Leik med konvensjonar

SØT MUSIKK?: Når Leonce og Lena møtast er sjølvironien større enn pasjonane. FOTO: SIGNE FUGLESTEG LUKSENGARD

TEATER

 

Leonce og Lena
Trøndelag Teater, Studioscena
Av Georg Büchner

Omsett av Trond Winje
Regi: Johannes Holmen Dahl

Scenografi og kostyme: Katja Ebbel Frederiksen
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Anders Schille
Med: Preben Hodneland, Christian Ruud Kallum, Karl-Vidar Lende, Henriette Marø og Renate Reinsve.

Ein intelligent og nyskapande parafrase over Büchners klassikar, ein særs humoristisk leik med teaterkonvensjonar.

 

Georg Büchners  satiriske lystspel frå 1836 kan på overflata sjå ut som ein ufarleg kjærleikskomedie. Kongen (Preben Hodneland) har avgjort at sonen Leonce (Christian Ruud Kallum) skal gifte seg med prinsesse Lena (Renate Reinsve) frå nabolandet. Dei to har aldri møttest og opponerer båe mot avgjerda. Uavhengig av kvarandre rømmer dei frå det heile. Livet ved hoffet er keisamt og tomt, kongeriket er totalitært, og ungdommane har andre ideal. Ved eit slumpetreff møtest dei to, forelskar seg og ved hjelp av Valerio (Karl-Vidar Lende) giftar dei seg i kongens påsyn, men nærast inkognito. Ved finalens maskefall syner det seg at alle, også brudeparet, er lurt. Eit ufarleg lystspel, skulle ein tru, men Büchners undertekst er opprørsk og både system- og sivilisasjonskritisk. Han går til kamp mot innhaldsløyse, makt, rikdom og konvensjonar.

Johannes Holmen Dahl er tru mot historia og ideane til Büchner, men den versjonen av «Leonce og Lena» han gir oss, er like mye ein parafrase over den opphavlege teksten og ein kommentar til han, som han er ein kommentar til teatret og heile scenekunsten. Det er nyskapande, leikent, litt frekt, uvanleg humoristisk og særs godt teater. Oppsettinga er Dahls masteroppgåve i regi ved Teaterhøgskolen i Oslo, og fire av dei fem i ensemblet er frå det siste årskullet ved skodespelarutdanninga same stad. Om dette er representativt, lovar det særs bra for framtida i norsk teater.

Utan mye scenografi og rekvisittar,  – vi er jo i eit samfunn fylt av tomheit og det keisame, opnar det heile som eit lesestykke der vi på utførleg, men ikkje mindre humoristisk vis, blir presentert for dei ulike aktørane. Det blir straks etablert eit spesielt tilhøve mellom scene og sal der skodespelarane i heile framsyninga er i aktiv dialog med publikum, og der alt går ut på at dette er spela røyndom. Det er teater. Og det er i høgste grad metateater. Spelet er tidvis, men særs medvete, ganske uferdig. Scener må takast oppatt, det er feil entré, og aktørane er avslappa og ler både av seg sjølve og med publikum. I Büchners originaltekst er det referansar til både «Hamlet» og «Ein midtsommarnattsdraum». Det er det også i denne versjonen. I tillegg til eit utal populærkulturelle referansar, kommenterande songinnslag og ei mengd teatermetaforar. Alt pakka inn i ei tilbakelent, lett sjølvironisk og småpompøs ramme der det ironisk sjølvhøgtidelege og den intelligente leiken med teaterkonvensjonar gjennomsyrar det heile.

I tillegg til dei fire rollene som alt er nemnt, er det ei rekkje små biroller som alle er spela av Henriette Marø. Hennar mange ulike figurar er små komiske tablå som delvis er heilt uavhengige av framsyninga, men som kommenterande og illustrerande teatermetaforar likevel fullstendig naudsynte. Gjennom ein naivistisk og nesten sjølvutslettande spelestil manar ho fram den eine komiske kommentaren etter den andre. I romanen «Fifth business» definerte forfattaren Robertson Davies i si tid det han kalla «den femte rolla» som den som i klassisk teater korkje er helt, heltinne, fortruleg eller skurk, men som likevel er heilt avgjerande for å drive framsyninga framover. Aldri har eg sett eit betre døme på dette enn Henriette Marøs mange ulike figurar, nokre av dei fullstendig på sida, men likevel så grunnleggjande viktige for heilskapen.

«Leonce og Lena» i Johannes Holmen Dahls regi er ein regimessig genistrek som både er nyskapande og tru mot originalen, ei særs leiken framsyning som herjar vilt og humoristisk med både språk, scenekunst og konvensjonar.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 27. april 2015.)

Leave a Reply