risiko ved å hjelpe folk i naud, var det ofte minst like tøft for kvinnfolka som var att og som måtte halde fasaden overfor NS-naboar og tyske okkupantar. Mange av kvinnene ønska også å bidra meir aktivt. Mot slutten av krigen blei det etablert ein russisk fangeleir i Verdal, og her gjorde kvinnene ein formidabel innsats for å redde liv og yte humanitær bistand. Alt dette og meir til har Marte Hallem nytta som bakteppe for eit tett og intenst drama om ekteparet Margrete (Line Heie Hallem) og Reidar Olavsmo (Lavrans Haga) som berre gjorde det dei kjende var rett, om naboen deira, storbonden og NS-mannen August Evaldsen (Ole Christian Gullvåg) som hata kommunistar og som hadde eit langt meir pragmatisk forhold til okkupasjonen, og om ein handfull folk rundt desse tre.

Bakteppet er krigen og vi følgjer heile krigsforløpet frå april 1940 til mai 1945. Og den ytre handlinga er sjølvsagt vala mellom rett og gale, humanisme eller medløperi, og om kva som gjer at folk vel ulikt. Men i tillegg er dette også blitt eit psykologisk drama der Hallem og regissør Espen Løvås presenterer oss for heile personar der heltane har sine svake sider, og skurken kanskje ikkje er fullt så ille når det kjem til stykket. Det er tvil og tru, og det meste blir presentert nært og særs truverdig. Nokre dramaturgiske grep er ikkje heilt på plass, mellom anna er det vanskeleg å forstå at det berre er ei veke mellom førarens sjølvmord og fredsslutninga når så mye er lagt inn i handlinga i denne tida, og det er nok også i for liten grad bygd opp til Margretes fatale val. Men i den store samanhengen blir dette mindre viktige bagatellar.

Framsyninga blir vist i borggarden på Stiklestad, ei i utgangspunktet ikkje heilt enkel scene. Men Bård Lie Thorbjørnsen syner at det ikkje er utan grunn at han har fått Heddaprisen for beste scenografi to år på rad. Her har han skapt ei uendeleg djup skogsscene som gir rom for både nære drama, store tablå og illusjonen av å vere på flukt i skogen. Det er like effektfullt som det er genialt. «Flyktningelosen» er eit musikkspel, og Marte Hallem har i tillegg til manus også skrive musikken og stått for songinstruksjonen. Det er imponerande. Dei rundt førti statistane utgjer eit kraftig kor, det er melodiøse songar, overraskande gode songprestasjonar  og flotte, velkoreograferte masseopptrinn. I dei berande rollene er det godt og truverdig spel, og særleg var Line Heie Hallems inderlege og særs mangefasetterte tolking av ho som var heime og måtte halde fortet, både intens og tidvis særs gripande. Eg blei i alle fall rive med.

«Flyktningelosen» er blitt ein verdig hyllest til lokale og gløymde kvardagsheltar, og ei heilt naudsynt påminning om at det er ei plikt for alle menneske å hjelpe folk i naud. Det er eit lite stykke teater som verkeleg går inn i si tid, som lågmælt og med enkle middel fortel om dei eksistensielle vala mellom rett og gale, og som i tillegg er ei særs godt fortald historie.

Leave a Reply