Tru utan tvil

VISUELT: I eit kaldt og symboltungt landskap møter vi ein nesten like kald Brand. FOTO: ERIK BERG/DET NORSKE TEATRET

TEATER

Brand
Det Norske Teatret
Av  Henrik Ibsen
Omsett av Edvard Hoem
Omarbeiding og regi: Kjetil Bang-Hansen
Scenografi og kostyme: John-Kristian Alsaker
Lysdesign: Torkel Skjærven
Med: Svein Tindberg, Agnes Kittelsen, Britt Langlie, Mads Ousdal, Paul-Ottar Haga, Ingvild Holthe Bygdnes, Jon Bleiklie Devik m. fl.

Ein kompromisslaus og fanatisk Brand i ei uvanleg visuell og symboltung oppsetting, men utan synlege referansar til dagens religiøse og politiske fantastar.

Mot bakteppet frå dei siste dagars hendingar i Paris, og med aukande merksemd om religiøs fanatisme, skulle ein tru at ei framsyning av Ibsens «Brand» kunne bli meir aktuell enn på lenge, men slik blei det ikkje i oppsettinga som hadde premiere på Det Norske Teatret på fredag. Det er i staden blitt ein særs visuell og relativt velspela produksjon som er tru mot det ålmenne i Ibsens tekst, men i langt mindre grad gjer han tidsaktuell. Og i Edvard Hoems dyktige omsetting er det tatt godt vare på både rytmen og den bundne forma i originalen.

Presten Brand er den fullstendig kompromisslause som ikkje skyr noko i si tru på Gud. Dette er den pietistiske arven frå Luther i sin ytste konsekvens, og her er ikkje mye plass til nådens og kjærleikens gud. Brands credo «inkje eller alt», fører til det eine nederlaget etter det andre der både mora, sonen og kona døyr frå han, og der han til slutt står heilt åleine utan korkje familie eller kyrkjelyd før han i finalen blir tatt av eit snøras. Då Ibsen skreiv «Brand» i 1866, såg nok både han og publikum mange positive trekk i den kompromisslause presten, medan ein etter meir enn hundre år med både religiøs og politisk fanatisme av ulike slag legg langt meir kritisk haldning i tolkinga.

Eg er uviss på kva Kjetil Bang-Hansen ønsker å seie med denne framsyninga. Saman med scenograf John-Kristian Alsaker har han laga ei særs visuell oppsetting der scenografien i stor grad er ein parafrase over Jan Groths uttrykksfulle og vakre sceneteppe, og der strekane i teppet blir eit symbolsk uttrykk for korleis livet til Brand og folka rundt han er motsetnadsfylt og nærast sprekk frå kvarandre. Saman med utsøkt lysdesign gjer dette framsyninga vakker og visuelt symboltung. Alt dette er tydeleg og godt formidla, men sjølve handlinga byr på større problem. Bang Hansen har skore kraftig i manus, men utan å sløyfe for mye av innhaldet. Det har ført til at ein god del blir ganske uforståeleg om ein ikkje har lese teksten eller sett tidlegare produksjonar. Det kjem stadig nye generasjonar teaterpublikum, og det skal ikkje vere naudsynt å ha masse  bakgrunnskunnskap for å forstå handlinga, spesielt ikkje i eit så narrativt drama som «Brand».

Typegalleriet er stort, men dei fleste rollene er meir representantar for ulike idear og retningar enn heile menneske. Unnataket er legen (Paul-Ottar Haga) som byr på truverdig, jordnær og alternativ tenking. Men det er Brand (Svein Tindberg) og hans uforsonlege og kompromisslause tru dette handlar om. Han er sta og streng med både seg sjølv og andre, og  berre i samspelet med Agnes (Agnes Kittelsen) ser vi forsonande trekk og ørsmå tilløp til tvil. Svein Tindberg er ein dyktig skodespelar som fyller rolla som Brand med stor autoritet og innleving. Trass i at han er om lag dobbelt så gamal som den Brand vi er vande med å møte, og utan at eg kan sjå at Bang-Hansen har freista å gjere noko ut av det, eller forklåre den store aldersskilnaden på Brand og Agnes, gir Tindberg oss ei truverdig tolking. I eit fargelaust og kaldt  ytre og indre landskap syner han oss kva som skjer med eit menneske som er så absolutt i alt sitt vesen.

(Meldinga stod i Klassekampen måndag den 12. januar 2015.)

 

Leave a Reply