Mange dyr i Arken

VANSKELEG: Skal dei rike hundane hjelpe påfuglane, eller blir dei berre rundlurte og fråstolne alt? FOTO: GT NERGAARD

TEATER  

Påfuglen
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Tyra Tønnessen og Jovan Pavlovic
Manus: Tyra Tønnessen og ensemblet
Regi: Tyra Tønnessen
Komponist og musikalsk leiar: Jovan Pavlovic
Scenografi og kostyme: Dagny Drage Kleiva
Koreografi: Tor Ivar Hagen
Lysdesign: Eivind Myren
Lyddesign: Anders Schille
Med: Kathrine Thorborg Johansen, Jon Lockert Rohde, Henriette Marø, Marianne Meløy, Herbert Nordrum m.fl.

Ein underhaldande, men litt uferdig familiemusikal om oss og dei andre.

Tyra Tønnessen hadde stor suksess med kultmusikalen «Rock’n Roll Wolf» på Trøndelag Teater for fire år sia. Nå har ho både skrive og regissert ein ny familiemusikal, og som førre gongen har ho tatt utgangspunkt i dyreverda. Saman med musikar og komponist Jovan Pavlovic har ho laga ei surrealistisk oppsetting som med skarp politisk satire tar opp spørsmåla om oss og dei, om tigging og økonomiske flyktningar. Oppsettinga har undertittelen «en urettferdig musikal», men er nok snarare ein litt uferdig musikal.

Konseptet er ein parallell til Orwells «Animal farm» der ein gjennom dyrehistorier kan seie noko om menneska. Vi er i eit fuglerike der gribben herskar og der det er mange fargerike fuglar med ulike meiningar. Påfuglane er litt på sida av samfunnet, tek ikkje del i arbeidslivet, går ikkje på skule og blir, ikkje utan grunn, skulda for å stele frå og lure dei andre. Påfuglmor (Kathrine Thorborg Johansen) slit med å finne mat og husrom for dei to borna sine, og i desperasjon dreg ho til det langt meir fargelause hunderiket som er byråkratisk, kaldt og søkkrikt. Ein treng ikkje særleg fantasi for å sjå kva Tønnessen siktar til.

Starten er lite lovande med ein alt for lang intro om fugleriket der det er vanskeleg å sjå om dette er menneske eller fuglar, og der det ei stund ser ut til å kunne bli litt pinleg, politisk korrekt teater. Men så får vi eit blikk inn i det i utgangspunktet langt mindre spennande hunderiket der vi møter labradoren og dotter hans (Herbert Nordrum og Marianne Meløy) og ei vise om urettvisa, så skarpt observert og godt formidla at tablået blir ei lita framsyning i framsyninga. Frå då av er det langt lettare å bli sjarmert og underhalde. Og når labradoren seinare, i møte med ein stivfrossen påfugl, blir utfordra av dottera si, sit tårene laust. Undervegs blir vi konfronterte med våre eigne haldningar på eit intelligent og humoristisk vis. Det beste ved det heile er at Tønnessen berre reiser spørsmål utan å gi fasit, og slik viser oss at dette er vanskelege tema sjølv om det ikkje skadar å syne litt varme.

Framsyninga blir presentert på to parallelle plan der dei minste i salen får ein fargerik dyrefabel, medan dei vaksne får skarp og underhaldande politisk satire. I form er dette ei heseblesande og tidvis heilt surrealistisk historie med mye humor frå slapstick til intelligent vidd, og med nydeleg, stemningsskapande og særs mangefasettert musikk frå balkansk og klezmerinspirerte låtar til rein rock and roll. Songprestasjonane er gjennomgåande gode, og denne gongen er både diksjon og lydkøyringa framifrå. Det dyktige orkesteret tek aktivt del i handlinga, og teatrets vanlege kapellmeister, Åsmund Flaten, syner store komiske talent.

Dagny Drage Kleiva har laga ein scenografi som særs effektivt vekslar mellom dei to landa,  og deira ulike klima på alle nivå, og der ein skal vakte seg vel for ikkje bokstaveleg talt å falle gjennom. Det er raske og synkrone sceneskift og det relativt vesle ensemblet skiftar roller og kostyme i eit imponerande tempo.

«Påfuglen» er ei litt uferdig oppsetting med relativt store dramaturgiske problem i første akt. Men sjølv om det tidvis går over stokk og stein, greier ho likevel å sjarmere og underhalde samstundes som ho reiser heilt vesentlege spørsmål utan å mate oss med fasitsvar.

 (Meldinga stod i Klassekampen måndag den 26. januar 2015.)

Leave a Reply