Observant og humoristisk

RETTHAVERSK: Han er retthaversk, og ho er litt gal. Nokon som kjenner seg att? FOTO: ESPEN STORHAUG

TEATER

Folkehelsa
Nord-Trøndelag Teater, Stjørdal Kino
Av Carl Frode Tiller
Regi: Maren Elisabeth Bjørseth
Scenografi og kostyme: Nora Furuholmen
Komponist: Gudmund Skjær
Med:
Mira Dyrnes Askelund, Julie Moe Sandø, Lina Hindrum, Kristoffer Veiersted og Erik Bauck Bårdstu

Observante og presise, og ikkje minst humoristiske betraktningar om korleis vi forheld oss til kvarande.

Carl Frode Tiller debuterte som dramatikar i 2007 med «Folkehelsa» som han skreiv for Trondheim Open, eit opplegg for presentasjon av ny dramatikk på Trøndelag Teater. Sjølv om dette var å rekne nesten som eit teaterstunt med særs kort prøvetid, blei resultatet framifrå, og vi som fekk gleda av å sjå oppsettinga, forstod at Tiller ikkje berre er ein særs dyktig romanforfattar med ei uvanleg emne til å sjå og fortolke menneskesinnet, men faktisk også ein dyktig dramatikar. Nå er «Folkehelsa» sett opp att, denne gongen på Nord-Trøndelag Teater i Tillers heimfylke, og torsdag var det premiere i Stjørdal.

Carl Frode Tiller har gjennom romanane «Skråninga» og «Innsirkling» synt seg som ein forfattar med uvanleg god innsikt i menneskesinnet. Dette er også kjennemerket ved «Folkehelsa», men i langt meir humoristisk lei enn i romanane. Vi får presentert eit lite familiedrama i form av eit særs tett og intenst kammerspel mellom ekteparet Silje og Egil, dei to mødrene deira og Egils bror, Trond. I Nora Furuholmens stilfulle scenografi som effektivt illuderer eit vellukka ektepars smakfulle husvære, får vi presentert ein familie som slit med å snakke saman. Alt er andres feil, dei psykologiserar kvarandre og legg skulda på framferd og veremåte på foreldra. Samtalane går rundt og forbi kvarandre og dei fem på scena kommuniserer ikkje på noko vis. Slike samlivsdrama er det mange av, og temaet er godt kjend. Det spesielle med «Folkehelsa» er at teksten er så intelligent og ikkje minst humoristisk. Den som ikkje kjenner seg att i Tillers særs observante og presise betraktningar, har aldri levd i nærleiken av andre menneske. Du sit heile tida og kjenner deg att, skjemmest litt og ser deg sjølv i det spegelbildet Tiller held opp. Her er rollespel, hersketeknikkar, verbalt forsvar og åtak i ein tett dialog utan eit einaste kvileskjær. Og det er faktisk utruleg godt å kunne le av seg sjølv.

Maren Elisabeth Bjørseth frå Stjørdal (der premieren var), er ein relativt nyutdanna regissør som for eitt år sia imponerte meg med regien på «Runddans» på Trøndelag Teater. Ho har eit særeige blikk for detaljar, og gjennom framifrå personinstruksjon har ho i denne framsyninga laga eit særs tett kammerspel nesten utan daudpunkt. Det starta kanskje litt trått, og det tok litt tid før vi kom inn i settinga. Men då var det også gjort. Utan daudpunkt og med perfekt timing presenterer ho eit kvardagsleg familiedrama dei fleste både kan le av og kjenne seg att i. Særleg er spelet og dialogen mellom Silje (Mira Dyrnes Askelund ) og Egil (Kristoffer Veiersted) intenst, velspela og humoristisk teater på sitt beste.

(Meldinga stod i Klassekampen laurdag den 25. april 2015.)

Leave a Reply