Det gode mennesket frå Vingrom

EKTE: Jan Erik Berntsen syng jula inn og tek samstundes eit verdig avskil med sitt store publikum. FOTO: LASSE BERRE

TEATER

 

JEB-SHOW
Trøndelag Teater, Gamle scene
Regi og konsept: Mads Bones
Musikalsk leiar: Kyrre Havdal
Med: Jan Erik Berntsen, Hallbjørn Rønning, Ingrid Bergstrøm, Mads Bones, Su’udah Berntsen og ulike gjestar frå kveld til kveld.

Dette er korkje teater, show eller glatt underhaldning, men ein skodespelar som kler seg nådelaust naken og raust byr på seg sjølv og livet sitt.

For femti år sia kom ein ung mann frå Vingrom til Trondheim for å lære å bli skodespelar. Dette var i teatersjef Victor Husebys tid då det ennå var slik at ein ved einskilde teater kunne «gå i læra» for å bli scenekunstnar. Jan Erik Berntsen var ein framifrå songar, hadde utsjånaden med seg, og etter kvart blei han også ein utmerka skodespelar. Med unntak av nokre gjestespel her og der og eit fire års sjølvpålagt eksil på Bali, har han blitt på Trøndelag Teater der han har medverka i meir enn 130 produksjonar. Julaftan blir han 70 år, og etter femti år i Thalias teneste takkar han nå av med sitt eige førjulsshow; «JEB-SHOW» på Gamle scene der han har fylt så mange ulike roller opp gjennom åra.

For den som har levd ei stund, og har sett TV heilt attende i svart/kvitt-tida, vil kanskje namnet «JEB-SHOW» vekkje minner. I 1970 hadde Berntsen sitt eige show på NRK i beste sendetid der han saman med ulike gjestar song og underhaldt nasjonen der vi benka oss rundt fjernsynet for å sjå kva statskanalen kunne by på laurdag kveld. Mange av innslaga frå 44 år attende ligg nå ute på YouTube, og kan vekkje gode og nostalgiske minne for nokon og ein kvar. https://www.youtube.com/watch?v=DY_myTbejYg

Nå har altså teatersjefen gitt han høvet til å ta eit verdig avskil med sitt store og lojale publikum, og saman med mannen sin og tre gode kollegaer har Berntsen laga eit lite førjulsshow som ei blanding av talkshow og rein juleunderhaldning. I Mads Bones’ regi er dette blitt ei merkeleg og temmeleg sjangeroverskridande framsyning som er korkje det eine eller andre, og som knapt nok er spesielt godt teater, men som likevel er så ekte, så inderleg, og ikkje minst så raust at det berre er å gi seg over. I ein underleg miks får vi presentert video-opptak av den unge sjarmørsongaren avløyst av den noko eldre, men framleis spill levande og like velsyngande Berntsen, kora og supplert av Mads Bones, Ingrid Bergstrøm og Hallbjørn Rønning, av smalltalk i sofaen leia av ein Mads Bones som syner talent også som talkshow-vert, av ulike julesongsviskar, salmar og etter kvart av eit særs ope, raust og nesten privat intervju med jubilanten der han utan blygsel fortel om ganske skilsetjande episodar i livet sitt. Og særleg om korleis det som skulle bli ein eittårs flukt til Bali, blei fire år med både privat og storpolitisk dramatikk som nok var langt alvorlegare enn det han har formidla på noka scene. Djupt personleg, men altså utan å bli privat, kanskje nettopp fordi Jan Erik Berntsen er så hundre prosent ekte, let han oss få sjå inn i og bakom skodespelaren, og kler seg nådelaust naken. 

Jan Erik Berntsen har alltid vore ein framifrå songar, og fekk altså berre 26 år gamal eige show på NRK. I årets framsyning fortel han at det resulterte i brev frå Lillebil Ibsen om at han burde kome seg unna dette showet fordi popmusikken  kunne øydeleggje for skodespelarkarrieren hans.  Og litt sanning var det nok i dette. For Berntsen har alltid vore sett på som songar, enterteinar og musikalartist, og i mindre grad som karakterskodespelar. Men for oss som har fått følgje han gjennom mange av desse åra, for mitt vedkomande frå «Skeiv» i 1980 fram til «Bedrag» av Pinter i fjor, veit vi at her er det ein dyktig og allsidig skodespelar med eit langt større register enn som så. Men kanskje først og fremst er det ein stor og raus ensemblespelar, ein som spelar for laget, og som gir av seg sjølv for å gjere andre gode.

I røynda var det dette «JEB-SHOW» handla om. Det var kollegaers og gode veners hyllest av ein scenekunstnar som etter 44 år endeleg får sitt eige show igjen. Og i ei førjulstid der mange artistar promoterer seg sjølv med overflatiske kyrkjekonsertar og eg veit ikkje kva, var det godt å bli invitert inn i noko ekte. For i Jan Erik Berntsens avskilshow var det ikkje berre populærmusikk og glatt underhaldning, men ekte og inderleg vare frå ein varm og god skodespelar. Frå det gode mennesket frå Vingrom.

 

Leave a Reply