Alt det usagde

SJØLVRESPEKT: Uteliggjar og skolaus, men det sømer seg likevel ikkje å ha brune sko med svarte lisser. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

Vaktmesteren
Trøndelag Teater, Teaterkjellaren
Av Harold Pinter

Omsett av Jens Gunderssen
Regi: Øyvind Brandtzæg
Scenografi: Toril Skipnes, Anita Gundersen og Karianne Barstad
Med: Harald Brenna, Trond-Ove Skrødal og Jan Frostad

Særs velspela psykologisk drama om sjølvrespekt, fantasiar og manglande kommunikasjon.

«Vaktmesteren» (The Caretaker), som hadde premiere i 1960, var Harold Pinters store gjennombrot som dramatikar. Eit absurd, men likevel langt frå surrealistisk stykke om to brør og ein uteliggjar, tre menneske som på ulike vis strir med å fungere nokolunde sosialt, som pratar saman utan å kommunisere, og som slit med å halde oppe ei viss verdigheit og sjølvrespekt. I Trøndelag Teaters oppsetjing i Teaterkjellaren er det blitt eit tett og psykologisk drama som er langt meir realistisk enn det absurde skulle tilseie.

Den ganske kyniske livsløgnaren og fantasten Mick (Jan Frostad) eig ein liten bygard der broren Aston (Trond-Ove Skrødal) har sitt trygge, men ganske asosiale univers. Han er øydelagd etter elektrosjokkterapi i yngre år, og lever eit fullstendig avsondra liv som ein slags vaktmeister i eit husvære som minnar mest om ein skraphandel. Handlinga opnar med at Aston reddar Davies (Harald Brenna) ut av eit basketak, og gir han husly for ei stund. Dei er to fullstendig ulike menneske. Aston stille, overberande, asosial, men likevel søkjande og med mye uforløyst omsorg, medan Davies er løgnaren, manipulatoren, monomant opptatt av seg sjølv, blotta for empati, og den som heile tida tilpassar historia si til det han trur er mest lønsamt. Likevel utviklar det seg gradvis eit slags udefinert fellesskap mellom dei to. Samtalane er noko så sjeldan som mannleg smalltalk tatt fullstendig på kornet, og sjølvsagt tidvis ufriviljug komisk absurd. Men likevel er spelet og båe lagnadane høgst realistiske og truverdige, særleg etter at vi gjennom ein intens og lågmælt monolog får innblikk i forhistoria til Aston.

Så dukkar storebror Mick opp, den kanskje mest absurde figuren i historia, og hans uføreseielege temperament som både mild og aggressiv, gjer at framsyninga endrar karakter frå å vere relativt humoristisk til å bli langt meir alvorleg og trugande. Mick set dei to andre opp mot kvarandre, og det blir ein slags maktkamp som uteliggjaren Davies til slutt ser ut til å tape. Men den ytre handlinga er nesten irrelevant, for mellom linene dreier dette seg om mange ulike former for menneskeleg interaksjon, om manglande kommunikasjon og alt det som ikkje blir sagt.

Øyvind Brandtzæg gjorde stor suksess då han sette opp Pinters «Bedrag» i 2013 der han nærast dyrka det usagde. I regien av «Vaktmesteren» følgjer han opp med å vere like tru mot forfattaren. Det er ei tekstrik oppsetjing som han har greidd å presentere tett og intenst, og med fleire gode dramaturgiske høgdepunkt sjølv om sceneskifta kunne ha vore litt meir saumlause. Det er eit ensemble som ser ut til å kose seg på scena, som står særs godt til kvarandre, som stoler fullt ut på både teksten og Pinter, og som let replikkane søkke og tar seg gode pausar så vi formeleg høyrer det som ikkje blir sagt. Dette er Harald Brennas avskilsframsyning før pensjonisttilveret, og han leverer ein kraftprestasjon av ei rolletolking som uteliggjaren Davies. Og så var det ein sann svir å oppleve idérikdomen til dei tre scenografane, som smålåtent nok berre kallar seg visuelle konsulentar, men som i rekvisittvalet har vore oppfinnsame ned til minste detalj, og vel så det.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 16. mai 2015.)

Leave a Reply