To ulike univers

ASTRONAUT: Christopher vil bli astronaut og tek oss med på ei reise inn i eit anna univers. FOTO: ARILD MOEN

TEATER

Det merkelege som hende med hunden den natta
Teatret Vårt, Molde
Av Simon Stephens, fritt etter ein roman av Mark Haddon

Omsett av Jon Fosse
Regi og bearbeiding: Trond Lie

Scenografi: Thomas Bjørnager
Illustratør; Mari Watn
Lys- og videodesign: Jonas P. A. Fuglseth
Med: Axel Gehrken Bøyum, Nasrin Khusrawi, Bjørnar Lisether Teigen, Nina Andreassen, Vivi Sunde, Anne E. Kokkinn, Lars Sørbø og Hugo Mikal Skår

Ei rørande og gjennomarbeida oppsetting med ein uvanleg overtydande debutant i hovudrolla.

Mark Haddons betseljande roman frå 2003, dramatisert av Simon Stephens for tre år sia, går nå sin sigersgang på scener over heile verda. I Jon Fosses gode omsetjing var det norgespremiere på Det Norske Teatret i fjor. Nå har den rørande historia om Christopher også hatt premiere på Teatret Vårt i Molde. Og eg må vedgå at all skepsis eg måtte ha etter å ha sett den framifrå produksjonen i Oslo i fjor blei feid til sides. Teatret Vårt har gått sin eigen veg og laga ei gjennomarbeida og velspela oppsetjing som er komplett i alle ledd, men som eg først og fremst vil hugse fordi hovudrolla er den mest overtydande scenedebuten eg har sett på mine 37 år som teatermeldar.

Christopher (Axel Gehrken Bøyum) er 15 år, to månadar og tre dagar gamal, heilt avhengig av klokka si, forstår ikkje metaforar, er blotta for empati, ikkje i stand til å lyge, men har eit uvanleg talent for matematikk, statistikk og logikk. Han er ikkje som oss andre, vil bli astronaut og vitskapsmann, og lever på mange vis i ei heilt anna verd. Gjennom ei bok han har skrive sjølv, tek han oss med på ei fabulerande reise inn i sitt eige univers. Det er ei historie med uendeleg mange lag, og som verkeleg rører ved oss som menneske.

I det ytre er det forteljinga om ein gut som finn hunden til naboen drepen på ein bestialsk måte, og som deduktivt og rasjonelt går til verks for å finne mordaren, berre for å vikle seg inn i og avdekke lite hyggelege sider ved sin eigen familie. Det er Christopher som både er forteljaren og hovudpersonen, og i hans verd er alle vi andre ganske rare og uforståelege. Difor blir dei mange ulike personane rundt han berre statistar i forteljinga hans, med unnatak av læraren Siobhan (Nasrin Khusrawi), som vekslar mellom å lese frå boka hans og å gå inn i handlinga som mentor, og den einaste som verkeleg forstår.

Trond Lie har, saman med scenograf og teatersjef Thomas Bjørnager, laga ei stilisert oppsetting der rekvisittane og hjelpemidla blir til under vegs, og der publikum villig blir med på å fantasere fram kulisser. Ved ein utsøkt og sinnrik bruk av projisering av alt frå matematiske formlar til strekteikningar av hus og omgivnader, greier dei å skape og omskape eit utal scener. Det er elegant, og det er artig, og står godt til den varme humoren som framsyninga er gjennomsyra av. Godt ensemblespel, små morosame gags, og ei sjarmerande lita metascene i opninga av andre akt gjorde det heile ekstra underhaldande.

Men først og fremst er dette ei særs rørande historie om kva som er mogeleg sjølv om du tilsynelatande lever i ei heilt anna verd. Heile oppsettinga kviler hundre prosent på at Christopher blir truverdig presentert. Mange vil hugse Axel Gehrken Bøyum frå NRKs dramaserie «Øyevitne» i haust der han spela ei av hovudrollene. Bøyum er berre 19 år gamal og har inga formell teaterutdanning, men gjer her ein scenedebut det vil gå gjetord om i lang tid framover. Ei særs krevjande rolle med uendeleg mye tekst blir formidla så intenst, levande, sjarmerande og profesjonelt at her snakkar vi om eit skodespelartalent av dei heilt sjeldne. 

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 9. februar 2015)

 

Leave a Reply