Storslagent og forførande

IDYLL?: Portrett av ein lukkeleg familie, men i bakgrunnen ventar Anschluss, naziregimet og ein dramatisk flukt. FOTO: GT NERGAARD

 

TEATER 

The sound of music
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II
Manus: Howard Lindsay og Russel Crouse
Omsett av Ragnar Olsen
Regi: Ronny Danielsson
Musikalsk leiar/arrangement: Åsmund Flaten

Scenografi: Rikke Juellund
Kostyme: Annsofi Nyberg
Koreografi: Roger Lybeck
Lysdesign: Thorsten Dahn
Lyddesign: Siril Gaare
Med: Silje Lundblad, Øyvind Brandtzæg, Hans Petter Nilsen, Helle Ottesen m. fl.

Det er ei sann nyting å sitje i teatret og kjenne at ein blir skikkeleg forført.

Verkeleg godt teater kan stundom vere heilt forførande, og røre ved kjensler du ikkje visste du hadde. Før premiera på «The sound of music» på Trøndelag Teater laurdag, må eg villig vedgå at eg ikkje trudde at dette ville bli noko anna enn nok ein relativt velspela og underhaldande musikal frå eit teater som har gjort denne sjangeren til eitt av sine varemerke. Lite ante eg at eg i heile første akt måtte ta meg i å svelgje gråt og tørke tårer. For dette var forførande teater av aller beste merke.

Rodgers og Hammersteins musikal frå 1959 fekk evig liv med filmen frå 1965 som sette publikumsrekordar over heile verda, og der Julie Andrews song seg inn i alle hjarte. Historia handlar om den litt utradisjonelle og songglade novisa Maria Rainer (Silje Lundblad) som ikkje får opptak i klosteret, men som i staden blir guvernante for dei sju borna til den noko firkanta marinekaptein Georg von Trapp (Øyvind Brandtzæg). Ho kjem til ein ganske dysfunksjonell familie der mørkret har senka seg og musikken forstumma etter at fru von Trapp døydde nokre år tidlegare. Maria opponerer mot den militære oppsedinga, innfører leik og musikk og vinn sjølvsagt unganes hjarte. Og etter kvart også Georgs. Ei tilsynelatande søtsuppehistorie med skikkeleg happy ending. Men her er eit historisk bakteppe som gir ekstra dimensjonar. Vi er i Austerrike rundt Anschluss i 1938 og Georg von Trapp er noko så uvanleg som ein glødande austerriksk antinazist. Når han nektar å stille til teneste for den tyske marinen, er helvete laus, og heile familien må flykte.

Historia er sann, og verda har diverre ikkje gått så mye framover på 75 år. Men eg trudde likevel at forteljinga om Trappfamilien hadde blitt litt utdatert. Der tok eg feil. I Ronny Danielssons stramme regi og Rikke Juellunds symboltunge, men tidvis litt rigide scenografi, har Trøndelag Teater laga ei storslagen oppsetting der alt klaffar. Nærare tretti aktørar, seks av dei barn, spelar eit utal roller med raske skift, god koreografi, særs bra spel over heile lina, uvanleg god diksjon, og framifrå songprestasjonar. Det er ei teknisk krevjande oppsetting, men her fungerer alt perfekt frå lydkøyring til manuelle sceneskift. Spesielt imponerande er personinstruksjonen på dei yngste barna som sjølvsagt alle er amatørar. Som ein parafrase over Marias pedagogikk, har dei fått lov å vere speleglade ungar med smittande humør. Dei sjarmerer oss i senk. Det gjer også nonnekoret leia av ei strålande opplagt abbedisse  (Helle Ottesen). Musikken og songane til Rodgers og Hammerstein står seg forbausande bra, og sit lenge att som ein god ettersmak. Åsmund Flaten har ansvaret for musikalske arrangement, og er ein myndig leiar av orkesteret på tolv som har fått synleg plass på ein mesanin på bakscena.

«The sound of music» er blitt ei underhaldande og forførande framsyning, tidvis litt sjølvironisk slik at ho aldri blir sentimental eller spekulativ. Oppsettinga er eit enormt kollektivt løft, men likevel først og fremst Silje Lundblads store forteneste. Eg har sett Lundblad i et utal musikalar, men her gjer ho si største rolletolking nokon sinne. Inderleg, ekte, truverdig, særs nærverande, men likevel diskret, og med ein stemmeprakt det vil gå gjetord om.

(Meldinga stod i Klassekampen tysdag den 24. mars 2015.)

Leave a Reply