Den eigentlege sanninga?

VALET: Er forsoning mogeleg, er avretting det enklaste, eller...? FOTO: KETIL BORN

TEATER 

Døden og piken
Nordland Teater, Mo i Rana
Av Ariel Dorfman
Omsett av Kjell Risvik
Regi og scenografi: Terje Skonseng Naudeer
Lyd: Frode Fridtjofsen
Lys: Nils Chr. Hansen

Med: Kirsti Torhaug, Per Graffman og Terje Ranes

Eit intenst og nådelaust drama om sanning på mange ulike nivå.

Kva skjer i dei skjøre demokratia etter år med undertrykking, tortur og vilkårlege drap? Blir resultatet forsoning eller hemn, og kan den nådelause sanningssøkinga bli eit tviegga sverd? Sør-Afrika og Chile freista båe med sanningskommisjonar, og med vekslande hell. Alt dette og mye meir er det den amerikanske dramatikaren Ariel Dorfman, med bakgrunn i både Argentina og Chile, drøftar i «Døden og piken», eit psykologisk drama som blir utspela på mange ulike nivå, og som i Nordland Teaters nøkterne oppsetting blir ekstra tett og intenst.

Vi er truleg i Chile etter 17 år med Pinochets brutale militærjunta. Advokaten Gerardo Escobar (Per Graffman) er nett oppnemnd som leiar for sanningskommisjonen som skal etterforske drap og forsvinningar. Han er gift med Paulina Salas (Kirsti Torhaug) som blei fengsla, mishandla og torturert av juntaen, men som greidde å halde ut og ikkje avsløre Gerardo, og dermed berga han frå fengsling. Men prisen var dyr, og alt frå første akt møter vi ei sterkt traumatisert kvinne. Så dukkar legen Roberto Miranda (Terje Ranes) tilfeldig opp. Og sjølv om Paulina med bind for augo aldri såg torturistane sine, kjenner ho att Roberto gjennom røysta hans, lukta og meir til. Ho er overtydd, Roberto nektar og Gerardo er i tvil om kona har rett. Så startar dramaet.

I eit uvanleg nake scenerom utan andre rekvisittar enn to stolar og ein pistol gir Terje Skonseng Naudeer oss eit nærgåande og nådelaust innblikk i tre personars lagnad og livsløp. Strippa for ytre staffasje blir det eit drama der ordet, replikkane og spelet står i sentrum. Framsyninga er bygd opp som ei rekkje tablå, og manglande scenografi blir kompensert med gode lydkulisser. Presentasjonsforma set store krav til skodespelarane, men gjer også at vi i salen blir dregne tettare inn i handlinga. Sceneskifta er ikkje alltid like saumlause, og oppsettinga har litt startproblem med mye som skal forteljast. Men når vi kjem til dei djupaste personlege forholda, Paulinas vitnemål, Gerardos tvil og legens monolog, er dette intenst og gripande teater på sitt beste, med sterke skodespelarprestasjonar, og der særleg Kirsti Torhaug imponerer i presentasjonen av alle dei ulike fasettane hjå den øydelagde Paulina.

Ytre sett er dette ei historie om tre konkrete personar og deira store og problematiske val. Men i Naudeers regi er dei tre også ålmenngjort til å representere offeret, overgriparen og den humanistiske rettsstaten. Slik blir handlinga løfta opp på eit meir prinsipielt nivå, og ettersom vi aldri får hundre prosent prov for at legen verkeleg er torturisten, sjølv om vi nok trur det, gjer det at alle tre på sine vis kan ha rett. Kva er den verkelege sanninga, finst ho, og er det alltid lurt å finne henne? Men sanninga blir dagleg utfordra også i mikrokosmos, og her får vi òg innblikk i eit ekteskapleg drama fullt av kvite løgner. Slik blir «Døden og piken» ei aktuell oppsetting med mange lag, og ei intens og gripande teateroppleving.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 19. januar 2015.)

Leave a Reply