Stått opp på ny

MAGISK: Den scenografiske løysinga, som i finalen gir illusjon av både bratte fjell og snøskred, er heilt magisk. FOTO: GT NERGAARD

TEATER

Når vi døde våkner
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av Henrik Ibsen
Regi og bearbeiding: Tyra Tønnessen
Scenografi og kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Lysdesign: Eivind Myren

Lyddesign: Siril Gaare
Med: Kai Remlov, Renate Reinsve, Hildegunn Eggen, Endre Hellestveit, Wenche Strømdahl og Jan Frostad.

Ei velspela, konsentrert og særs visuell oppsetting som aldri sluttar å overraske.


«Når vi døde våkner» frå 1899 er det siste dramaet Ibsen skreiv, og medan dei tidlegare «nutidsdrama» var prega av realismen, er dette eit meir psykologisk spel som varslar overgangen til fin de siècle og modernismen. Stykket har også mange sjølvbiografiske trekk, og kan på visse område lesast som den aldrande Ibsens oppgjer med seg sjølv og sine kunstnarlege val. Professor Arnold Rubek (Kai Remlov) er ein verdsberømt kunstnar som etter det store gjennombrotet med skulpturen «Oppstandelsens dag» nå går noko på tomgang. Han er gift med den langt yngre Maja (Renate Reinsve), nærast eit tidsfordriv slik livet også er blitt for Rubek. Medan dei ferierer ved ein badeanstalt, dukkar Irene (Hildegunn Eggen) opp. Ho var modell for Rubeks store verk, men då det var ferdig, forlét ho han. Etter kvart forstår vi at Rubek var hennar store kjærleik, medan han på si side ofra alt for kunsten. Parallelt med at Rubek og Irene finn att både kvarandre og fortida, får vi eit uvanleg direkte og ope oppgjer mellom Rubek og Maja, og endeleg dukkar ein forførande villmann av ein bjørnejeger (Endre Hellestveit) opp og dreg Maja med seg til fjells. Intrigen er nesten som ein såpeopera, og Ibsens tekst meir enn tenderer mot det melodramatiske. Det er difor mange grunnar til at dette stykket ikkje er blant Ibsens mest spela.

Tyra Tønnessen har gått brutalt til verks, skore ned alt utanomsnakk, men utan å miste essensen, konsentrert seg om dei verkeleg eksistensielle konfliktane og samtalane, og saman med scenograf Bård Lie Thorbjørnsen og lysdesignar Eivind Myren laga ei særs visuell og ganske fysisk oppsetting der dei nyttar det store scenerommet på hovudscena for alt det er verd. Dei mange barna i Ibsens ulike drama er stort sett statistar og kulisser. I teksten til «Når vi døde våkner» er dei i røynda berre irriterande bakgrunnsstøy. Men Tønnessen har tatt dei fram og nyttar dei som aktive element som illustrerer og kontrasterer det daude livet Rubek lever. Det same, men med motsett forteikn gjeld diakonissa (Wenche Strømdahl) som er blitt ei stilisert og symboltung kulisse meir enn ein person. Mange slike særs heldige regigrep ved sia av god personinstruksjon og eit uvanleg dyktig ensemble, er med på å gjere denne produksjonen så vellukka, trass i ein vanskeleg tekst. Men scenografi, lys og storformatet ber også ein vesentleg del av suksessen. Bård Lie Thorbjørnsen har nytta absolutt heile scena inklusive sidescenene til å lage eit enormt landskap med vatn og steinar som saman med Eivind Myrens like gode lyssetting gir visuelle opplevingar, mange og fine rom for spelet, og som i tillegg byr på ei rekkje overraskingar. Den særs stiliserte finalen der velkoreograferte barn, store draperi, nærast genial spegelbruk og lyssetting greier å illudere snøskredet, var eit lite kunstverk i seg sjølv.

Tyra Tønnessen har med denne produksjonen gitt nytt liv til eitt av Ibsens minst spela drama. Ved å skjære bort alt uvesentleg og samstundes gjere bruk av utsøkte visuelle hjelpemiddel og særs dyktige skodespelarar, har ho gitt oss ei tolking av «Når vi døde våkner» som er blitt både overraskande og opplevingsrik.

 (Meldinga i ein litt forkorta versjon stod i Klassekampen måndag den 15. september 2014.)

 

Leave a Reply