Det stygges estetikk

MONSTRØS: Når Dr. Frankenstein omsider innser konsekvensane av vitskapen sin, er det ikkje mye vitskap att. FOTO: MARIUS FISKUM

TEATER

Frankenstein
Nordland Teater, Hovudscena
Av Nick Dear, basert på romanen av Mary Shelley

Omsett av Mikkel Bugge
Regi: Øystein Ulsberg Brager
Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Musikk: Pål Moddi Knutsen
Maske/sminke: Julie Clark
Lysdesign: Johan Haugen
Lyddesign: Frode Fridtjofsen
Med: Rune S. Løding, Kingsford Siayor, Hanna-Maria Grønneberg m. fl.

Ei sanseleg og vakker oppsetting om det som er stygt og annleis, og om menneskeverd og store etiske spørsmål.

«Frankenstein», alle skrekkhistoriers mor, er tilsynelatande godt kjend, men i røynda berre som omgrep. Det er i alle fall to feilaktige oppfatningar og myter om historia. Ei er at Frankenstein er monsteret, og ho er like gal som ho er rett. Den andre er at det namnlause vesenet er eit monster. Nordland Teaters framsyning er særs tydeleg på at slik er det ikkje. Kven som er det eigentlege monsteret får vi kome attende til.

Romanen om Frankensteins monster blei skrive av den då attenårige Mary Shelley som eit veddemål med nokre av Englands beste poetar for 200 år sia. Historia er etter kvart blitt ikonisk og mor til ein heil sjanger. Ho er filmatisert eit utal gongar og gjennom 150 år er det gjort endå fleire sceneadapsjonar. Nordland Teater byggjer på Nick Dears dramatisering frå 2011 som blei sett opp på The National Theatre i England, og der Frankenstein og skapnaden alternerte i rollene for å streke under at skilnaden på dei to kunne vere eit ope spørsmål.

Victor Frankenstein (Kingsford Siayor) er vitskapsmann og ved hjelp av anatomiske eksperiment med lik greier han å skape eit vesen (Rune S. Løding) som både med utsjånad og veremåte skremmer slik at Frankenstein vel å forlate han. Hundsa og trakassert tar skapnaden seg fram gjennom livet til han møter ein blind mann (Andreas Kolstad) som ikkje har same fordommar som vi sjåande, og som difor ser menneskelege kvalitetar og lærer skapnaden å snakke og lese og gir innføring i verdslitteraturens meistre. Han er framleis like stygg, men gjennomgår ein metamorfose berre den blinde kan sjå. Når andre kjem til, går det som det må, og skapnaden flyktar vidare. Han har eit kjensleliv, vil oppleve kjærleik, og leitar opp  Frankenstein for å få laga ei kvinne han kan elske.

Det er mye å fortelje, og Øystein Ulsberg Brager har litt problem med det narrative som kan bli noko oppramsande i opninga. Men frå møtet med den blinde blir alt greiare. Brager har laga ei særs vakker og sanseleg framsyning der nyskriven musikk og lydkulisser av Pål Moddi Knutsen skapar dei rette stemningane, men der først og fremst scenografien set standarden. Bård Lie Thorbjørnsen syner her at han kan lage komplisert og særs innhaldsrik minimalisme eigna for turné. Eit enkelt glashus, ei portabel dreiescene og utsøkt lysbruk skapar minst eit femtital forskjellige scener med imponerande synkrone skift. Mange ulike roller for eit lite ensemble, og gjennomgåande godt spel. Men Rune S. Løding må framhevast som skapnaden. Det stygge, spastiske og valdelege vesenet går gradvis gjennom ei forvandling til ein heilskapleg og indre vakker person som er til å forstå og identifisere seg med. Ei fysisk krevjande rolle, men først og fremst utfordrande med å få fram alle fasettane.

Det finst eit utal mogelege tolkingsmodellar for «Frankenstein», og i Nordland Teaters oppsetting er det rom for mange av dei. Tukling med skaparverket, framandfrykt, teknologiskepsis og miljøproblematikk. Men særs tydeleg og som eit gjennomgåande mantra ligg det etiske spørsmålet om menneskeverd og vondskap der Rune S. Løding steg for steg syner oss skapnadens indre skjønnheit, og at det kanskje er Dr. Frankenstein som er det verkelege monsteret.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 16. mars 2015.)

Leave a Reply